Kva hende med musikken?

Før laga punkband og rapparar samfunnskritiske og politiske tekstar.  I dagens mainstream-musikk høyrer vi stort sett om ”billige” kvinner og sjuke festar. Har musikken mista sjela si?

Tekst: Elise Løvereide
Illustrasjon: Vivian Lynghjem

Den nye komiserien «Unbreakable Kimmy Schmidt» handlar om Kimmy, som har vore fanga i ein bunker i femten år. Då ho i fridom skal feire bursdag, styrer romkameraten festmusikken. Men når Kimmy høyrer den moderne musikken, utbryt ho: «Kvifor spelar du den same songen om og om igjen? Kan du ikkje i det minste spele musikk med ord?»

Litt sånn føler eg det med dagens musikk. Etter at eg som femtenåring byrja å høyre på Queen, Pink Floyd, og deretter Led Zeppelin og Nirvana, har eg sidan aldri klart å forlate musikken frå desse tiåra. Eg gjekk riktignok over til å høyre på metalband som framleis er aktive, som Opeth, Darkseed og Anathema. Men sjølv desse har etter kvart erstatta den heavy metalen med mjukare lyd.

Nokre metal- eller grungeband har gått over til indierock eller elektronika, til dømes det norske bandet Ulver. Coldplay har gått frå alternativ rock til ein slags radiovennleg elektropop. Growling i metalband forsvinn, og rockebarar er i mindretal. Punken si tid er også over. Den har blitt erstatta med diskomusikk laga på ein datamaskin.

Tekstane betyr noko

Mange lurer på kvifor eg har lagt min elsk på metalmusikken, og då svarer eg ofte at eg set pris på gode tekstar. Det no oppløyste stavangerbandet Theatre of Tragedy har til dømes skrive dette, i sin song And When He Falleth:

«Might I too was blindfoldéd ere,

«The quality of mercy and absolution,

Tho’ years have master’d me

Whence cometh such qualities?

A masque of this to fashion:

Build thyself a mirror in which

Seer blest, thou best philosopher! »

Solely wanton images of thy desire appear! «

Sjarmen med metalsjangaren er at ein undrer på kva dei syng, og vokalen kan såleis bli som eit musikkinstrument. Dette er tekstar og sangar som har blitt skrive av èin eller fleire i bandet, og ikkje av eit team på femten personar.

 

 ”Musikk er blitt noko ein høyrer i bakgrunnen, og ikkje lenger noko ein lyttar til.”

 

Underhalding, ikkje kunst?

Før laga punkband og rapparar samfunnskritiske og politiske tekstar. Queen Latifah, Sex Pistols og 2pac kritiserte samfunnet, klasseskiljar og rasisme. Framleis har vi metalband som skriv tekstar om krig og urettferd – til dømes System of a Down, Rage Against the Machine og Lamb of God. Men desse er i mindretal. I mainstream radiomusikk høyrer vi stort sett om billige eller sexy kvinner, ofte på ein sjuk fest:

«Baby, this is what you came for

Lightning strikes every time she moves

And everybody’s watching her

But she’s looking at you, oh, oh

You, oh, oh, you, oh, oh

You, oh, oh, you, oh, oh

You, oh, oh, oh, oh»

Dette kjem frå Rihanna og Calvin Harris i This Is What You Came For, ein av dei mest populære sangane så langt i 2016. Resten av teksten i denne sangen er stort sett heilt likt utdraget ovanfor. Men det finst heldigvis artistar i dag som har tatt seg god tid til å komponere både låt og tekst. Samfunnskritikken som musikken ein gong nytta ytringsfridomen sin til, forsvann tilsynelatande ut av mainstream musikk ein gong på 90-talet.

Sakn etter den musikalske sjela 

Alle har ulike forhold til musikk. Pappa kjøper CD med lyden av fyrtårn. Venninna mi høyrer på tyske slagarar. Mamma elskar å spele Mahalia Jackson på julaften. Musikksmaken er subjektiv. Den skal vekke reaksjonar, kjensler og minne. Og musikk har, som all anna kunst, variert kvalitet. Men no til dags kan det verke som om musikken er redusert til underhaldning. Musikk er blitt noko ein høyrer i bakgrunnen, og ikkje lenger noko ein lyttar til. Tekstane blir overfladiske, eller rett og slett meiningslause.

Det er vel ingen tvil om at det er pop og elektronika som dominerer radiostasjonane, barane og det offentlege rom elles. Har musikken mista sjela si? Vil fysiske musikkinstrument ein gong bli overflødige?  Eg lengtar etter den musikken som tok eit oppgjer med urettferd, og som hadde kunstnarisk kvalitet. Den som engasjerte lyttarane, og påverka deira syn på verda. Musikken som hadde ei djupare meining, og som ikkje berre eksisterte for å ha noko å feste til. Musikken som overlevde etter ein månad på radio, og som gjekk inn i folk sine hjarta, og blei der, år etter år.

Kasett_PNG