På ein ny stad

Det pratast ofte om einsemd, og kanskje særleg om at studentar er einsame. Sjølv har eg aldri følt meg så åleine som den første natta på ein ny stad.

Tekst og foto: Elise Løvereide

Ein augustdag i 2011 køyrde pappa og eg til Kristiansand i ein fullstappa bil. Eg hadde med meg dyne, toalettsaker, klede, skrivesaker og pyntegjenstandar. Då vi kom fram til kollektivet var eg den første studenten som hadde kome. Leiligheita var ikkje heilt som forventa, men elles OK. Pappa hjalp meg med å lesse av tinga mine på rommet, og så måtte han køyre igjen.

Den natta var grusom. Det var ein laurdag kveld, og eg var heilt åleine. Berre uker i forvegen hadde eg treft ein gut eg likte, som hadde invitert meg ut denne laurdagen. Men der og då følte eg at eg måtte førebu meg til første skuledag på universitetet. Der eg satt for meg sjølv i det heilkvite, tomme rommet angra eg på at eg ikkje drog dagen etter. Skulen byrja ikkje før på måndag.

Plutseleg var eg i ein heilt framand by der eg ikkje kjente nokon. Eg visste ikkje kvar næraste butikk var; kvar sentrum låg; kvar kollektivet mitt låg i forhold til skulen. Tinga mine var nedpakka i esker og posar. Alle venane mine heimefrå var ute på fest. Eg låg hikstande i fosterstilling heile natta, på ei seng utan laken. Aldri har eg følt meg så einsam og åleine i verda.

Eg trur mange kan kjenne seg att i dette. Anten ein flyttar til ein ny stad for å jobbe, studere eller av andre grunnar, kan ein føle seg utruleg einsam i starten. Samstundes er det modig av folk å gjere det, og ikkje berre flytte til stadar der ein kjenner nokon frå før. Ofte drar mange frå same gjeng til ein ny plass, og held seg med denne gjengen på den nye staden.

Det var omtrent dette som skjedde då eg to år seinare flytta til Bergen. Saman med guten eg trefte sommaren 2011, flytta eg til Bergen i 2013, og hadde mange vener i byen frå før. Og sjølv om eg har blitt kjend med mange nye menneske, er det vi Stavanger- jentene som held mest kontakt. Desse Stavangergjengene er det fullt av både i Kristiansand og i Bergen elles. Det blir omtrent som når norske pensjonistar flyttar til Spania for så å berre henge med andre nordmenn.

Vi menneske likar stabilitet og tilhøyrsle; og mange av oss følar ubehag ved forandringar. Forandringar er skremmande, nytt, framand. Omgjevnadane blir totalt forvandla og ein er plutseleg i ei heilt anna sosial rolle. Kanskje er det noko liknande innvandrarar kjenner på kroppen når dei kjem til nye land. Plutseleg får dei ein anna status enn dei hadde i sine heimland. Alt ein har bygga opp, må byggast om att.

Mange fortel om einsemd, både studentar, innvandrarar – som er vande med gjestfridom og omgjengelege naboar – og eldre. Kanskje er det på tide å erkjenne at einsemd er eit samfunnsproblem, eit folkehelseproblem? Det viktigaste er å hugse på at det blir betre. Dagen etter mi fyste natt i Kristiansand, kom òg dei andre bebuarane i kollektivet. Eg fekk raskt nye vener på Universitetet, ikkje minst ei orientering i byen sin geografi. Sommarflørten blei til kjæresteforhold, og tida i Kristiansand vart til gode minne eg tar med meg vidare.

Likevel kan eg ikkje la vere å tenke på om det finst nokon der ute som kjenner den sterke kjensla av einsemd kvar dag. Dei som ikkje får nye venskap, dei som ikkje opplever å få tryggleiken tilbake. Der følelsen av nederlag og ekskludering blir til vonde minne som vanskeleg kan fjernast. Vit at du var modig som prøvde. Gå tur, les bøker, sjå filmer. Skaff deg Besøksvenn, eller eit kjæledyr. Og vit at det mest sannsynleg går over. Du er ikkje åleine i verda, sjølv om det følast slik der og då.