“Er du sikker på at vi er på rett veg?”, spør Ljomar til sidemannen Ronny inne i styrehuset i Scania-lastebilen som studerer vegkartet nøye. “Nja,” seier Ronny, “eg vil tru det (han var ikkje heilt sikker), min i følgje kartet skal denne vegen gå austover i retning av Berlin. Var det vest eller aust, eg er ikkje helt sikker…”
Ljomar som Ronny hadde ikkje særleg peiling på geografi, men arbeidsoppgåvene måtte uansett fordelast. Ljomar konsentrerer seg med styringa av lastebilen, medan Ronny konsentrerer seg om å lese kartet og peike ut køyreretning. For ein dag tidlegare hadde dei hamna på grensa til Nederland. Trass feil køyreretningar, var det einaste sikre var at året var 1989 og Tyskland og Berlin var delt i to.
Så ser Ronny opp, og ser skiltet som viser at dei forlet Bundesrepublik Deutschland (BDR). På vesttysk side av grensestasjonen går det greit. Grensevakta går rutinemessig gjennom pass, visum og ordrepapira, for å så vinke dei vidare over grensesona til Aust-Tyskland eller Die Deutsche Demokratische Republik (DDR). “Neimen, no er vi i alle fall på rett veg, tenkjer eg” seier Ljomar nøgd og tenner ein sigarett. Dei står i køa på DDR-grensestasjonen. Kva skulle dei i DDR? Dette var året då Berlinmuren fall, følgd etter av storparten av dei Aust-Europeiske kommunistregima, fall ein etter ein. Har dei to følgd med på utviklinga på nyheitene? Nei! Men la oss ta eit raskt tilbakeblikk i tid, om desse to karane.
Ordre til den første utenlandske kunde
Samme år hadde dei startar opp firmaet Ljomar og Ronnys vasseng-eksport AS. Idéen om eksport av vasseng til Europa kom som følgje av at salet av vasseng i Noreg og Norden stupte på på slutten av 1980-åra. Før det hadde Ljomar prøvde fleire framstøyt i media, i lokalavisa Firda, TVNorge, NRK og Førde Nærradio, med dei orda: “Sjå føre deg du ligg på madrassa, ei flytande kjensle av maritimt miljø av flytande norsk kjeldevatn. Føretrekk du utanlandsk vatn i madrassa? Då må du betale tilleggsavgift. Vel heller norsk vatn, du! Det er det indre vatnet i madrassa som tel! Bestill det på postordre i dag. Bestill det for to, då får du rabatt og for fleire får du kvantumsrabatt!”
Blei det seld meir? Nei! Så blei det opna for eksport. Utruleg nok, kom dei første ordrane på postordre raskt, først frå DDR. ”Dette blir garantert suksess. Med Guds hjelp!” seier Ronny opptimistisk, medan dei stod i grensekøa. Ljomar trekte eit djupt drag av rullesigaretten og svarte: “Ja, tenk. Den første kunden er sjølvaste Margot Honecker, frua til ein statsleiar frå DDR, formann og generalsekretær Erich Honecker (Sozialistische Einheitspartei Deutschlands(SED)). Dei er rett nok kommunistar, men det får så vere. Buisseness, er buisseness, og kven bryr seg?!”
Margot hadde bestilte to vassengmadrassar til seg sjølv og ektemannen. Bestillinga skulle stå på DDR-staten si trekning, sjølv om økonomi var dårleg. Men Margot tenkte at dette skulle vere for den gode sak for nasjonanen og partiet sin interesse å få fart på sexlivet mellom ho og formann Honecker. Ho tykte at talane til Honecker framleis var storslagne og forførande, men det var noko som mangla. Ho måtte berre innsjå at ektemannen Erich var blitt merkbart eldre, slapp og utslitt. Dei gongane dei forsøkte å ha sex, sovna han lett under akta.
Slik var det ikkje då ho som ung sekretær i Freie Deutsche Jugend (FDJ) på 1950-tallet møtte den 15 år eldre Erich Honecker som var FDJ-leiar for første gong. Eit forhold mellom dem utvikla seg til noko meir romantisk, som med partiet SED . “Tenk, at Erich valde akkurat meg framfor Edith Baumann, som han skilde seg frå kort tid etter møtet,” tenkte Margot. Ho kjende seg heit og nostalgisk av fortida, men frustrasjonen over den aldrande ektemannen sin manglande sex-appetitt vaks. Ho viste at han, ved sida av jakt, også var glad i havet, særleg ved Austersjøen. Erich elskar bølgjer. Som var for ho perfekt! Vassenga med bølgjer kunne kanskje løyse opp problema dei hadde? Som undervisningsminister kjende Margot eit sterkt ønske om å handle raskt, på vegne av DDR og for vekke opp att ektemannen sin vitalitet. Det var ingen tvil, ho sende med ein gong bestillinga til Førde-firmaet i Noreg, ein bygdeby i eit land dei knapt hadde vore i. Bestillinga blei ei spesialordre.
