/
2 min lesetid

Bergen Fringe festival ||

På hjørnet av Møhlenpris ligg Cornerteateret. Det er nett her Bergen Fringe Festival har hatt hovudkvarter denne helga. Her har det framført noko for ein kvar smak. I god Fringe-ånd og lokal Bergenser-stil er det òg noko av programmet som trassar vêrgudane og  blir framført utandørs. Heile nabolaget blir altså tatt i bruk her, alt i frå bakgårdsslag, samtidsdans i ein skatepark eller ei vandreforestilling gjennom Nygårdsparken. Samviten har sendt ut ein eminent reporter for å sjekke temperaturen på Bergens mest fargerike og utradisjonelle festival. Her er kort og godt om tre av stykka eg såg:


Kong Ubu

Kong Ubu er originalt skrive av den franske forfatteren Alfred Jarry, og i si tid (les: slutten av 1800-tallet) var stykket mildt sagt ein skandale og vart tatt av plakaten på premieredagen. Framført i 2020 er det kanskje ikkje like kontroversielt, men likevel eit surrealistisk bilete på korleis makt og merksemd kan gjere kven som helst stormannsgal. I denne versjonen, framført av Thesbiteateret, får vi servert ein brutal men oppslukande satire. Scena er lita og det om lag ein timers lange stykket blir presentert av fire skodespelarar. I beige kostyme spelar dei alle rollene, og sjølv om det kan virke forvirrende ved første augnekast. Likevel tar det ikkje lang tid før man er heilt med på historien om far Ubu som er om lag like feig og lat som han er svolten på makt, penger og mat. Mor Ubu får sin dårlegare halvdel til å styrte trona i Polen og det utviklar seg til å bli eit utruleg kaos med maktspel, konspirasjonar, harselering med religion og dagens politiske samfunn. Ein blir rett og slett imponert over kor gode bilete ein kan skape med enkle rekvisitter (også i beige) og litt velplassert lyd og lys.

Det Historiske Slaget om Bakgården

Sjølv om det kanskje er ei forestilling hovudsakleg for barn, er det likevel morosamt for oss andre òg. Det Historiske Slaget om Bakgården er som namnet tilseier utspelt i ein bakgård. I dette tilfellet blir slaget kjempa i ein bygård på Møhlenpris. Vi blir presentert for Kong Durian den Grimme av Undersått Ballè Fransè og Lakei Burrito. Kong Durian lovar oss gull og grøne skogar. Han skal pusse opp heile Bergen og lage sjokoladeslott til alle faktisk, så lenge vi tilber han som vår einaste konge. Det viser seg jo at Kong Durian først og fremst tenkjer på seg og sitt beste, noko superhelten Frigg er sterkt i mot og utfordrar Kongen sjølv til ein duell i bakgården. Her får vi servert desibelutfording (kven ropar høgast?), Gjett Dyret og til slutt dansekonkurranse. Dette er ei interaktiv framsyning og publikum får etter kvart ei viktig rolle i korleis det heile endar. Feil Teater har laga eit humoristisk og fargerikt stykke, som spelar på underliggande viktige tema som einsemd, rettferd, kjønnsidentitet og vennskap. Det er kanskje òg eit stikk til valgflesk og diktatorar i vårt eige samfunn.

Ambages

I motsetnad til dei føregåande teaterstykka, er Ambages ei framsyning med samtidsdans. I eit brotstykke av sol mellom grå uvêrsskyer blir koreografien til Lisa Bysheim sett til liv av Edith Strand Askeland i skateparken mellom Nygårdsparken og fotballbanen på Møhlenpris. Eg må ærleg innrømme at som 165 cm høg (i følgje passet mitt) er det mykje som går over hovudet mitt. Dette inkluderar òg mykje av det som fins med “samtid” foran. Gjennom livets harde skule har eg likevel skjønt at det ikkje er alt ein trenger å forstå for å kunne setje pris på det. Der dansaren svevar over graffitti på konkave veggar, er det for eit utrent auge (mitt) er det til tider litt forvirrende å forstå kva kvar einaste rørsle prøver å fortelje meg. Eg håpar ein dag eg kan forstå, for det heilheitlege biletet er sterkt.


Takk for kulturoppelvelsen, Bergen Fringe Festival. Håpar vi kan sjåast igjen neste år òg!

//https://no.wikipedia.org/wiki/Kong_Ubu

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

Fringe festival: uraffinert, frynsete og uhøytidelig

Neste artikkel

Italiensk supporterkultur