15 min lesetid

Ljomar og Ronnys vasseng-eksport AS, DEL 2

Dette er del to av ein lengre novelle. Del ein kan leses i den nyaste papriutgåva av Samviten (Vår 2025) eller leses her

Rumensk kjærleiksleveranse

Neste levering var til Romania sin diktator og president Nicolae Ceaușescu. Han ville overraske kona si, Elena, med ei ny dobbel-vasseng. Elena var ei kvinne som Nicolae opplevde som svært vrang og lite øm. Denne bestillinga frå Ceaușescu var ei kjærleiksærklæring, eit forsøk på å redde eit forhold som var i ferd med å havare. For det manglar ikkje æresbevisningar og æresdoktorordenar ho hadde motteke frå ulike rumenske universitet og forskingsinstitusjonar, men det var ikkje nok. Det var heller ikkje nok å bygge verdas nest største bygg. Ho var lite imponert. Problemet var at kona var sjalu på ektemannen. Nicolae tok for mykje plass i media. Han tok ifrå ho glansen, sjølv etter innføring av farge-TV på 1980-talet. Han var for fargerik for ho. No ville ho ville syne att landskapet på store portrettflater. Kanskje skulle ho gjere kupp? “Å nei, ikkje kona mi!”, tenkte Nicolae. For det mangla ikkje på folk som blei fengsla, torturert, eller avretta, på grunn av at dei potensielt hadde utfordra diktatoren på ein eller annan måte. Han måtte verne Elena. Overraske ho med ei vassseng på staten si rekning. Alt for å piffe opp ekteskapet, med hjelp av ei varm vasseng til det store soverommet i det mykje påkosta og nybygde presidentpalasset. Alt for eit ekteskap, i folket si teneste.

Leveransen skulle skje den 23. desember, dagen før julaften. I mellomtida føreslo Ljomar at dei først kunne reise rundt, på kryss og tvers i nabolanda Polen, Tsjekkoslovakia og Ungarn. Han var i utgangspunktet veldig skeptisk til utanlandsk drikkevare, så for ordens skuld hadde han med ein kasse med Smirnoff polvare i frå Bergen, bestilt og levert på rutebåtkaia på Steinen i Førde før dei reiste. «Godt gøymt,» la han til. Hittil hadde ikkje tollarane i dei ulike landa dei hadde besøkt oppdaga noko. Ronny, derimot, var kristen og fromm. Han sa ingenting, og rørte ikkje alkohol. «Kanskje rekk vi Sovjetunionen, før Pol(en)et, stenger? Hø, hø!», la Ljomar til. «Det var ein dårleg spøk!», la Ronny til, som ikkje tok den spøken og tok heller rolla som kartlesar svært alvorleg sjølv om dei køyrte, på kryss og tvers og rakk ikkje å kome over grensa til Sovjet. Dei mangla visum. Å vaktene lo av lasta.     

Annleis var det ved grensepasseringa til Romania, der grensevaktene stussa over ordredokumentet “vasseng”. Alt det andre var heilt greit. “Vi konfiskerer varene”, sa grensevakta. Nei, sa Ljomar. Så finn han fram eit Smirnoff-flaske: «Vil du ha denne?» «Ja, kvifor ikkje. No blir det fest!», sa grensevakta. Dei fekk reise vidare. Då var det strake vegen til București. Tida var knapp og leveringsdatoen den 23. desember i det store presidentpalasset var rett rundt hjørnet. «Ingen tid å miste”, uttrykte Ljomar. For ein gong skyld, fann Ronny ut rett veg til den rumenske hovudstaden. Det dei ikkje hadde fått med seg var at det føregjekk store opptøyar med folk ute i gatene, med kampar mellom lojale Ceaușescu-tilhengjarar og opprørar. Dei høyrte lyd av skot frå maskingevær, granatsmell og smell frå stridsvogne frå alle kantar. Det var folkemengder som vifta med rumenske flagg der den rumenske kommunist emblemen hadde blitt skjært ut. Ronny og Ljomar hadde rulla seg midt oppi opptøyene som skjedde i den rumenske hovudstaden. Ein av kundane deiras held på å bli avsatt. Plutseleg kom det ei kule gjennom frontruta. «Søk dekning!», skrik Ronny. Ljomar klarte så vidt å bukke under rattet då ei ny kule suste gjennom førarhusdøra. Viss Ljomar ikkje hadde dukka ned i tide, hadde han hatt eit hulehol i tinninga! Dei kjørte som villmenn heilt til dei nådde palasset. Der fekk dei vite av ein smilande vakt, væpna med kalasjnikov, om at Ceaușescu-paret hadde flykta. Igjen var Ljomar og Ronny tomhent. 

