Klassisk forteljing i metainnpakning

Debutant Ola Jostein Jørgensen har forfatta eit detektiv-eventyr blanda med infotainment for litteraturinteresserte.

Foto: Aschehoug

Plotet er relativt enkelt, det handlar om ein litteraturinteressert hovedperson og hans gode venn Marco som har ein felles lidenskap, nemlig å finne ein skjult skatt av ei bok som dei titulerar «Klassikeren». Det einaste dei veit er at boka er forfatta av Prado Climavis, og at den tredje boka hans var ferdig printa, men ein brann førte til at det berre er rundt eit dusin eksemplarar av «Klassikeren» i omløp. Undervegs treff dei mystiske karakterar som også er ute etter den samme boka. Noko urovekkande for dei to boksamlarane er faktumet at dei som har vore i besittelse eller involvert i «Klassikeren», enten har seld, eller brent opp heile litteratursamlinga si. Mistar ein interessen av litteratur etter ein har lest boka?

Dette overordna plotet har formen til ein detektivhistorie. Ein får små hint undervegs som ein av og til kan gjette svaret på, før karakterane, bekreftande, oppdager det sjølv. Jørgensen klarar likevel å helde på spenninga heile vegen, samstundes som dei noko klisjéfylte karakterane har eit humoristisk preg over seg. Det at karakterane er så satt er ikkje eit minus, nettopp fordi Jørgensens bok er mykje meir enn berre ein kort kriminalforteljing.

Litteratursnop
Det fins andre, kanskje viktigare element i denne boka forutan sjølve forteljinga som ein må trekkje fram. Hovedpersonen sjølv er i tillegg til å vere manisk oppteke av «Klassikeren», også litteraturskribent for litteraturmagasinet «Bibliofilia». Utdrag frå hans artiklar i dette magasinet vert spreid jevnt utover heile boka. Her får me utvida bekjentskap med kva bakgrunn denne myteomspundne boka har, noko som støtter opp om hovedforteljinga, men etterkvart får me fleire kritiske utdrag om litteraturen generelt:

«I beste fall, i enkelte ekstreme tilfeller, blir de største og mest suksessrike forfatterne lest av kanskje 5% av den lesekyndige befolkningen Disse tilfellene betegnes som sensasjoner og inntreffer kanskje en gang hvert femte år»

Fleire dystopiske beretningar om litteraturens virke og bruksområder vert sementert i Jørgensens bok gjennom forteljaren. Desse små litteraturrelaterte dryppa gjer at boka får eit visst meta-preg. Utan at det behøver å vere negativt.

Drømmebibliotek
Etterkvart som forteljinga nærmar seg klimakset vert litteraturens ubetydelighet sementert både med fleire drypp frå tidskriftet Bibliofilia og små eventyrberettingar om fiktive og fantastiske bibliotek. Sistnevnte er for meg, det aller beste med boka; kvart kapitel byrjar med ei skildring av eit nytt bibliotek; bibliotek som svevar, får plass i lomma, labyrintbibliotek, eller bibliotek som er laga av voks:

«Hvert skrifttegn er rispet inn med en tynn nål, og sidene oppbevares i trerammer, ikke ulike de birøkterne benytter i bikubene [...] i alle fall har det seg slik at bygget der biblioteket befinner seg om sommeren blir svært varmt, voksen blir myk og bokstavene viskes ut. Hver høst begynner bibliotekarene å skrive biblioteket på nytt».

Fleire referansar
Språket i boka er ikkje akademisk, men «pent», eit språk som passar boknerden som har forteljarstemma. Dei mange referansane går av og til over hovudet på underteikna, men ein tydeleg referanse fins det, nemlig til Don Quijote. Og denne er gjennomgåande. Kvart kapitel byrjar med eit kort referat om kva som skal skje rundt neste sving:

«Tredje kapittel – Hvor en auksjon overværes, en bok kjøpes, og tre menn iakttar hverandre mens en kvinne forlater rommet».

Eg trur dei som er over gjennomsnittet interessert i litteratur og dei som berre vil ha ein god historie vil like dette bokeventyret som Jørgensen har gitt ut. Eit aber er at forteljinga verkar litt for simpel, plotet er berre ramma rundt alle dei interessante digresjonane. Historien kjennes ut som det minst viktige. Slik sett er ikkje Klassikeren så folkelig i uttrykket som ein kanskje skulle tru etter innleiinga, og kanskje for spesielt interesserte. Ola Jostein Jørgensen har sin største styrke i dei lange skildringane, noko eg kunne tenkje meg å lese meir av.

 

Klassikeren
Ola Jostein Jørgensen
2011
Aschehoug