Litteratursymposiet i Odda er ei fornøyeleg reise uansett korleis programmet er. Det er kjekt å få litterært påfyll, med trykk på fyll. Som det å sjå Noregs litterære kulturelite – passe skeiv i skøytene på Hardanger Hotel. Her står blant anna Espedal, Solstad, Grytten, Alvarez, Ravatn og Renberg – med forfattarstudentar frå Bergen og Bø på slep. Studentane svolten på suksess i søken etter tips frå «tipsy» forfattarar. Det er rart å gå blant eliten og kjenne på frykt og avsky blanda med ein merkeleg respekt for dei animerte forfattarane. Samstundes er det kjekt og fascinerande.
Bråk
Det er fyrste gongen eg har vore på symposiet i Odda. Forventningane mine vart innfridd, men ikkje meir enn det. Festivaltemaet var «Bråk», noko det var lite av, det vart litt halvhjerta med «Oddarockens historie» og «Bråk i SK Brann» som alibi. Symposiet er sers avhengig av faste programpostar med litterære høringar, opplesingar og forfattarsamtalar på scenen. Kvar er bråket i gata? Overraskingane? Det er for lite sprell utanom dei fastsatte punkta. Dette kan sjølvsagt ha med begrensa midlar å gjere, men det er nok mange som ville jobba/bråka gratis for eit festivalpass. Eg vil sjå ein gorilla som overfallar folk med lyrikk. Men det er fyrste gongen eg har vore her, og det er kanskje for sprelsk for den linja symposiet har lagt seg på.
Anekdottar i øyrene
Nokre av programpostane var forutsigbare. «Litterær høring» i Oddas kommunehus, med Arild Linneberg som ein slags streng dommar som skulle avhøre Dag Solstad om kvifor han ikkje elskar Ibsens «En folkefiende» – skulle nok tendere til å vere eksperimentelt, men er ikkje det. Sers ikkje når Linneberg ikkje klarar å få til ein skikkelig dialog sidan han er for knytta til manus. Det vert tidtrøyte når Linneberg ikkje verkeleg lyttar til det Solstad har å seie (sjølv om Solstad ikkje er verdas enklaste å intervjua, og har ein aversjon mot å stå for nære mikrofonar).
Det forbausar meg at Linneberg ikkje er meir vågal og spontan i desse høringane. Han er kjent for å skilje seg ut med sine smarte, men samstundes upretensiøse tekstar i akademia. Når han i tillegg drar tre av dei same anekdotane som han fortalde dagen før (torsdag 13.10) på ein samtale om Georg Johannessen, vart det meir interessant å studere kommunestyrets skrivebord. Der låg det ei skummel nissemaske. Eg tykkjer Arild Linneberg bør ynskje seg nye anekdotar til jul.
Høgdepunkt
Det er ikkje meininga å svartmåla symposiet i Odda, litteraturfestivalen har også mykje bra. Høgdepunktet var definitivt Litterær heilaften på fredagen, med opplesingar av Frode Grytten, Tore Renberg, Lars Ove Seljestad, Marit Eikemo og Tomas Espedal. Fulgt av eit intervju med Jan Erik Vold og Pedro Carmona-Alvarez som utspørjar. Sesjonen vart avslutta med eit show av Vold der han blant anna framførte ei ny versjon av janteloven til stor forlysting for publikum.

Jan Erik Vold framførte ein ny versjon av Aksel Sandemoses jantelov til stor glede for publikum på "Litterær heilaften".
Frode Gryttens bikubegang inspirert av den velkjende romanen Bikubesong er også verdt å ta med. Me blir med forfattaren på essensielle referansepunkt henta frå romanen. Det har blitt ein tradisjon på symposiet i Odda og vel verdt å få med seg. Grytten er alltid vittig og det er til tider latterkrampe hos publikum som vert med på turen frå murboligen i Odda.
Til forskjell frå Arild Linneberg verkar Grytten utømmeleg på anekdotar, noko som også synte seg i fotballdebatten «Bråk i Brann» på fredagskvelden. Grytten står fram som medgangssupportar, hatar at Brann sigrar og fortel blant anna at Herman Friele ikkje visste kva «innbyttar» var for noko. Ordstyrar Aslak Sira Myhre fekk trent lattermusklane til det helseskadelege, underteikna vart på eit tidspunkt redd for at Myhre skulle segne om og praktisk tala døy av latter.
Sjølv om eg saknar litt meir galskap og sjangerbryting, overskuggar høgdepunkta nedturane på Litteratursymposiet i Odda. I tillegg er ein som student meir vane med musikkfestivalar, slik sett er det også befriande.
Alt i alt er det freistande å kjøre dei svingete vestlandsvegane tilbake neste år.
Foto: Knut Strand og Magnus Romslo Lindvik.


