Løyndomar ved frokostbordet

 

Studentteateret Immaturus’ Ikke som en svømmer blir no sette opp på ein dansk teaterfestival. Her heime var det ei stygg hending som forma stykket.

Foto: Elise Løvereide/ Diana A. Wight

Ei ung kvinne og hennar samboar et frokost ein tidleg morgon. Begge har noko dei har lyst til å fortelje den andre, men ingen av dei klarer å setje ord på det. Difor sit dei berre der, og et.

Ikke som en svømmer handlar om dårleg kommunikasjon. Dei har mykje å snakke om, men får det ikkje til, fortel regissør Michaela Gettwert (23).

Sidan januar har ho jobba med teaterframsyninga, og regissøren blir også med når stykket blir sette opp på ILT-festivalen i Århus i november.

Løyndom og barndom

Ikke som en svømmer er basert på ei novelle av Mats Gravningsbraten, ein ung, lokal forfattar. 25. mars var premieredatoen i Bergen. I løpet av historia får vi eit innblikk i livet til det unge paret, samstundes med at vi får vite meir om deira fortid.

— Paret er i etableringsfasen, dei bur i sin første bustad. Kvinna har akkurat funne ut at ho er gravid. I staden for at dei snakkar om dette, tenkjer dei på problema dei har i livet. Kvinna er nervøs for kva mor ho vil bli, basert på psykisk vonde ting i sin eigen barndom.

Skodespelarane i stykket. Foto: Diana Wright

Skodespelarane i stykket. Foto: Diana Wright

Seinare i stykket får vi vite meir om mannen sin løyndom. Ingenting blir sagt rett ut, men sjåaren får innblikk i løyndomen gjennom små drypp. Han er pedofil.

— Novella er basert på Dark room-saka, der politiet avdekte eit nettverk av pedofile i Bergen. I den saka kom det fram at ein av mennene hadde ei gravid kone. Novella viser at ein pedofil kan vere kven som helst, seier teatersjef i Immaturus, Eirin L. Storesund.


Alt ligg mellom linjene

Ikke som en svømmer handlar likevel mest om kvinna. Ho merkar at noko er annleis med han, og at han kanskje undertrykker noko seksuelt. Kanskje er det difor ho vegrar seg for å fortelje om graviditeten.

— Ho stolar ikkje heilt på han. Det er likevel eit ope stykke, med ein open slutt, der alt ligg mellom linjene. Publikum får ikkje historia inn med teskei. Gjennom eit poetisk språk får vi vite kva dei tenkjer, gøymt inn i teksten.

— Kva trur de forfattaren vil med historia?

— Dei fleste skyr konflikt og har problem med å fortelje om store ting, seier Gettwert.

— Det kjem nok litt an på personen. Nokon peisar på, mens andre vegrar seg, seier Storesund.


Ein milestolpe

Ikke som en svømmer har berre tre skodespelarar; Hanna Elise Jozefiak (24), Victor Olsbø Skinlo (20) og Stine Revheim Svellingen (23). I november skal både skodespelarane, regissøren og teatersjefen reise til Århus, Europas kulturby 2017.

— Det er gøy å vere ein del av ein større kontekst. Alle blei glade og stolte av å gjere dette utanlands. Det er viktig å understreke at den førre teatersjefen skal ha mykje av æra. Ho jobba hardt for å danne eit samarbeid med festivalen gjennom to år, seier den noverande teatersjefen.

Teaterfolk frå heile Europa

Då stykket premierte i Bergen i vår, var nokon frå Danmark til stades. Dei likte det og ville ha det med på festivalen.

— Det er stas å vidareføre forestillinga til utlandet. Det er første gong i Immaturus si historie, så vidt vi veit. Det er ein milestolpe.

Til festivalen kjem det folk frå teater og scenekunst frå heile Europa. Og sjølv om mange studentar tar turen, er han ikkje ein studentfestival.

— Det blir ein smeltedigel av språk og kultur, men vi har ikkje omsett stykket til engelsk. Tilskodarane må dermed nøye seg med dei norske dialektane til skodespelarane, avsluttar teatersjefen.