Pils & programmering

Det er fredagskveld i Stjernesalen på Kvarteret. Dei fleste studentane har for lengst gløymt alt av skule og bytta bøker ut med alkoholeiningar. Nokre bord skil seg derimot ut, her står ølglas og PCar om einanna. Dette er Pils & Programmering.

Torstein Thune og Nils Norman Haukås. Foto: Tina Kjensli Dyrseth

Det heile byrja med Nils Norman Haukås og Torstein Thune, som er masterstudentar i informasjonsvitenskap. Dei sat å programmerte med ei flaske øl i handa, og idéen slo dei. Ein Facebook-event blei laga og dagen etter møtte det opp ni personar.
Det er det ein kallar respons! Og det var jo så lett, berre å lage ein event, seier Haukås. Pils & Programmering var født, og sidan då har dei hatt fast oppmøte kvar fredag. Kjernetida er frå fire til åtte, men folk kjem gjerne før og sit heile kvelden, og jobbar med eigne prosjekt. Dei er ikkje organiserte, sjølv om spørsmålet har kome opp.
Det er litt skummelt, plutselig blir nokon tvungen til å vere sjef, seier Haukås. Han og Thune har lite til overs for administrering og vedtektet, og vil heller sjå kor enkelt dei kan halde det og framleis vekse. Dei er berre på Facebook, og sjølvsagt i Sjernesalen, på fredagar. Ønsket om å vere synlege og eksponere seg sjølve gjer at dei ikkje leiger rom.

Les videre