Ljomar og Ronny finn Jesus

Ljomar og Ronny blei verande i den rumenske hovudstaden over romjula. Nyttårskvelden feira dei i det nystarta nattkubben Book’n Rest. Det var der dei møtte Jesus (eller ein som liknar i alle fall). «Herre Moses og Jesus Kristus! Han er kommen tilbake», utbryt Ronny som blei heilt hovudstups vilt forelska i denne karen som såg ut som Jesus. Denne Jesus-liknande karen, som eigentleg var ein desillusjonert KGB-fyr, hadde gjeve opp etteretningslivet for eit hippiliv for å reise rundt, lev livet og skriv ulike reiseskildingar. Ljomar, hadde alltid vore skeptisk til utanlandske damer og menn, men tok det heilt med ro. Ronny hadde plutseleg ingen hemninga, etter å ha komme ut av skapet. Med høg promille, elskar Ronny og Jesus vilt inne i eit skur. Dei elska til dei trøytte sig om kvarandre. Dagen derpå, var begge bakfulle. Så kviskrar Jesus kjærleg til Ronny: “Takk for hyrdestunda med deg. No er eg tom, men reis, reis til Italia og Roma, og finn den heilage kjelda der og fyll opp sengane med vatn frå Jordanelva.” Ronny sovnar og då han vakna, langt ute på dagen, var Jesus borte. Han hadde farta opp til himmelen (som er kode for at han tok ein irsk farvel). Ronny kjende ei intens tomheit etter hans fyrste kjærleik, Jesus, hadde fartet vekk til himmelen. Han måtte finne Ljomar. Han leita gjennom byen til han fann Ljomar på ein kafé røykande med ein sigarett i munnviken, samtidig som han rulla saman ein ny ein. Ljomar såg på Ronny og smilte. Med rullesiggen framleis i munnviken sa han: “Der er du, kjekt å sjå deg. Kor skal vi reise no?” “Vi reiser til Roma!”, føreslo Ronny. “Kanskje paven vil ha ei seng?” “Einig, vi får reise dit, til Vatikanet! Då får du vere kartlesar!”, svarte Ljomar.

Roma?

Dei kjørte til Roma (eller dei trudde dei køyrde til Roma). Det tar fleire timar før dei til slutt oppdagar at Ronny held karta på vranga. “Skal vi køyre om Istandbul?”, spør Ljomar. “Søren det går ingen bru over Bosboros!” “Vi tek turen gjennom Hellas for å så haike med lastebåt frå hamnebyen til hamneby. Fleire dagar gjekk. Dei kom seg til Tessaloniki og klarte å lure seg på eit lasteskip som var på veg mot Trieste. Fra Trieste køyra dei ned til Roma og vidare mot Vatikanet, der dei skulle møte med pave Johannes Paul II. Imens dei køyrar ned dei eldgamle gatane i Roma seier ein bekymret Ronny til Ljomar: “Kva viss paven ikkje har lyst på ein vassseng?” “Kva gjer vi då?” Ljomar viftar med handa og seier: “Ikkje tenk på det.”