Medan ektemannen sov tenkte Margot så det knaka. Dersom Vassenga blei ein suksess, kunne dei lage ein kopi av senga og opprette ei ny fabrikk i DDR for eigen vasseng-produksjon. Denne kunne inngå i Margot sin 5-års plan. Der føresetnaden var at sengene var for dei lojale i SED, i politbyrådet og resten av Volkskammer. Dei måtte sende søknad i lag med resten av folket og få dei vurdert etter såkalla “parti-lojalitetspoeng.” Søknaden kunne gå gjennom Ministerium für Staatssicherheit (Stasi) og sannsynlegvis ville det bli oppretta ventelister, nesten som godkjenning av bestillingar av Trabant-bilar. Men det var nok av DDR-borgarar som var “klassefiendar”, som var illojale mot DDR-staten. Ikkje faen om dei skulle få kjøpe: “Das Wasserbett des Volkes (folkevassenga)”, tenkte Margot, “Det var ikkje eit dumt namneforslag, eg er genial, ja! Filosofisk tenkte ho: “Med denne folkevassenga skulle bli ei ny vår, fyll av blomster, erreksjon, stigande bølgje, bølgjer som toppar seg inni, ho, meir, meir, toppa med orgasme! Heit og svært forventningsfullt så ho over postordreblanketten til vasseng-eksportfirmaet og sende den til rett adresse. Ho var ikkje den einaste som tenkte på sex.
Leverandørane Ronny og Ljomar
Forholdet mellom Ljomar og Ronny kunne til tider vere stormfult. Ronny tenkte med uro på sexlivet til Ljomar. “Herregud, tenk, at du Ljomar, du som er 45 år, nettopp har skilt deg fra min søster, Lailja.” Akkurat som ein ungdom, då Turid i 9. klasse slo opp med Ljomar. Som då, tok Ljomar det svært tungt då han fekk beskjedom å ta ut separasjon rett før turen. Brotet skjedde ikkje utan grunn. Før Vasseng-eksporturen hadde det skjedd noko som kunne sette forholdet til karane på prøve.
Firmaet sin hovudmann, Ljomar tok ting svært enkelt og hadde lett for å drive utruskap mot kona, Lailja. Det var ikkje første gongen det skjedde etter at kona hadde lagt seg, då Ljomar kom ranglande full heim i 4-tida med ein annan dame han hadde sjekka opp på byen, og det føregjekk romstering og heftig aktivitet inne på gjesterommet i huset. Han blei teken på fersken av kona. Dagen etter kom Ljomar heim med blomster og lovar på tru og ære at dette ikkje skulle skje igjen. Men til ingen hjelp. Det skjedde igjen. Det var særleg den siste helga før Ronny og Ljomar skulle reise på turen sørover, at ekteskapsbrotet var eit faktum. Då hadde Ljomar funnet seg ein mann. I staden for gjesterommet sneik dei seg inn på soverommet i sokkelleiligheita til Ronny, medan han var ute i garasjen. Då høyrde Ronny høglytte lydar, inne frå soverommet. Han gjekk etter lyden fann dei to karane i full aktivitet i hans eiga vasseng.
“Usj og æsj!”, utbraut Ronny, tydeleg sjokkert over synet, og skreik: “Herregud! Kva slags syndfull gris er du, Ljomar?! Gud ser deg, sjå til å komme dokke ut av senga mi!” Rasande, jagde Ronny dei to mennene ut av sokkelleiligheita. Han prøve å nå att Ljomar, men han kom seg unna. Rasande røska Ronny ut sengkleda. Han prøvde først å vaska senga, men dess meir han tenkte på dei syndefulle handlingane til Ljomar, dess meir kvalm og dårleg kjende han seg. Som ein from kristen følte Ronny at han måtte reinse heile soverommet frå synda. Han drog ut puta, dyna og sengekleda med madrassa ut i hagen. Tømte ut vatnet, henta fram jerrykanne med bensin frå garagen. I samme slengen hentar han både treverk og anna avfall og tente på og det blei eit stort bål. Svart røyk la seg over nabolaget og ned mot Førde sentrum. Akkurat der og då tenkte Ronny at Ljomar kunne godt også blitt brent levande på bålet. Medan Rony tenkte meir destruktive tankar, høyrte han sirener frå politi og brannbil, og bålet blei sløkt. Då politiet kom til han, fortalte Ronny om det som hadde skjedd, og han ville politimelde Ljomar for utukt og hor. Ronny føreslo at politiet kunne satt den syndefulle Ljomar i gapestokk, for eksempel utanfor Samvirkelaget i Førde sentrum. Synleg, til spot og spe. “Nei, er du galen?” sa politibetenten, og la til: “Vi driv ikkje med slikt i dag. Sjå her,” sa han og peikte på bålet som vart sløkt: “For ulovleg bålbrenning og skape uro i nabolaget på natterstid, kl. 04:23, blir du bøtlagt.” Politibetenten skriv ut bota, og Ronny hadde ikkje noko anna val enn å ta den imot.
