//
6 min lesetid

Tundra & Lightning | DAG 2

Den andre helgedagen, ofte kalla for laurdag – Samstag for dei som snakkar tysk; noko anna for dei som ikkje snakkar tysk – var det på tide med dag nummer 2 av Tundra & Lightning. Amy hadde roa vindkasta ned til eit nivå som gjorde skribentens fottur over Småpudden noko tryggare. Regnet hadde roa seg ein del, i alle fall på dagtid, men likevel skulle stormen setje sitt preg på festivalen. Laurdag morgon kom nemleg den skuffande beskjeden om at den britiske metallgruppa, Orange Goblin, måtte kansellere settet som skulle vera deira siste show på norsk jord. Frøken Amy prega også dei britiske øyane, og flyet som skulle bringe engelsk stoner metal til Bergen hadde vorte kansellert. Dette skuffa nok mange festivalgåarar. Skribenten, derimot, tok det ikkje så tungt. Den skuffa kjensla over det avlyste showet vart kjapt erstatta av høg puls og stor glede då han oppdaga at gruppa som skulle erstatta Orange Goblin var den norske gruppa Enslaved. Skribenten, som kjapt fant fram hettejakka med Enslaved på, kjende stor entusiasme då bandet (ein av hans store favorittar, frå same region av landet som han) vart annonsert som erstattar. 

Thulsa Doom

Som fredagen før, opna laurdagen med eit erfarent og populært band frå det norske kongerike.  Men der Spidergawd leverte melodisk hard rock, serverte Thulsa Doom hard rock med røter i doom metall/stoner rock. Fronta av vokalist Jacob Krogvold, med støtte frå blant anna humormann og bassist Egil Hegerberg, leverte gruppa solid og gitardriven rock. Det vart skapt god stemning i det utselde publikummet som stod endå tettare enn dagen før. Hadde det ikkje vore for at skribenten hadde blitt gjeve eit litt uventa fotopass, hadde han endt opp med å stå langt vekke og mykje dårlegare plassert under kveldens konsertar.  

El Doom (Ole Petter Andeassen)
F.v: Doom Perignon (Henning Solvang), Papa Doom (Jacob Krogvold), El Doom (Ole Petter Andreassen). Bak trommesettet: Fast Winston Doom (Halvor Winsnes). Bak på bass: Angelov Doom (Egil Hegerberg)

Hästspark

I motsetnad til dag 1, måtte ikkje konsert 2 på dag 2 ofrast i namnet til liv og helse. Skribenten hadde lagt t-skjortene igjen heima, og hadde berre med seg ytterjakke og hettegenser (med Enslaveds motiv på). Dette førte med seg ein meir leveleg kroppstemperatur, og derfor kunne han oppleve nok ei gruppe. Turen gjekk inn til Sardinen, og til den svenske trioen i Hästspark (britiske The Clumps spelte ved scena på Studio). Den mindre erfaren gruppa leverte doom-/stonermusikk, men i ei meir upolert, rå og ekstrem form enn Tulsa. Vokalen song ut i meir skrikande tonar, og den forvrengte gitarlyden fjerna all hint av tystnad. Tidleg i settet rauk gitaristen i det unge bandet ein streng. Sannsynet for innblanding frå utanlandsk etterretning er nok liten her, og det logiske svaret er nok heller at hendinga kan skuldast på svenskkjøpte strengar.

Enslaved

Og så var me plutseleg kome til det som objektivt var festivalens store høgdepunkt. For å skildra for deg, kjære lesar, kor objektiv skribentens omtale av Enslaved kjem til å vera, så kan eg informera om at mens han skreiv desse orda, sang musikken til gruppa ut av Spotify. Skribenten er frå same region av landet som to av dei på scena, og han sat i pitten med høg puls og Enslaved-hoodie og song med på songane. Det er altså med sterk truverd og stor nøytralitet at skribenten kan informere om at dette var festivalens objektivt beste konsert. 

F.v: Grutle Kjellson (bass og vokal), Arvel Isdal (gitar)

Frå første augeblikk då bandet kom ut på scena og fyrte i gong Ethica Odini, var det tydeleg at noko spesielt foregjekk på scena. I eit set på rundt eit dusin songar som godt representerte gruppas over 30 år lange historie, leverte dei lokale metallegendane eit show som skribenten kjem til å hugsa og verdsetja lenge. Leia an av bassist og vokalist, Grutle Kjellson – flankert av gitaristane Ivar Bjørnson og Arve Isdal (jepp, han igjen) – fenga gruppa publikum, vakter, fotografar, og skribentar frå første stund. Festivalen sitt publikum viste til tider ein skilnad mellom dei som lener mot rock og dei som lener mot metall, men Enslaved var eit av tilfella der venn-diagrammet i praksis vart til ein sirkel. Det største og mest kritikkverdige ved settet til Enslaved, var at det tok slutt. Skribenten kunne gjerne stått der og høyrt gruppa spela gjennom samtlege av deira seksten studioalbum.