Dei kjem til Vatikanet og prøvar køyre over Petersplassen, men blei stoppa av nokre vaktar i rare uniformer. Ljomar, på gebrokkent engelsk, prøvar å forklare til vaktane at dei berre er nokre businessmenn, som ønskjer å ha eit møte med den heilege faderen for å sjå om han ville vore interessert i nokon høg-kvalitets vassseng. Det gjekk ikkje. Deretter prøvde Ronny å bruke sitt nyfunna råe seksuelle tiltrekkningskraft, men det gjekk heller ikkje. Vaktane begynte å miste tålmodigheten. Vaktkapteinen sa til Ljomar og Ronny, at viss dei ikkje snudde lastebilen, ville dei bli møtt med ein vegg av bly. Skuffa måtte Ljomar og Ronny snu. “Kva gjer vi nå då?”, spurte Ronny til Ljomar. Ljomar såg seg rundt og tenkjet. “Hmmmmmmmmmmmmmmm. Eg trur at eg har ein ide.”, sa Ljomar lurt. Ljomar kjørte lastebilen rundt om i Roma. Etter å ha køyrt rundt i det som føltes som ei evigheit, hadde natta senka seg. Ljomar stoppar lastebilen utanfor ein gigantisk fontene med kvite figurar oppå seg. Ljomar hadde ein lur smil. Ronny såg seg rundt. Det var noko kjent med den fontenen, men han klarte ikkje å hugse kor han hadde sett den fontena før. “Kor er vi?”, spurte Ronny til Ljomar. Ljomar såg på Ronny: “Eg fikk ein ide. Kva viss vi fyllar vannsengane oopp med heilegvatn?” “Vi er jo i Roma, så alt vatn må vere heillegvatn.» Ljomar smilte fornøgd til seg sjølv og sa: “I tillegg, er dette også vatnet som Anita Ekberg bada i, i den italienske filmen vi såg den eine gongen.” Ronny måtte tenkje litt. Med eit tomt blikk nikka Ronny. Han hugsa ikkje heilt, men Ljomar hadde sikkert heilt rett. Ljomar rygg att lastebilen mot fontenen. Han gjekk ut av førarhuset og gjekk bak i lasteplanen. Han heiv ut ein av dei tomme vassenga og fann fram ei gummislange. Ronny såg på Ljomar: “Korleis skal vi få vatn frå fontena til vessenga?”. Ljomar såg lurt på Ronny og heldt fram gummislanga: “Med hevert sjølvfølgeleg!” Ljomar hadde perfeksjonert hevertteknikken sin under oljekrisen i ‘73 og dei hadde ikkje råd til bensin for rånarbilane sine. Ljomar strakk ut slanga slik at den var inni fontena og begynte å suge. Det byrja å pumpe ut vatn. Han tok den rennande slangen og satt den i ventilen på vessenga. Etter ein stund så hadde vassenga fylt seg og etter ein god del innsats klarte dei å lempe den opp i lastebilen. Ljomar var fornøgd og smilte bredt: “Okei da er det einaste som vi har igjen å gjere, er å fylle på vatn fra….” Ljomar stoppa opp. Ljomar hadde heilt glemt at han ikkje likar arabere, for dei er terrorister. Ljomar så på Ronny: “Vi kan ikkje dra til Israel.” Ronny såg tilbake på Ljomar med eit tomt blikk og tenkte til seg selv: ”Faen! Eg vil ikkje til Israel! Eg hatar Jødar! Dei drepte min kjære Jesus!” Tanken på Jesus gjorde Ronny litt opphisset. Han såg vekk fra Ljomar og stirra ut i luften. Han begynte å sjå for seg Jesus på korset: Svett, sexy og med tydelege magemusklar. Det kribla i ryggraden til Ronny, men han rista følelsen av seg og sa til Ljomar spørrande: “Kva gjer vi da?” Ljomar myste mens han stirra på fontenen. Han grublet litt før han sa: “Gje meg kartet.” Ronny gav Ljomar det store Europa-kartet. Ljomar bredte ut heile kartet, la den på bakken og byrja å studere den nøye. Han satt ein finger og såg etter elvar som og het Jordan. Han drog fingaren gjennom Italia, Vest-Tyskland, Frankriket, så stoppa han fingeren ein stad i Sør-England. “Her Ronny!”, sa han mens han drog ned Ronny for å vise deiras neste destinasjon. “Her er River-Jordan. Jordan elva!”, sa Ljomar mens han bretta saman kartet og hoppa inn i førarhuset på lastebilen. Ronny fikk egentlig ikkje med seg kor dei skulle, men han inntok at Ljomar hadde peiling. Ljomar vred nøkkelen i tenningen og lastebilen føyk av gårde. Neste stopp: Dorset. 

