Det er fredagskveld i Stjernesalen på Kvarteret. Dei fleste studentane har for lengst gløymt alt av skule og bytta bøker ut med alkoholeiningar. Nokre bord skil seg derimot ut, her står ølglas og PCar om einanna. Dette er Pils & Programmering.
Det heile byrja med Nils Norman Haukås og Torstein Thune, som er masterstudentar i informasjonsvitenskap. Dei sat å programmerte med ei flaske øl i handa, og idéen slo dei. Ein Facebook-event blei laga og dagen etter møtte det opp ni personar.
− Det er det ein kallar respons! Og det var jo så lett, berre å lage ein event, seier Haukås. Pils & Programmering var født, og sidan då har dei hatt fast oppmøte kvar fredag. Kjernetida er frå fire til åtte, men folk kjem gjerne før og sit heile kvelden, og jobbar med eigne prosjekt. Dei er ikkje organiserte, sjølv om spørsmålet har kome opp.
− Det er litt skummelt, plutselig blir nokon tvungen til å vere sjef, seier Haukås. Han og Thune har lite til overs for administrering og vedtektet, og vil heller sjå kor enkelt dei kan halde det og framleis vekse. Dei er berre på Facebook, og sjølvsagt i Sjernesalen, på fredagar. Ønsket om å vere synlege og eksponere seg sjølve gjer at dei ikkje leiger rom.
Lav terskel
Foreløpig er det hovudsakleg masterstudentar som møter opp på fredagskveldane, men det er svært lav terskel for oppmøte. Dei legg vekt på at det ikkje er noko krav til kunnskap og folk med lite IT-kunnskapar blir tatt vel imot.
− Veldig ofte sit vi der og lærer oss nye ting, som vi ikkje har greie på, seier Haukås. Det er meir sosialt enn krav til kunnskap. Når det er så avslappa atmosfære er det mykje lettare å spørje om hjelp. Viss det er noko du ikkje skjønar, så sit det gjerne ein ved sidan av som har peiling, legg Thune til.
Mangelen på jenter rundt bordet gjer at eg må spørje, er dette ein gutteklubb?
− Innen IT blir det fort gutteklubb. Dei jentene vi kjenner som er IT-folk har jo vært innom, svarar Thune.
− Femten gutar og tre jenter er eigentleg bra, ler Haukås.
Lidenskap for læring
Kva er det som får dykk til å fortsette med skulearbeidet når dei fleste tek helg?
− Det vert ein slags lidenskap. Men det er også utruleg gøy. Ein får heile tida ei ekstrem meistringskjensle når ein stadig flyttar grensene for kor mykje ein kan om eit språk, seier Haukås og legg til:
− Eg blir veldig motivert av det sosiale. Eg gjer ein ting og det blir sett av mine fagfellar. Ja, det er vel lidenskap. Dei vurderer sterkt å få i gong eigne prosjekt. Men er veldig påpasselege med å halde det leikent og avslappa, slik at det er lav terskel for å bli med. Foreløpig er det ikkje noko samarbeid mellom programmerarane. Haukås og Thune trur det er fordi det er mest masterstudentar der endå, og dei jobbar gjerne med masteroppgåvene sine. Når det blir kommentert at det eigentleg berre er meir skule etter skuletid svarar Thune:
− Ei masteroppgåve er gjerne ikkje berre skule, det er noko du er veldig interessert i og har lyst å jobbe med. Så då blir det skule og hobby i eit. Slik det er no sit folk og jobbar med oppgåvene sine og får tilbakemelding frå kvarandre.Men plutselig kan nokon tenke: kunne ikkje vi funne på nåke? Og slik ser Haukås for seg at det kan dannast småfirma ut av at dei sit rundt bordet og lagar ting, og drikk øl.
Lone-coders unite
Håpet er å få dei programmeringsinteresserte ut av heim og lesesal, og til å møtast på kafé.
− Det er mange som sit aleine med datating, og det kan fort bli ganske einsamt, seier Thune og legg til at: − Det er eit ganske stort IT-miljø i Bergen, men dei sit litt på kvar sin kant og veit ikkje heilt om kvarandre, og vi veit heller ikkje om dei. Så kanskjevi kunne fått litt betre kopling mellom dei forskjellege IT-miljøa. Dei ser verdien i at folk frå forskjellege skular samlast og den kollektive mengda av kunnskap som følger.
− Det er så mykje talent. Folk sit med så mykje kunnskap, men sel seg så billig, seier Haukås. Thune fortel om sin sommarjobb i 2011 for konsulentselskapet Reaktor der han brukte to månadar på å lære seg ny teknologi til å lage ein applikasjon, til standard sommarlønn. Som eit resultatet av hans arbeid la Reaktor inn eit anbud på over ein million kroner til eit anna firma. − Eg har på ein måte gjort det firmaet litt rikare, ler Thune. Det er slike historier som inspirerer dei, og som får dei til å tenke at dei kan klare å få til ting på eiga hand. − Eg ser for meg det kan bli ein slags Silicon Valley effekt, seier Haukås. Han viser til dalen i San Francisco Bay området som samla ei stor klynge av folk med forskjelleg IT-kompetanse ut over på 1990-talet. Denne dalen la grunnlaget for vårt informasjonssamfunn, og kan skryte på seg både Hewlett-Packard og Apple.
Loading bar
Utan maksimumsinntak på øl er det opp til kvar enkelt oppmøtte å sørge for at dei ikkje drikk for mykje til å gjere det dei skal. Dei støttar seg på ei teikneseriestripe som oppgir den magiske promillegrensa:
− Ved 0,14 i promille får vi overmenneskelige programmeringsevner, men med ein gang du går litt over er det rett ned igjen, illustrerar Haukås med handbevegelsar og lydeffektar. Den kallast Ballmer-konstanten etter Steve Ballmer, som er leiar i Microsoft. − Han er ganske gal, skyt Thune inn. Dei er opptatt av kombinasjonen alkohol og data. Ein av dei fyrste litt meir ville idéane dei leika med, var å starte ein eigen bar. Med 500 likes på Facebook tenkte dei at dei hadde nok publikum til å starte opp. Der skulle vere prosjektvisning i baren med grøne lys som viser prosjekta sine ferdighetsprosentar, og Starcraftkonkurransar på TV. Dei er overbevist om at det hadde vore eit marked for det.
− Det er eit stort undergrunnsmiljø for Starcraft og programmering i Bergen, seier Thune. Dei viser til ein event på HiB, «Barcraft», som viste ei live overført turnering med kommentatorar, og då var lokalet heilt fullt.
Draumen
I eit filosofisk hjørne forklarar Haukås at det er ein leik med snev av seriøsitet. − Som dyr leikar for å få trent opp overlevelsesevnene sine så leikar vi med programkode og «enkle» programmeringsprogram. Vi leikar for å bli gode til å lage ting, og kor vert det av den millionen liksom? Kanskje den er rett rundt hjørnet
Så det er det som er draumen, å tene mykje pengar?
− Draumen er å ha nok pengar til å programmere det eg vil, svarar han, men er rask med å understreke at det ikkje nødvendigvis betyr mykje pengar.




Tilbaketråkk: Welcome dear time traveler | Pils & Programmering
Tilbaketråkk: For those who want to start a Pils & Programming | carpe terram