Språket klingar harmonisk i øyrene mine
Gir meg glede kvar enn eg ser det
Om det er informasjonsskjermane til Skyss
Eller i ein tørr mail frå emneansvarleg
Rører bruken ved meg
Bysta ved HF gir meg ei slags ro
At han framleis er her
Arbeidet hans betyr framleis noko for nokon
25 år og 28 350 kilometer
For at me skulle få skrive noko anna enn glorifiserte oppkast-lydar
140 år er gått sidan me vart jamnstilt
Glad for det er eg
Du kanskje mindre så
Møkklei dette sidemåls-dritet
Men sjå til Sophie Elise, for ein gongs skuld
Me er ikkje mange
Men språket basert på folket
Språket som speglast i fjord og fjell
I kunst, musikk og studentambassadør Margaret
Er verdt å verne om, tykkjer eg