Godset

Turen over grensa mellom Italia og Frankriket gjekk utan noko problem. Fergen over Calais var som smør og den britiske tollvesenet gav dei ingen problem. «No er det ikkje langt att til Jordanelva», sa Ronny mens han ser på kartet.  «Å ja?», sa Ljomar. «Ved Guds hjelp kan tru flytte fjell», sa Ronny overbevist. Vi tar denne vegen og peikar på ein sideveg, la oss prøve den. Ok, sa Ljomar. Dei svingar av køyrer bortover vegen. Mørket fell på. Knapt ein time seinare nærmar dei seg eit gods. “Har vi køyrt feil, igjen, Ronny.” ”Ikkje mye til kartlesar du Ronny,” sa Ljomar sarkastisk. «Det skulle vore her!”, sa Ronny. «Det er eg sikker på!» Han ser seg rundt, men han ser ikkje noko som liknar på ei elv. Det einaste dei kunne sjå var eit gammalt gods med det som såg ut som ein velstelt engelsk hage. Plutseleg, frå dei velstelte buskene dukkar det opp ei gruppe menn kledd i Wehrmacht- og SS-uniform. «Halt!,» seier dei to mennene. Dei riv opp døra, overmanna Ljomar og Ronny før dei får sjåast for seg, og den eine seier:” Raus, schnell, los, los, los!” «Herre gud har vi kommen til 2. Verdskrig eller ein rest av den», seier ein forskrekka Ljomar. «Bringen Sie Identification, ausweiss bitte (Vis oss identifikasjon)!», skrikar den ene SS-soldaten. Ronny og Ljomar finn fram fram Pass. Überstandbandfüraren ser på legitimasjonen. Så blir dei ført vidare inn til godset. Fire soldatar i same uniformar, dukkar opp også. Überstandbandfüraren ringer dørklokka. Ein Offiser i SS-uniform dukkar opp og trekker ut armen: «Heil Hitler!» Ronny skal til å fullføre Hitlerhelsinga, men blir stoppa av ein pineleg berørt Ljomar.

«Down on your knees!», kommanderer überstandbandfüraren og rettar maskinpistolen mot dei. Dei gjer det dei får beskjed om. Hette blir tredd over hovudene deiras og dei blir ført vidare til eit rom. Døra blir låst igjen etter dei. Nokon tek av dei hetta. Rommet var sparsommelegt innreda og alle vegga var av rein betong. I midten av rommet står det er ein mann med svart SS-uniformshue, Hitlerbart og kvinneundertøy i lakk og lær. Lær-Hitler svingar med pisken og piskar seg så hardt i det lærkledde låret at ringar ut i det betongdekte rommet. Deretter begynte han å slå laus på dei to. “Au, au, au!”, skrik Ronny og Ljomar av piskeslaga. “Ned på kne, og inn i buret mine hundar -untermensch!”, skrik Lær-Hitler. Dei gjer det som dei blir bedt. Ronny ser seg rundt og tenkjer. Han ber til Gud om hjelp. Plutseleg får han ein visjon av hans elskede Jesus som han tilbragte den ene vakre kvelden i Buçharesti. “RONNY! KODEORDET ER RØDT LYS!”, seiar Jesus. Ronny skrik ut: “Raudt lys!” Lær-Hitler stoppar opp. Han ser skuffet på dem: “Hæ, er dokke ikkje interessert i BDSM?”  “Nei!” Utbryt Ljomar. “Vi seljer vasseng!” “Forresten er du interessert å kjøpe vasseng?”, spør Ljomar forsiktig. Ronny, tydeleg geografisk forvirra og glømt at dei var i England: «Eg viste ikkje at dei drev på med slikt i Israel, forresten kor er Jordanelva? Lær-Hitler, som hadde tatt av seg SS-hatten og revet av hitlerbarten, sa: “På nedsida av godset.” Imens han tørka svetten av panna hans, spør: “Men var ikkje dette nazi-spelet bra nok, opphissande?” “Appropos Israel. Har dokke noko gang deltatt i rollespel om Israel-Palestina?” Mannen, gjorde ei kort pause. «Ja, ein gong hadde vi det, sjølvsagt med brunkrem for å spele arabarar som blir “invadert” av israelske soldatar. Problemet var berre det at vi fekk så mykje klage på dette frå ulike hald. Nokre fordi det såg for realistisk ut, Jesus mangla, andre meiner det ikkje har føregått overgrep. Det som verkeleg tok kaka var klagen frå Mossad som sa at vi måtte slette den typen BDSM-videoar. Mot at dei overser at vi fratenaliserar, ikledd nazi-tema, med nynasister og enkelte gamalnazistar. Så vi endra rett og slett tema. Vil dokke bli med på dette?”     “Men ærleg talt blir det ikkje for drøyt?” Spør Ljomar. “Nja,” seier mannen. “Det blir eit definisjonsspørsmål, men ikkje eit ord om dette til offentlegheita.” “Gå ut og hent vatn frå Jordan-elva.” Dei fylde på den siste vassenga og drog deretter til Newcastle for å ta fergen til Bergen, for å så køyre heim att til Førde.

