1 min lesetid

Tak etter tak

Samviten hyller en idrett med litt kort-prosa:

Illustrasjon: Lone Aadnekvam

Eg held på stigen når eg trør ned i vatnet. Senkar kroppen min ned i kulda. Omringa av klor og plaskande føter. Eg ser meg om i rommet som rommar så mykje vatn. Alt dette vatnet og ikkje noko vin. Eg har ei obligatorisk oppgåve som venter heime og ikkje noko tinder-match på mobilen. Det kalde vatnet omkransar kroppen min heilt i det eg skyt fart ut frå kanten, strekker armane framover og fingertuppane mine skjærer gjennom den blå massen. Eit tak, to tak, vatn i nasen. Alle dei andre kroppane synes å berre flyge forbi meg. Dei veit ikkje kven eg er, men treig er eg i alle fall. Eg ristar tankane frå meg. Symjar fortare no. Meir bestemt. Armane og beina har endeleg fått beskjeden, og arbeidar i takt. Eit tak, to tak, eg kom før han kjekke i liten badetruse. Snur meg fort og gale når kanten kjem, sparkar med all mi kraft. Tankane svevar bort frå meg, legg seg ein stad der oppe med lydisolasjonen. Med symjebrillene mine ser eg på verda under meg. Flisene ligg langt der nede på botn. Trufaste og stille. Dei tek i mot plaster som folk symja av seg og virvlar saman hårstrå til små vesen som luffar rundt på botn. Eit tak, to tak, 1000 meter. Eg symjar forbi ho pene i knallraud badedrakt, symjar forbi sekundvisarane i klokka, symjar forbi stupebretta, symjar forbi stresset, symjar forbi kanten, symjar langt, langt ut på havet. Alt i kring meg er tåkete blått. Eg kan høyre ikkje på musikk. Kan ikkje multi-taska meg gjennom desse taka. Eg må berre fortsette. Symja lenger, symja jamnare. Vatnet dansar rundt meg. Blir trekt i alle retningar av dei symjande. Me berre fortsett. Ingen i same takt, ingen i same drakt, ingen som swiper til høgre sjølvsagt. Likevel er me ei forsamling. Solidarisk smett me unna dei sparkande føtene til kvarandre. Smiler matt ut i lufta, tek ein slurk frå ei vassflaske med avriven etikett. Me er berre symjande her. Utan namn, utan studie, utan tankar. Vesen som kjempar mot moder jord, prøver å få ho på same lag. Å symje med ho, ikkje mot. Eg går i garderoben, står under vatnet. Kjenner magen rumlar etter kveldsmat. Skal gå heim i skumringa, til eit kjøleskåp, men ingen armkrok. Eg kan væra min eigen armkrok. Eg daskar til dusjen så vatnet kjem på igjen. Alt dette vatnet, og ein sport som gjev meg pause i livet.

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

Møteulykker i norsk offentlighet

Neste artikkel

Anmeldelse: «Plutselig står jeg igjen med meg selv i hånden og ser utover byen»