4 min lesetid

ASMR: Imaginær stressforløysing

Ei prikkande kjensle spreier seg frå hovudet og ut i resten av kroppen. Kjensla blir trigga av lyder frå skraping, tapping, skriving eller kviskring. Brukarar av ASMR rapporterer om mindre stress, angst og søvntrøbbel, men fenomenet er framleis lite kjend.

Ein mann slår fingrane i bordet i ein slags rytme. Ei dame snakkar til deg som om du er hos frisøren, og barbermaskinen lagar 3D- lydar rundt hovudet ditt. Ein anna mann, denne med maske, kviskrar på eit uforståeleg språk som høyrast ut som ein song. Dette er typiske videoar av ASMR. ASMR står for autonomous sensory meridian response. ASMR speler på sansar og kroppsleg respons, kor videoane primært nyttast som hjelpemiddel til å få å sove og å stresse ned i ein hektisk kvardag.

Eit lite observert fenomen

Engelsk wikipedia (fenomenet har framleis ikkje ei norsk side) skildrar ASMR som eit «persepsjonelt fenomen karakterisert som ei distinktiv nytande sensasjon i hovudet, skallen, ryggen samt perifere kroppsdelar.» Målet er å vekke respons gjennom syn, lyd, lukt og kognitiv stimuli.

Sida poengterer òg at fenomenet er lite observert av forskarar, og at definisjonen av ASMR derfor er kontroversiell. Den austerrikske forfattaren Clemens Setz hevdar at ei notis frå boka til Virginia Woolf, Mrs Dalloway (1925), skildrar noko som liknar ASMR:

«’K… R…’ said the nursemaid, and Septimus heard her say ‘Kay Arr’ close to his ear, deeply, softly, like a mellow organ, but with a roughness in her voice like a grasshopper’s, which rasped his spine deliciously and sent running up into his brain waves of sound which, concussing, broke. A marvellous discovery indeed – that the human voice in certain atmospheric conditions (for one must be scientific, above all scientific) can quicken trees into life!»

Hjerneorgasme

Men det er ikkje berre kviskring som prydar ASMR- videoar på Youtube. Kloring, tapping, blåsing og lyden av skriving er alle gjengangare. 3D – lydar er eit verkemiddel som brukast i ASMR, som kan få lyttaren til å kjenne at den som kviskrar er rett framfor seg på ekte. I tillegg til 3D nyttast rollespel der nokre videoskaparar sjølv er skodespelar i eit «stykke». Handlingane er ofte daglegdagse scenario, til dømes eit besøk hjå legen, frisøren eller massøren. Sjølv om ein ikkje får massasje på ekte, rapporterer brukarar at ASMR reduserer angst, søvnproblemer og panikkanfall.

ASMR handlar altså om å slappe av, ikkje om seksuell nyting. På Psykologisk.no kallar Jan- Ole Hesselberg likevel ASMR for «hjerneorgasme». Han skildrar opplevinga si slik:

«Kriblingene starter for min del på toppen av hodet, alltid på høyre side. Derfra sprer kriblingen seg nedover høyre arm og høyre ben. Helt ut til fingre og tær. Følelsen er udelt positiv, og den starter tilsynelatende uten en tydelig utløser.»

Men dersom fenomenet viser seg å ha ein helseeffekt, kvifor er det då så lite kjend? Fleire engelsktalande medium har diskutert fenomenet ASMR, medan dei norske ser førebels ut til å henge etter. Unntaket er ei Typisk deg– episode frå TV Norge der Jan–Ove Hesselberg fortel om det.

Sovemiddel

«MassageASMR» har 314 925 abonnentar på Youtube. Han er ein slank mann med behageleg stemme. I videoane sine nyttar han mange av dei typiske trekka ved ASMR – som massasje, eit fiktivt legebesøk, eller ulike nærbilde av seg sjølv medan han dannar rolege lydar. Ephemeral Rift blir følgd av 192 697 personar på Youtube. I ein video heller han øl i eit glas, og legg mikrofonen til dei brusande lydane frå ølskummet.

Dei fleste som legg ut videoar er engelsktalande, og videoane varer stort sett mellom 20 og 90 minutt. Nokre viser naturlydar og maskerte skodespel, medan andre har fokus på menneskelydar, der ein til dømes krøllar saman ein pose. Målet er dog det same: Stress- forløysing, redusere angst, depresjon og sovevanskar. Gjennom å sjå og lytte til videoane, skal ein få kjensla av å vere til stades, og å bruke sansane sine fullt ut. Aila Eckhoff Sinobet frå Oslo vart tipsa om ASMR gjennom ei venninne. Ho tykte det var rart i byrjinga, og fekk inga kroppsleg respons, slik som venninna. Likevel nyttar ho ASMR hyppig:

– Det får meg til å slappe av, og hjelper meg å sove om kvelden. Når ein ligg i senga og begynner å planlegge morgondagen, så funkar ASMR ved at det tømmer hovudet for tankar. I kontrast til ein travel kvardag set det ting i orden.

Ukjend «internettgreie»

Kva videoar ser du på sjølv?

– Folk liker forskjellige typer lyder. Eg kan til dømes sjå nokon som fargelegg noko eller som sminkar seg. Det kan òg vere ein person som får pakke i posten, tar ut tinga og forklarer kva dei er. Sjølv liker eg å høyre med hovudtelefonar, då kjennest det ekte.

Kvifor trur du ASMR framleis er så ukjend i Norge?

– Eg veit faktisk ikkje, men det er lite kjend på generell basis. Og så er det vel nesten ingen i Norge som lagar ASMR- videoar. Eg har berre høyrd norsk éin gong, det same med tysk og italiensk. Men desse fekk førespurnadar frå sjåarane om å snakke engelsk.

Aila samanliknar ASMR med mindfullness og øvingar dei gjorde på dramalinja for å slappe av. ASMR blir ein fristad som bryt med utolmoda og det kjappe tempoet i dagens samfunn.

– Det handlar om kvardagslege ting, og det handlar om å ta seg god tid. Mange skriv på nettet at psykologane deira anbefaler ASMR, då det gjer ein lettare til sinns, og hjelper ein å flytte fokuset vekk frå ein stressande kvardag, seier ho.

Aila trur ASMR er noko mange ikkje veit at dei treng.

– Eg håper ikkje berre det er ei «internettgreie».

Videoen kan sjåast her. Illustrasjon: Christopher L. Harestad

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

Forskjellsbehandling på immigrasjonskontoret

Neste artikkel

Når håpet er døden – en anmeldelse av monologen «Zapffe» på DNS