Storm og festival
Då den nye rockfestivalen, Tundra & Lightning, vart planlagd og seinare annonsert for den første helga i oktober, vart nok mange tankar, idear og hypotetiske situasjonar diskutert på planleggingsmøte. Eit ungt og lokalt band som nyleg vann Spellemannsprisen for beste rock kan headline? Det høyrest bra! Kanskje festivalen kan finna stad på USF Verftet? God tanke; det er eit fint lokale! Fyll speleskjema med solide, norske band + nokre internasjonale bidrag som representerer eit godt mangfald av rockemusikken? Ikkje dumt; det bør me absolutt gjera. Men at festivalen tilfeldigvis skulle skje den same helga som stormen Amy tok seg ein liten tur over dei britiske øyene og slo seg laus over den norske kysten og innover landet? Nei, det var nok ikkje noko sjølv den mest pessimistiske bergenser hadde venta. Men heldigvis, trass det noko uheldige veret, vart den første årgongen av Tundra & Lightning ein stor suksess for både arrangør og publikum.
Samvitens skribent let heller ikkje veret hindra han. Ikkje på eit einaste tidspunkt vurderte han å hoppa over festivalen og bli heima. Han som har, i skrivande stund, fleire t-skjorte i klesskapet med bandmotiv. Han som berre kan finna ein einsleg hettegenser utan noko musikalsk på i klesskapet. Ein skulle kanskje tru at han som sidan 23. august har vore på konsert kvar einaste helg hadde hatt han interesse av ein pause, men då hadde ein teke feil. Rock, punk og metall blir vert aldri for mykje for skribenten sine øyre, og til og med i hans framtidige gravferd – dersom alle dei fulle folka han møter i sentrum tek feil og det visar seg at han faktisk IKKJE er messias – skal det spelast tung musikk. At ei av gruppene som skulle spele ved festival viste seg å vera Enslaved, ei av skribent sine største favorittar, fjerne den vetle (ikkje-eksisterande) prosenten av tvil.
Spidergawd
Æra av å få opna festivalen vart gjeve til den erfarne hard rock-gruppa frå Trøndelag (+ nokre andre fylke), Spidergawd. Fronta av gitarist og vokalist, Per Borten – barnebarnet til tidlegare statsminister av same namn – leverte gruppa eit solid show med melodisk hard rock. Med alle auger (og øyrer) på seg, slo gruppa til med eit solid set og viste ingen teikn til nerver eller usikkerheit. Tidleg i settet rauk frontmann Borten ein streng – PST har foreløpig ikkje stadfesta eller avkrefta sabotasje – men gruppa viste erfaring og ro, og eit kjapt skifte av streng seinare hald dei fram med både nye og gamle låter. Under sangen, The Ghost of Eirik Raude, viste gruppa motstand mot imperialisme og gav støtte til Palestina – noko flagget på gitaren til Borten stadfesta. Under siste sangen gav Borten frå seg gitaren til gjest Arve Isdal (ein mann som dukka opp mykje).
Interlude:
Då første konserten hadde levert ein siste akkord, stod skribenten av denne teksta overfor eit val:
Alternativ A: opplev bandet Morax sin retroinspirerte stil med klassiske metall.
Alternativ B: gje ein sjanse til indiegruppa Of All Things.
Skribenten valde derimot den hittil ukjend alternativ C: GÅ UT OG FÅ LITT KJØLEG LUFT PÅ KROPPEN FØR DU DRUKNAR I EIGEN SVEITTE, DIN TUFS. Trass i fødsel og oppvekst på Vestlandet, let skribenten seg lura av regn og vind, gløymt kor varmt det kan bli midt i eit konsertpublikum, og hadde kledd på seg eit tredje lag.
Audrey Horne
Etter at kroppstemperaturen vart senka til eit normalt nivå, og skribenten hadde helst på ein ven, som same dag hadde sigra over fagprøven, gjekk turen tilbake til scena som er namngjeve Røkeriet og den populære rockgruppa Audrey Horne, leia av tatovør og bergensar Toschie. Då gruppa byrja på deira versjon av melodisk hard rock – litt meir «old school» enn Spidergawd – kunne dei observante i publikum legge merke til gitarist Arve Isdal (Ice Dale) på scena for andre gong denne kvelden (kjem igjen igjen seinare). I motsetnad til det David Lynch-inspirerte namnet, vart ikkje andre halvdel av settet forvirrande og fullt av rare val.
Hayeminol
Om lag kl. 21:30 skulle det vera musikk på to scenar samtidig. Denne gongen hadde tosken av ein skribent førebudd seg og knytt jakka rundt livet, noko som førte til ein kroppstemperatur på eit meir leveleg nivå. Vegvalet mellom scena kalla Sardinen og scena kalla Studio var ganske enkelt. På Sardinen skulle det oslobaserte bandet, Hayeminol (intervjua av Samviten tidlegare same dag), stå på scena.
Kvartetten frå hovudstaden (på papiret) leverte punk i ein stil som var intens, høgtempo og «in your face» (som det heiter på riksmålet). Det fekk eit elles roleg publikum til å starte ei lita mosh pit og andre rørsler, som inkluderte vokalist og gitarist Ånon Bakkjen sin surfetur mot slutten av konserten. Festivalens kanskje minst kjende band serverte eit av festivalens sterkaste set, og i deira debutkonsert på Vestlandet skal ein ikkje sjå vekk ifrå at dei fekk seg fleire nye fans.
The Good The Bad and The Zugly
Men så slo klokka, for dei som faktisk har bestefarsklokker i heimen, 22:30, og det var på tide med fredagens hovudattraksjon, The Good The Bad and The Zugly. Gruppa, fronta av Ivar Nikolaisen (som det er tredje gongen at skribenten ser live på Verftet), leverte eit høg tempo og livleg sett dedikert til alle «novembergutta» i publikum. «Novembergutta» refererer til dei som er fødd seinare på året og visstnok fell utanfor oftare enn andre, dersom statistikk og data skal stolast på. Mens låtane sørga for god stemning, mosh pits, crowdsurfing og ølkasting, kom vokalisten også med litt humor frå scena. Den mest minneverdige av desse var vokalisten svært tragiske sommar eit år i barndommen då han stod to månadar på bestefaren sin gard og plukka. Løna for dette var, som Nikolaisen sjølv sa: «Eg fekk behalda den jævla steinen!»
