/
4 min lesetid

Medias etiske grense

Muhammad- karikaturar, Je Suis Charlie og paparazzi-jaginga av prinsesse Diana skapa alle debatt om grensene til media og såleis grensa på ytrings- og pressefridommen. Media skal beskytte individ og grupper, men krenker like ofte.

Tekst: Elise Løvereide
Illustrasjon: Gaute Handelsby

Den fjerde statsmakt, folkets talerøyr, kritisk vaktbikkje. Media har mange viktige samfunnsfunksjonar, som å vere informerande, overvakande, kommenterande, rettleiande og underhaldande. Med basis i demokrati, trykkefridom og ytringsfridom skal media «beskytte enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentleg statsmakt, institusjonar, private føretak eller andre.» Om Per ikkje får den hjelpa han har krav på frå NAV, eller viss Ingunn ikkje får sjukeheimsplass, skal media altså sete kritisk søkelys på dei offentlege instansane. Deretter er det opp til lesarane å gjere opp si eiga meining i saka.

Vær Varsam- plakaten er dei etiske normene norsk presse bør, men ikkje må, følge. Presseetikken frå denne plakaten er korkje juridisk eller rettsleg, så i prinsippet er pressa uavhengig frå både domstolar og styresmakt. Punkt 1.4 i Vær Varsam- plakaten summerer opp medias funksjonar ganske presist: «Det er pressa si rett å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressa si plikt å sete eit kritisk søkelys på korleis media sjølv fyller si samfunnsrolle.» Å vere kritisk til eigen og andre mediums roller er altså ei plikt, men igjen, ikkje ei juridisk plikt.

pressens-etiske-grense-gra

PFU – klageinstansen til pressa

For nokre veker sidan var eg på kurs i etikk og journalistikk, held av professor Svein Brurås ved Høgskulen i Volda. Han trakk fram fleire døme på saker som har vorte klaga inn til Pressens Faglege Utval. PFU er eit kontrollorgan av pressas eigne, og som behandlar klagene. Dersom PFU finn at saka har brote Vær Varsam- plakaten, fell dei avisa eller kanalen; men det får ingen konsekvensar utover at avisa eller kanalen må nemne fellinga, og på den måten mister truverd. Dette er nokre av døma på saker som har blitt klaga inn til PFU – og som skildrar både gråsoner og etiske utfordringar:

– Ein lite kjend politikar i Bergens bystyre blir mistenkt for å nytte handikap- parkering, trass i at det er hans kone, og ikkje han sjølv, som skal nytte handikap- parkeringa. Bergens Tidende snikfotograferte mannen, overvaka han medan han køyrde, og ringde så kona på heimetelefonen for å høyre om ho var i bilen. Då ho svara, la dei på røyret. Ekteparet klagar inn saka til PFU, men får ikkje medhald.

– Ei kvinne i 20- åra lurer på kven far hennar er, men får ingen informasjon frå mora. Då ho brukar media til å leite etter faren, klagar mora saka inn til PFU for å ha offentleggjort og krenka privatlivets fred. Mora meiner ingen har noko med kven ho hadde samkvem med på den tida; PFU meiner den unge kvinna har rett til å bruke ytringsfridommen sin til spørje etter far sin.

– Ei mor går til avisa med si historie om korleis borna har forlate ho til fordel for faren. Kvinna blir anonymisert, men avisa blir likevel fella av PFU for mangel på tilsvar.

– Ei lokal avis i Bergensområdet skriv at ein fotballtrenar i tjueåra har utøva vald mot ein av gutane på øving. Mannens bror klagar saka inn til PFU for mangelfull anonymisering, feil alder (han var berre 18 år), og feilinformasjon om at trenaren var sikta, som ikkje stemte. Saka blei fella av PFU for sistnemnde, med særleg vekt på at mannen ikkje hadde fått moglegheit til å forsvare seg mot skuldingane.

«Ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk»

Som døma viser, er det mangel på tilsvar som oftast fører til felling av PFU. Når ein person, gruppe, bedrift eller organisasjon blir skulda for noko, er det altså vesentleg at dei får høve til å forsvare seg – som plakaten seier: «Pressa har eit særleg ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.» Medieomtala kan nemleg øydelegge både levebrødet og ryktet til nokon. Særleg derfor er det Vær Varsam – plakaten seier: «Ord og bilde er mektige våpen – misbruk dei ikkje.»

Den første saka fekk ikkje medhald trass i at Vær Varsam- plakaten tydeleggjer korleis ein intervjusituasjon skal vere klar ovanfor kjeldene. Det er avisa si ytringsrett å påpeike maktmisbruk og lovbrot frå ein som er vald inn av folket. I tillegg har saka ei større samfunnsrelevans, noko som veg inn til avisas fordel. Dette argumentet blei også nytta i det andre dømet: Det er relevant for fleire i samfunnet at mange born leiter etter foreldra sine, sjølv om ein kan forstå mor sitt argument om privatlivets fred.

Både vernar og krenker

I prinsippet er rommet for kva media kan skrive, veldig stort. Etter eigen erfaring som journalist, er det ingen uvanleg oppleving at folk ein ringer seier: «Her har du ikkje noko sak». Mange prøver å halde informasjon unna media, og mange liker ikkje det ein skriv. Men det er redaksjonen som har rett til å avgjere kva som er ei sak: «Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkefridommen og offentlegheitsprinsippet. Den kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgjenge til kjeldene.»

Dette gjelder også grensa mellom journalistikk og reklame: Å la sine kjelder nytte media som eit middel til marknadsføring, er å la dei legge føringar for pressa si sjølvstende. Trass i dette bryt bloggarar og dameblad denne norma konsekvent – noko som fører til nye debattar om kven normene gjelder når nye medium oppstår.

Å kritisere makta

Pressa utgjer kanskje det viktigaste uttrykket for ytringsfridom. Men denne retta inneber også å måtte ta ansvar for konsekvensa av ytringane. Diskriminerande eller hatske ytringar mot nokon kan ikkje forsvarast med ytringsfridom. Media skal i all hovudsak kritisere makta, og å avdekke maktmisbruk. Kven som har makt, varierer. Politikarar, kongehus, bedrifter og organisasjonar sit på både pengar, ressursar og makt til å endre samfunnet og å påverke andre. Også idear har makt: Politiske, religiøse og sosiale ideologiar må jamt kritiserast i eit demokrati.

Pressa si oppgåve blir derfrå å la fleire synspunkt komme til uttrykk, sjølv om det krenker menneske undervegs. Det er til dømes forskjell på å kritisere ein muslim og det å kritisere islam, der sistnemnde er ein mektig religion og ideologi, kanskje til forskjell frå førstnemnde. Likevel kan Muhammad- karikaturane oppfattast både som respektlause og lite naudsynt for den enkelte muslim sin identitet. Og jaget etter prinsesse Diana som fullstendig krenkande mot hennar privatliv. Grensa for kva slags journalistikk som held seg innanfor den etiske grensa, er derfor ein debatt som går føre seg i mediehusa kvar einaste dag, og som heller aldri må ta slutt. Ein ting er i alle fall sikkert, det er at ytringsfridom ikkje kan eksistere utan media som talerøyr.

Kjelde:

http://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

To av elleve millioner

Neste artikkel

På ein ny stad