F.v: Ivar Bjørnson (gitar), Grutle Kjellson (bass), Iver Sandøy (trommer), Arve Isdal (gitar), Håkon Vinje (keyboard)
F.v: Ivar Bjørnson (gitar), Grutle Kjellson (bass), Arve Isdal (gitar)

Phantom Fire

Mellom setta til festivalens offisielle headliner og skribentens personlege headliner, dukkar det igjen opp eit vegval. Sardinen eller Studio, britisk punk eller bergensk speed metal. Valet var vrient, men skribenten valde å prioritere det meir lokale bandet. Dette gav han også høve til å gå opp til scena som er namngjeve Studio, den eine scena skribenten på det tidspunktet ikkje hadde opplevd. Ved denne scena fekk han sjå gruppa Phantom Fire, som leverte ein miks av moderne black metal og klassisk speed metal. Musikken i seg sjølv leverte, og dei tre musikantane kunne sine instrument godt. Stemning traff dei også på. Før gruppa gjorde sin entre, vart publikum møtt av ein einsleg fyr, sittande i ein stol, med ei flaske Jack Daniels i handa. Kor lenge han vart sitjande der er usikkert, men etter kvart reiste han seg og bidrog til showet meir fysisk. Dette fekk ikkje skribenten med seg. Etter ein time i eufori under Enslaved, var han såpass ausa opp at ein liten pause var nødvendig før kveldens siste konsert.

Fyr med whisky
Eld (bass og vokal)

Slomosa

Så var det på tide med festivalens store headliner, og gruppa som er ein stor del av opphavet til namnet på festivalen. Den lokale gruppa, som nyleg vant ein Spellemannspris og fullførte ein turne i U.S.A., var siste gruppe på scena, og svikta ikkje. Å headline ein festival er eit stort ansvar. Ikkje berre er du rekna som hovudattraksjonen som skal selje billettar, men du kan også påverke korleis store delar av publikum kjem til å hugsa festivalen. Det var ei tydeleg spenning i rommet, ulik noko anna før, då sceneteppe var lukka før Slomosa skulle på scena. Ein kunne føle på publikum at nå skulle noko spesielt snart skje. Vestlending, austlending, metalhead, rockefedre, kvinner, gutar, vakter, og småfulle. Alle såg ut til å vera ekstra klare for Slomosa, og då teppet opna og dei første forvrengde og fuzzy akkordane smalt ut, var publikum på tå.

F.v: Tor Erik Bye (gitar), Benjamin Berdous (gitar)
F.v: Benjamin Berdous (gitar og vokal), Jard Hole (trommer), Marie Moe (bass)

Skribenten sat roleg i pitten og tok bilete. Ord kan ikkje heilt skildra kor høgt og kraftig dette faktisk var. Han har vore på nokre konserten dei siste par åra, så høg lyd og støy er ikkje eit framand konsept for han, men dette var eit desibelnivå som låg eit par-tre hakk over normen. Det rista frå topp til tå, og ein bevega nesten på seg av vibrasjonane i salen åleine. Slomosa serverte eit langt og tungt sett som møtte svart god mottaking frå publikum – der ein kan mistenke at det var ganske mange lokale. På eit tidspunkt peika gitarist og vokalist, Benjamin Berdous, ut på eigne og andre sine foreldre i salen. Foreldra til eit av medlemma i gruppa opphaldt seg visstnok nær/i mosh pitten; Berdous’ eigne stod trygt og langt til den eine sida. Festivalens siste band gjorde som det første og markerte for Palestina. Etter å ha servert signaturlåta, Horses, forlet gruppa eigentleg scena, men den solide mottakinga drog gruppa ut på scena for ei ekstra låt. Dette var kanskje noko så sjeldan som eit ikkje-planlagd encore. 

Slutten

Men til slutt, har alt ein slutt, der ting tek slutt. Siste konsert var over, og publikum spreia seg rundt i mange retningar. Nokre gjekk til merchboden for å sikra seg eit siste stykke tøy. Nokre vandra i retning Kulturhuset og etterfesten. Skribenten gjorde det unikt intelligente valet å vandra dei tre kilometerane heim, trass den litt over gjennomsnittet høge mengda med regn den natta. Der han sat på hybelen, kvart gjennovåte klessplagg hengd til tørk, og kikka gjennom bilete som han hadde teke, tenkte han tilbake på festivalen. Mange tankar satt han igjen med, dei fleste positive. Musikken var god, stemninga fin, publikum snille, og arrangør kompetent. Fira tankar sverma hovudsakleg gjennom hovudet han:

  1. Enslaaaaaaaaaaved!!!!!!
  2. Mellom LHBT+ og Palestina, var det mange tydelege støttemarkeringar på scena
  3. Festivalen må kunne reknast som ein stor suksess som både arrangør og publikum nok kan sei seg svært nøgd med
  4. Dersom festivalen får ein andre årgong, håpar skribenten at han kan overtale Samvitens redaktør til å sende han for dekning ein gong til.

 


 

Andre artikler fra Tundra & Lightning 2025:

Skribent

Forrige artikkel

Tundra & Lightning | DAG 1

Neste artikkel

Intervju med Hayeminol