Epilog

Dessverre var det ingen interesse for vasseng eller heilegvatn i Førde. Det var eit nytt tiår, og vasseng hadde dessverre fall ut av smak blant befolkninga i Førde. Blant dei kristne var det ingen interesse heller. Dei var ikkje interessert i noko katolikk skvip. Dermed var det over for Ronny og Ljomar Vasseng-eksport AS. Dette var skuffande for Ljomar og Ronny, men heldigvis kom dei på at dei kunne selje vatnet som om det var badevannet til Anita Ekberg. Dei fann ein kjøpar i Bergen som var interessert. Han var ikkje berre interessert, han var VELDIG interessert. Då dei kom fram til Bergen blei dei møtt av av ein iherdig mann på Fana som gav dei 300.000 kr i kontant viss dei berre dumpa innholdet i vasssengane i ein opplåsbar basseng han hadde gjort klar i hagen hans. Ljomar og Ronny hadde ingen spørsmål til den mannen og følgde han ønskjer. Med ein god slant med flus i lomma drog Ljomar og Ronny heim att til Førde. 

Sjølv om vasseng-eksportbedriften deiras gjekk i vasken, gjekk livet vidare for Ljomar og Ronny.  I september 1997 døydde Ronny etter at han og Ljomar prøvde å sette opp ei ekstremsport-bedrift der dei skulle tilby turistar moglegheita til å basehoppe ved Hafstadkleiva i Førde. Ljomar og Ronny såg at ekstrem-sport hadde blitt svært populært i Fjord-Noreg etter at dei hadde vore på det nyoppstarta Ekstremsportveko i Voss, og dei hadde lyst på ein bit av kaka. For å spare litt pengar, bestemte dei for å lage sine eigne fallskjermar. Ljomar og Ronny gjekk heilt opp til toppen av fjellet og berre hoppa. Fallskjerma funket som berre juling, men dessverre hadde ikkje Ljomar og Ronny heilt lært seg å kontrollere fallskjerm. Ljomar klarte å krasjlande i Førdefjorden, men Ronny var ikkje like heldig. Ronny krasja inn i eit skogholt og traff eit tre. Hodet hans traff eit tregren og blei revet heilt av. Han døydde momentant. Ljomar var knust av dødsfallet til bestevennen, men for å hedre minnet til Ronny, valde Ljomar å held fram med ekstremsport-bedrifta. Ljomar jobba hardt for at ekstremsport-bedrifta skulle vera ein suksess, og det blei den. 

