1 min lesetid

I møte med veggen

Samviten hyller en idrett med litt kort-prosa:

Illustrasjon: Marianne Nydal

Plutseleg er du over heile verda. Med kalkpuss i ansiktet har du akkurat overvunne veggen. Tærne er bøygd og pressa ned i nokre alt for stramme sko. Alt er nødt til å sitte heilt fast. Det skal være som limt på kroppen, akkurat slik som du skal være limt inn til veggen. Sjølv om blemmene på fingrane svir er rusen i kroppen større. Du står midt i veggen, med tre fingrar på ein liten grøn knott, stortåa di balanserer på tuppen av det raude bananforma handtaket . Det renn tre sveittedropar ned mellom augebryna. Du har ikkje ein finger ledig. Her i veggen blir du stilt overfor eit av dei store spørsmåla i livet. Kor mykje skal du tåle? Vil du klare å stå igjennom augeblikkets ubehag for å nå toppen? Dråpane slår seg saman til eitt. No flyt dei ned som ein hær mot eitt felles mål; munnen. Du strekk deg oppover mot den gule firkanten som eigentleg er alt for langt oppe. Fingrane dine når nesten fram, men du får berre ikkje tak. No må du velje. Skal du finne ein anna veg eller er det verdt å ta eit valdsamt byks for å kome seg opp.

I veggen er eg fryktlaus og fryktfull på same tid. Eg er sterk og eg er svak. Armane mine dirrar. Fingerledda er slitne og ber om pause, men beina er fortsatt klar for eit nytt nivå. Eg er sjølvaste edderkopp-mannen i det eg ligg sidelengs i spagaten medan dei under meg ropar: litt lenger opp, til høgre, litt til!

Det er berre meg mot ein stille vegg. Likevel snakkar han så mykje. Han lar meg ikkje kvile eit sekund, men han er heller ikkje fienden min. Vi er litt som to naboar. Vi kjenner ikkje kvarande skikkelig, men vi veit likevel alt for mykje om kvarandre. Han er som den naboen som trur det er laurdagskveld ein tysdag, og som tenker at Calvin Klein-trusene er det vakraste å pryde balkongen med ein solrik dag. Han er ikkje sånn som meg, men eg er vel det same for han. No ser eg bjella der oppe. Det skal ringast. Selen eg har på meg har stramma seg litt for mykje rundt det eine låret. Men no gjer det ikkje noko, for eg er nesten på toppen.  Eg trur ikkje eg treng å gå på noko kurs for å meistre livet, eller meistre stress – eg trur eg finn det her. I møtet med veggen som speilar seg i meg. Og eg får møte han, å vinne – omtrent kvar gong.

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

Slik får vi kvinnene med!

Neste artikkel

Samviten prater med: professor Lise Rakner