Då Lailja dagen etter fekk vite om utruskapen til Ljomar. Gjorde ho det slutt og reiste frå ektemannen. Ronny kjende seg urettvis behandla av politiet og horebukken som braut ekteskapet, tok han tungt. Tungsinna og i villeie lurte Ronny på kva han skulle gjere for å få vekk syndskapen til Ljomar. Skulle han slutte som medeigar i Ljomar og Ronnys vasseng-eksport AS? Dillemmaet, var at Ronny ikkje hadde annan arbeid å gå til og ingen anna stad å bu. Ljomar var trass alt hans einaste venn, utaom sine trursbrør i sekta “Håpefulle ord”. Da kjende Ronny plutseleg ei indre kraft. No skulle han sjølv reinse Ljomar frå utruskap og hor. Om eit par dagar skulle dei reise ned i Europa for å eksportere vasseng, og Ljomar kunne ikkje reise åleine med sitt utagerande kjønnsliv. Han kunne finne på å smitte og forpeste resten av Europa med sin homofili. Kallet til å frelse Ljomar blei berre sterkare og sterkare. Ronny kunne faktisk praktisere sertifiseringskurset han hadde tatt, i å drive ut demonar og homofili, med bibel i handa. Då dei stod på grensa og venta i køa, såg Ronny sitt snitt i å frelse Ljomar..
“Nei, ærleg talt, Ronny,” seier Ljomar, “Det siste eg treng frå deg er velsigning. Les heller kartet du! Forresten, er du sikker på at vi har komme til DDR-grensa?” Han ser forvirra rundt seg, men ser DDR-skiltet. “Åja! Her er faktisk grensa, du er ikkje så ille som kartlesar du Ronny – når det kjem til stykket”. Då det var deira tur, gjekk grensevaktene meir nøyare til verks med kontrollen enn i vest. Først gjekk dei gjennom innreisedokumenta og ordren, og sette fleire stempel i dokumenta. Både dei og lastebilen blei og fotografert og protokollført av ein av vaktene. Så går grensevaktene gjennom heile lastebilen. Dei opnar lasteromluka og ser på vassengmadrassene, fylt med vatn, og spør: “Was ist dass?” «Dass ist Wasserseng, æh, Wasserbed», sa Ljomar på sin ungdomsskule-tysk. “Ah, jawohl!» sa grensevaktene undrande og ser ein gong til igjennom ordrepapira og les: “Spesialsending bestilt av Frau Honecker, klassifisert som statshemmelegheit, ei overrasking til Erich Honecker.” Då blir grensevakta blir alvorleg, så legg han til hemmelegheitsstempel i ordrepapira. Nett då han skal lukke luka til lastebilen får han auge på ei kasse framme i lasterommet og bryt ut: “Kva er dette her?” “Ah, det er biblar” svara Ronny smilande tilbake og legg til: “Dei har eg med i god tru for frelse.” “Kva?”, utbryt grensevakta, han går inn i vaktbua og kjem ut att med eit brekkjern, bryt opp kassa.
“Nein, nein!” ropar Ronny fortvila og prøver å stoppe vakta. Ljomar stoppar Ronny: “Stopp, har du tenkt å skape meir trøbbel for oss, Ronny?” Vakta sjekka innhaldet inni kassa er fylt opp med biblar på norsk. I tillegg til å frelse Ljomar, hadde Ronny tenkt å frelse dei han kalla gudlause heidningane i Aust-Europa, og å dele ut gratis bibelar. Dette tykte ikkje grensevaktene særleg noko om, den eine seier: “Det er strengt ulovleg å drive misjonsverksemd i DDR, er det forstått?” Og legg til: “Vi må konfiskere heile denne kassa.” Grensevaktene tek ut kassa frå lastebilen. Så legg grensevakta til: “Eigentleg skulle vi ha arrestert dokke to og sendt dokke til avhøyr hos Stasi, men sidan dokke har ein hemmeleg spesialavtale med formann Honecker, kan dokke køyre vidare og levere varene. Men Stasi kjem til å følgje nøye med kva dokke to driv på med. Så ikkje prøv med noko ulovlegheiter, er det forstått?!»
«Javel!» seier Ronny og Ljomar i kor. Letta, køyrer dei, vidare innover mot Aust-Berlin.
Dei kom seint på ettermiddagen til adressa til Honecker-paret sin residensbustad. Dei ringer på porten. Portvakta kjem ser på ordrepapira så fortel han om at Erich Honecker har gått av og at Egon Krenz hadde tatt over som ny statsleiar. Med avgangen til Honecker blei det også sendt ut ordre om innkjøpsstopp. Dei fekk ikkje lov å levere dei to bestilte vassengene. Ljomar spør portvakta om Krenz kunne tenke seg å overta dei bestilte vassengene? Nei, det viste ikkje portvakta noko om, og dei måtte avtale møte med Krenz. Ronny og Ljomar gjekk og fann ein telefonkiosk lenger nede i gata, og etter mykje leiting i telefonkatalogen fann Ljomar telefonnummer til rett adresse og ringte i håp om å få audiens hos Krenz. Men svaret blei “Nein!”. Noko kontakt med dei to var heilt uaktuelt. Tomhendt, var dei utvilsamt på gyngande grunn, på veg ned mot sengebotn.