////
4 min lesetid

Intervju med Hayeminol

  1. oktober 2025 fann første årgong av rockfestivalen Tundra & Lightning stad på USF Verftet i Bergen. Under opningskvelden, om lag klokka 21:30 ved Sardinen scene, debuterte den oslobaserte punkgruppa, Hayeminol, med deira første konsert i Bergen – og på Vestlandet generelt. I den anledning hadde Samviten fått fiksa eit intervju med gruppa, og vald å sende to av magasinets representantar for denne samtalen som fann stad på eit hotellrom.

Til stades under intervjuet var Samvitens skribent, Andreas Bjørgen, og magasinets redaktør, Maja Reistad. Hayeminol var representert av Ånon Bakkjen, Thora Tuveng, Jonas Thuland og Simen Jakobsen Harstad.

Kven er dei?

Gruppa er eit osloband. «Alle er frå Oslo, vi starta i Oslo, vi er osloband», stadfestar frontmann Ånon Bakkjen.  Opphavet til det kjemisklydande namnet er lika enkelt. «Det betyr ingenting, men det høyrest ut som dop», seier Thora. «Vi liker å si at det er det stoffet i vaksiner som gir unger autisme», legger Ånon til spøkefullt. Gruppa avslører deretter at både namnet og gruppa dukka opp i grunnleggjar Ånon sitt hovud så langt tilbake som i barnehagen, då han byrja å fantasere om å starta eit rockband. Og då han vart ni år, gjekk ideen og ynskje over til realitet, og han stifta gruppa. «Vi skulle heitte Hayeminol, og vil skulle spela rock», var tanken sidan ung alder. Gruppa har nå halde på sidan 2013.

Kvartetten er ikkje gruppas opphavlege medlem, og berre Ånon er den som er med frå starten. Berre ein månad før dette intervjuet hadde eit anna originalmedlem, Alvaro, slutta i gruppa, og reist til Haag for å studere kunst – gruppa stadfestar at han IKKJE har reist til Haag for å stillast for retten.
På spørsmål om dei andre tre nyare medlemma tør i bidra til gruppa sin kreative prosess, svarar Ånon: «Dei har vore litt sjenerte», men avslører også at Thora har bidratt ein del med tekstar – noko ho har gjort sidan albumet Natural Born Failures – og at det «blir meir» frå dei andre etter kvart.

.

Røter i punkens verd & Norwegian & engelsk

Når det evige spørsmålet om sjanger dukkar opp, er gruppa samde om at grunnlaget ligger i punken, og både rock og «hayeminol»-musikk vert nemnd som alternative svar. Men punk ligger berre i botnen som eit grunnlag, og over den stablar gruppa lag av power pop, kunst pop, psychedelica og post-punk. «Punk er kjerna og det er det musikken er basert i, trass i at det ikkje alltid høyrest sånn ut», forklarer Ånon.

Kjærleiken for punk, og spesielt den norske legenden Joachim Nielsen (Jokke), forklarer også gruppas val om å variere språk mellom norsk og engelsk. Dei anerkjenner at engelsk er det meir kommersielle språket og det som kanskje kan treffe flest mogleg folk, noko andre har fortald dei fleire gongar, men Ånon avslører at det nemleg var Jokke som gjorde norsk kult. Om språkvalet til ei spesifikk, seier han at det er litt tilfeldig og kjem naturleg. I gruppas tidlege dagar var det ofte på (dårleg) engelsk, men så fant Ånon Jokke & Valentinerne, og morsmålet var plutseleg kult. Gruppa fortel også at innhald i teksta kan avgjera språk. Der engelsk kan bli framand og skape avstand der ynskja, vert norsk meir personleg.

Dei var faktisk på Pønk i Norge hyller Jokke i 2024, på eit av fire volum med norske artistar som covra låter av Jokke. Ånon valde å covre låta Et Hundeliv. Låta var ein tidleg påverknad på han, og spesielt ein gammal live versjon. «Eg syns han var ein jævli bra låtskrivar, rett og slett», seier Ånon om helten. «Musikken er mykje smartare enn folk trur», held han fram, og ytrar at Jokke fortener lika mykje skryt for musikk og melodi som han gjer for tekstane. På eit oppfølgingsspørsmål om fleire grupper som har påverka og betydd mykje, har gruppa, og spesielt Ånon, mange svar. Blant anna Beach Boys, Beatles, Byrds, Zombies, Kinks, The Sonics, Pleasure Seekers, Hüsker Du, Vipers, Damned og Buzzcocks. Pop og garasjerock frå 60-talet, og rock og punk frå 70-talet er tydelege gjengangar i desse og andre band som vart nemnd. Ånon namngav mange, og var spesielt nøgd med høve til å fortelja om alle gruppene han er glad i. Trommeslagar Simen kjem frå litt anna bakgrunn med jazz, eksperimentell, og metall. Trass i at han har lagt metallen litt frå seg for augeblikket, saknar han det hardare uttrykket.

Tundra & Lightning og vegen vidare

På spørsmål om kven gruppa ser fram til på første utgåve av den nye festival, vert første svaret Spidergawd. På spørsmål om korleis det føles å vera med på festivalen, svarer Thora: «Alt er berre ein vanleg gig til vi er ferdig. Og så når vi er ferdig, kan vi vurdere.» Dei fortel at enkelte konserter og events er meir personlege og spesielle, men dei likar ikkje å favorisere, og dei vil behandle flest mogleg konsertar på same måte. Alle liveframføringar betyr det same, men nokre har meir «stakes» enn andre. Festivalen får likevel litt ekstra status som gruppa sin konsertdebut på både Vestlandet og i Bergen. Simen seier at det å vera med på festivalen er: «Kjempestas!»

Kvar går vegen vidare for Hayeminol? Det kjem nytt album og forhåpentlegvis ein turné. På spørsmål om drøymelokaler, har bandet nokre veldig ulike svar. Australia, Tokyo, Amsterdam, Haag, Italia, og Bergen (kanskje for å smiska med Samvitens to utsendte, trass i at ingen av dei to er frå Bergen), men dei ytrar også eit ynskje om å halda konsert på meir ukonvensjonelle plassar. Om bord på ein buss i rute, ved eit akvarie, ein flyplass, eller heima hos nokon er eksempel på dette. Dei spesifiserer at konsert og turné hadde vore like fint i både Noreg og utland, men andre land hadde vore ekstra spennande for opplevinga. Likevel er alle gigs like, meiner gruppa.

Om vegen vidare seier Thora: «Utvikla oss, og ha det gøy.»

*Har du lyst til å veta kva Samvitens skribent syns om Hayeminols debut i Bergen og Tundra & Lightning generelt? Les artikkelen om Tundra & Lightning | DAG 1.

 


 

Andre artikler fra Tundra & Lightning 2025:

Skribent

Forrige artikkel

Tundra & Lightning | DAG 2

Neste artikkel

Sjøfareren (2024)