Etter fire år med hardt arbeid, utan noko ferie, bestemte Ljomar seg at det var på tide å ta seg ein ferie. Han valde å dra til USA. Det var noko som han og Ronny hadde drøymt lenge om. Han tok først turen til New York City før han skulle vidare inn i USA. Planen var at han skulle vere nokon dagar i New York, før han dreg ned mot Florida for å kose seg i Miami, før han deretter køyrde vidare gjennom USA, til han ankom Memphis. Der skulle han besøke det gamle huset til Elvis, ein barndomshelt for Ljomar og ein tidleg hemmeleg kjendisforelskelse for Ronny. På plenen foran Graceland skulle Ljomar spre asken til Ronny, som han hadde beholdt i eit urne som han hadde på hatt på peishyllen, heilt sidan Ronny døydde. Han ankom tidleg på morgenen JFK og tok med ein gong turen til Manhattan. Ekstremsport-bedrifta hadde vore svært lukrativ. Dermed valde Ljomar å ta seg inn på det eksklusive Marriot World Trade Center hotellet som lå ved bunnen av tvillingtårnene World Trade Center. Då Ljomar hadde tatt seg til rette på hotellrommet sitt, tok han ut urnen med asken til Ronny og såg på den. Det var akkurat fire år sidan den forferdelege fallskjermulykka som tok livet til bestevennen. Mens Ljomar heldt Ronny i henda sine, såg han på digital klokka si. “11. september 2001, 07:50”, mumlet Ljomar til seg selv. Ljomar såg ut hotellvinduet sitt. Han såg på dei høge tvillingtårna som ein gong var noko av dei høgaste bygga  i verda. Det var ein skyfri dag. Ljomar tok Ronny under ermet og bestemte seg at han saman med Ronny skulle på toppen av ei av dei tårna. Ljomar trasket bestemt inn i lobbyen på det nordre tårnet og spurte ein mann i resepsjonen om han kunne komme seg opp på toppen for å sjå utsikta. Mannen såg på Ljomar og sa at observasjonsdekket i det andre tårnet åpnar ikkje før om ein time. “Ein time!” Tenkte Ronny. “Det gidder eg ikkje! Eg vil opp nå!” Ljomar tok fram lommeboka og tok fram to amerikanske hundredollar sedler. Han viste fram urnen med Ronny til mannen for å få sympati, og forklarte på gebrokkent engelsk at det var alltid han og Ronny sin draum å sjå ut over Mannhattan saman. Mannen såg på Ljomar. “Fine. Thirty minutes. That’s all you get.” «Then you have to come down before anyone catches you.” «Okay?», sa mannen til Ljomar mens han tok dei to hundredollarsedlene som Ljomar heldt fram. Ljomar smilte og sa takk. Med Ronny under armen tok Ljomar heisen opp til toppetasjen. Han fann ein trappeoppgang som tok han til radiomasten på toppen av det nordre tårnet. Han skua ut over New York City. Han følte seg som han var på toppen av verda. Han såg på urnen til Ronny og sa: “Kvem skulle trudd at vi skulle enda opp her. To tullingar frå Førde. Saman på toppen av verda.” Ronny smilte til seg sjølv og tenkte over alle dei eventyrene han og Ronny hadde hatt saman. Han stod lenge og skua over dei høge bygningane. Etter ein stund såg han på klokka. Det hadde gått lengre enn tretti minutt. “08:46!”, skrek Ljomar til seg selv. “Mannen i resepsjonen kjem til å vere veldig sint!” Han tok opp Ronny og begynte å gå tilbake til trappeoppgangen der han opprinneleg kom frå, men han såg noko rart i sidesynet sitt. Han stoppa opp og prøvde å sjå kva det var. I distansen var det eit objekt som fløy gjennom luften, den var rask og kom nærmare og nærmare. Ljomar myste mens han prøvde å identifisere kva enn det var som var på veg mot han. Ljomar mumlet til seg sjølv: “Er det eit fly?”


Skribent

Forrige artikkel

Ljomar og Ronnys vasseng-eksport AS, DEL 1