Enok Groven
/
3 min lesetid

Forbruk i eit syltetøyglas

Enok Groven lever kanskje litt annleis enn mange andre. I fjor deltok han på reality- programmet «Anno», kor dei levde som ein gjorde tidleg på 1700- talet. Han er òg modell, der han frontar miljøvenleg mote. No har modellen føre seg eit nytt prosjekt, nemleg «cChallenge»: Ei 30-dagars utfordring i å minimere bosset sitt.

Tekst og foto: Elise Løvereide

– Eg har vore fokusert på det ei stund, fortel Enok, som er ein aktiv miljøforkjempar i Miljøpartiet Dei Grøne.  – Eg kjøper jo nye ting, og det blir ein del boss, men kleda – dei er vintage.

Seinare på kvelden skal Groven halde motevisning med eit berekraftig fokus. – Eg har takka nei til store modelloppdrag på grunn av klede som promoterer forbruk, og som bidrar til eit dårlegare miljø, seier han.

Enok viser meg ein nøkkelring han har smidd sjølv, i ekte vikingstil. Sverdkamp og vikingar går òg inn under det denne Bergenskaren brenn for. Men hovudfokus no er boss.

Enok Groven (1)
Enok Groven


Null-boss rørsla

Eg møter Groven i Stjernesalen på Kvarteret, der Kristine Ullaland; som driv bloggen Grønare Kvardag, straks skal halde foredrag. I Norge er ho nærmast ein frontfigur for zero waste- rørsla, der målet er å produsere så lite boss som mogleg.

– cChallenge handlar om å forandre noko i livet sitt på 30 dagar. Eg vil prøve ut ein ny livsstil, og bidra til så låge utslepp eg kan. Då må ein òg tenke boss i utvida forstand, meiner Groven.

– I korte trekk, kva går zero waste ut på?

– Zero waste fokuserer på korleis ein handler i butikkane for å forbruke minst mogleg. Venninna mi Lauren (amerikanske Lauren Singer, journ.anm.) har samla opp alt bosset sitt i eit syltetøyglas på tre år, då skal eg klare det på ein månad.

 

cChallenge handlar om å forandre noko i livet sitt på 30 dager. Eg vil prøve ein ny livsstil, og bidra til så låge utslepp eg kan.

Bakteriehysteri

 – Kvifor trur du zero waste har blitt ein trend?

– Eg irriterer meg over all plasten i butikken. Det er eit hysteri i mediene over virus og bakteriar i mat, sjølv om det også har med økonomi og haldbarheit å gjere. No bestemte eg meg for å prøve noko nytt, så då heiv eg meg på bølga, fortel han.

Groven var nett i Paris for å følge med på klimatoppmøtet. Til det valde han tog framfor fly, som gir ut mindre giftige utslepp.

– Det er ei trend no, å tenke klima. Null boss- rørsla er den beste metoden til å tenke over sitt eige forbruk, meiner han.

– Til jul ville eg til dømes bare ha økologisk mat og postkort, så då fekk eg det, ler han.

Legg merke til at det er 95 prosent kvinner her. Ein kan gå i frå kapitalisme til ei grøn og demokratisk rørsle.

Ei grøn og demokratisk rørsle

Vi skal straks inn for å høyre på foredraget til Ullaland; som driv med zero waste på fulltid, med mellom anna 2000 kompostmakk i kjellaren. Sjølv levde Groven med kompost under opphaldet i «Anno». – Den lukta ikkje godt, den vi hadde, seier han.

– Er Ullaland ein frontfigur i Norge innan zero waste?

– Eg har ikkje sett Ullaland på foredrag før, men ho er kanskje inspirert av Lauren. Og sjølv kan ho nok inspirere veldig mange, særleg ungdom, trur Groven. – Før har det vore internasjonalt og langt vekke. No gjer Ullaland det lokalt. Vi får ei rørsle som kan påverke etterspurnaden. Det er fint, det ho gjer.

Då vi kjem inn i Speilsalen, speider vi begge utover det folksame rommet.

– Legg merke til at det er 95 prosent kvinner her. Ein kan gå i frå kapitalisme til ei grøn og demokratisk rørsle. Ho kan bli eit førebilde for kvinner, kviskrer han til meg, og set seg deretter på første rad.

 

Les meir om zero waste:

Følg med på utfordringa til Enok, på http://bossefordrittsekkar.tumblr.com

cChange: www.cchange.no

Lauren Singer: www.trashisfortossers.com og www.youtube.com/watch?v=pF72px2R3Hg

Kristine Ullaland: www.gronarekvardag.no

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

Fra medievitenskap til Politiets sikkerhetstjeneste

Neste artikkel

Født sånn eller blitt sånn?