Slik får vi kvinnene med!

Per i dag er kjønnsfordelinga i musikkbransjen grovt sett 80 prosent menn og 20 prosent kvinner. I Samvitens tidlegare artikkel Kvar er kvinnene? vert dette problematisert og potensielle årsakar og lausningar vart drøfta. Med artikkelserien Slik får vi kvinnene med! ønsker vi å sette fokus på korleis aktuelle kunst- og kulturscener i Bergen arbeider mot ei auka inkludering og eit større mangfald.

Kvar er spelejobbane?

I forbinding med artikkelen om den skeive kjønnsfordelinga i musikkbransjen tok Samviten ein prat med Eva Rowson, dåverande kurator for Landmark. Ho uttalte da at fråværet av kvinner i musikkbransjen er eit strukturelt problem. No har Rowson og kollegaen hennar Sofia Marie Hamnes teke saken i eigne hender med det nyutvikla konseptet Golden Jar: ”Det kan sjå ut som at menn som bookar er av den oppfatning at det ikkje finnes mange nok kvinner dei kan booke. Samtidig har vi møtt så mange kvinner som driv med musikk, og som opplever det som vanskelig å få spelejobbar – det er eit gap her, som vi ønskjer å fylle med Golden Jar.”  Noverande kurator for Landmark, Maria Rusinovskaya, ser på Golden Jar som eit veldig spennande konsept og ei viktig tilføying til det øvrige Landmark-programmet. “Eg satsar sterkt på å presentere ein rettferdig balanse av verk og prosjekt av og for kvinner, og eg ser derfor fram til det nye konseptet!”.

Talas harde bodskap

Det skrives og skrives om fråværet av kvinner i musikkbransjen, og mykje kan teljast og forklarast i tal og prosent. Men kven sitt ansvar er det eigentleg å gjere noko for å auke representasjonen av kvinner på kulturscenene? Da Samviten tidlegare møtte Eva Rowson påpekte ho at arbeidet mot ein 50/50 kjønnsbalanse på konsertscener og i utstillingsprogram er viktige bidrag for å gjere hardtarbeidande kvinner meir synlege. Ho poengterte samtidig at det i seg sjølv ikkje er nok. I følge henne bør fokuset heller ligge på det meir overordna strukturelle nivået, kor ein stiller spørsmål ved blant anna korleis arrangement organiserast. I arbeidet sitt på Landmark har ho og Sofia Marie Hamnes, produksjonsassistent på Landmark og økonomiansvarlig for Agenturet, sjølv hatt fokus på ein meir kjønnsbalansert line-up. Til tross for det arbeidet dei gjer med å få fleire kvinner på scena, viser statistikkane, til og med i Landmarks eige program, noko anna. I 2018 framførde totalt 750 artistar på Landmark: 453 menn, 293 kvinner og 4 ikkje-binære. Det er rett og slett eit fleirtal av menn som opptrer på scenene våre. Dette kan til dømes kome av at mange band har ein kvinneleg frontfigur, men at resten av bandet består av menn.

Ei gyllen moglegheit

Eva er tru til sine ord om at ”revolution is an everyday maintenance” når ho no saman med Sofia tek dette i eigne hender med Golden Jar. ”Golden Jar er eit rom for ny musikk, performance, eksperimentering og samarbeid, lagd for å støtte opp om artistar som er nyskapande på sine eigne premisser”. Med ein ny måte å tenkje arrangering på tilbyr dei med Golden Jar ein trygg plattform for unge artistar, kunstnarar og forfattarar – særleg kvinner og ikkje-binære. Ein låg terskel for deltaking og ei oppfordring til prøving-og-feiling ligg til grunn for arrangementet og gjennomsyrer alle ledd: i organisering, promotering og marknadsføring; for både teknikarar og artistar. ”Vi erfarer at mange kvinner og ikkje-binære opplever at verkene deira ikkje er gode nok til å vises fram for eit publikum. Til samanlikning verker det som terskelen for å dra med kameratane sine inn i kunst- og konsertscena i Bergen er låg. Kjenner du ein som er DJ og han likar musikksmaken din kan du plutseleg sjølv stå på scena under neste gig.”. Dette er ikkje det einaste viktige fokuset i Golden Jar-konseptet. ”Vi vil at Golden Jar skal vere eit sosialt møtepunkt for alle som er involverte i arrangementet. Til dømes ønskjer vi at ein fast del av arrangementet skal vere eit felles måltid mellom lydprøve og konsert for artistar, teknikarar, produsentar, DJ-ar billettseljarar og plakatopphengarar. Til Golden Jar #1 har vi i tillegg invitert nokre eksterne som òg har promotering av kvinnelege artistar i Bergen som eit fokus i prosjekta sine. Slik kan vi høyre om kvarandres prosjekt og hjelpe kvarandre vidare.”. Med nettverksbygging mellom artistar og teknikarar skal Golden Jar føre til at langsiktige samarbeid oppstår, også utanom desse spesifikke arrangementa. Kanskje er det nettopp slike bærekraftige aspekt – der enkeltarrangement blir springbrettet for nye vennskap og samarbeid – som må til for at eit meir inkluderande og mangfoldig kulturliv kan vokse fram.

 

Det første arrangementet i Golden Jar-serien skjer på Landmark i kveld kl. 21.00

4_GoldenJar_PosterBWgold

FOTO: Solå av Isak Andersen