Illustrasjon: Alvilde Tønnesen
3 min lesetid

Bybanemonsteret

Ein dag kjem bybanemonsteret i raude-oransje, kvit, svart og grå fargar, til å gå på skjener langs Bryggen. For nokon vil dette skape eit estetisk ragnarok som vil endre Bryggen-landskapet for alltid. Eller vil den det? Kva gjer bybanen til eit udyr?

Striden om Bryggen

Skal ein forstå monsteret bybanen, har den samanheng med den pågåande striden om bybanen får lov til å erstatte dagens trafikkerte fylkesveg over Bryggen, eller ikkje, ettersom den vil påverke og forstyrre det kjente ikoniske Bryggen sitt visuelle landskap med UNESCO-verdsarvstatus. Medan tilhengjarane meiner dagløysinga ikkje gjer det, meiner motstandarane av bybanen langs Bryggen at den kjem til å bli ein katastrofe som vil rasere heile Bryggen og Bergen. 

Denne debatten er ganske særeigen for Bergen. Den er svært emosjonell og prega av personkonflikt, der skjellsord og hets (med eit par drapstruslar) haglar mot meiningsmotstandarar, i tillegg til at det blir servert “fake news” og desinformasjon om prosjektet. Det har blitt posta “photoshop-bilete”, lagt ut påstandar utan rot i verkelegheita om bygging av voll mot havstigning og at Bryggen kjem til å rase saman. Bybanen blir framstilt som noko større enn den er som vil ta opp plassen og rasere heile Bryggen.

Politiske dragkampar

Bybane langs Bryggen-debatten er prega av å vere polarisert. Den blir sett på som ein av dei mest kontroversielle politiske sakene i Bergen på fleire tiår. Der både FrP og Folkets Parti (FNB) har stått steilt i å vere prinsipielle motstandarar av bybanen, har denne saka delt parti i to som tilfella med Høgre, Raudt, Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Det viser seg at bybane-motstandarane finn saman på tvers av partipolitiske skiljelinjer og som går saman med Bryggens Venner for å kjempe ei felles sak for å forhindre bybanen og få vekk “udyret” frå Bryggen. 

Berre tanken om at bybanen kjem til å erstatte dagens biltrafikk som går på den knappe 100 år gamle utvida kaia framfor sjøhusa på Bryggen, blir sett på med skrekk og gru blant bybane-motstandarane i allianse med motstandarane av bybane-dagløysinga. Begge går vidare for å bygge tunnel for å skjerme Bryggen mot bybanen som om den skulle vere eit truande monster. 

Ei sak prega av uvisse og alternative fakta

Utbygging av bybanen er eit kompleks prosjekt der fleire faginstansar er involvert for tilsyn og godkjenning, og har i fleire omgangar gått i dei ulike politiske vedtaksorgana. For utanforståande kan dette stå fram som uoversiktleg om ein ikkje har kunnskap om korleis ting fungerer. Kan det hende Bergen kommune ikkje har vore flink nok til å kommunisere ut til folk? Sett i samanheng med det politiske landskapet i Bergen har dei tradisjonelt vore konservative til nye saker, så det kan vere forståeleg at det finst ei sterk motvilje til det som er nytt. Bypatriotisme spelar og ei stor rolle, men det blir fort drama når dei ikkje får viljen sin. Bryggen blir sett på som heilag over alt anna på jord og som noko ein ikkje får lov til å røre. For ein del bybane-motstandarar ser på seg sjølv som ekte bergensarar framfor andre, og påstår at det er dei som veit best. Noko forsøk på korrigering av fakta kan ein berre gløyme. Blant dei rår det ein mistillit til systemet. Ei uvisse om kva som er fakta har ført til at bybane-motstandarane har utnytta det til sin fordel med å gjennomføre “alternativ” utgreiing av bybanetunnel under eldre mellomalderbygrunn, eit prosjekt som fort vil koste milliardar.  

Kampen mot veljarane og mot monsteret

Trym Aafløy, tidlegare bystyrerepresentant for Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB), no uavhengig representant, argumenterte for at ingen kjenner den endelege prisen for å verne Bryggen mot det «snikande jernmonsteret». Om ikkje Aafløy trur at bybanen er eit fysisk monster, er denne monstermetaforen blitt brukt som ei slags forteljing for å stoppe heile bybane-prosjektet til Åsane. Og sidan har monster-karakteristikken om bybanen eskalert og blitt brukt heftig i kommentarfelta på Facebook til både Bergens Tidende, Bergensavisen (BA), Bryggens Venner, Folkeaksjonen: Nei til bil og bybane over Bryggen, og Bergenslisten , også kalla Tunnelpartiet.

For det kan ikkje vere enkelt å imøtegå dei som hardnakka ser på Bryggen som noko unikt og heilagt, og som grøssar berre av tanken på at bybanen ein dag kjem til å erstatte dagens trafikk som går på vegen langs Bryggen. Sjølv har eg vore i bybane-diskusjonen med bybane-motstandarar som helst vil at bybanemonsteret skal forsvinne rett gjennom ein tunnel, som dei påstår er billegare enn dagløysinga, utan å ha dekning for det. Kanskje er bruken av bybanemonsteret eit siste desperat forsøk på å forhindre at bybanen nokon gong blir realisert?    

Skribent

Forrige artikkel

Velferdsstaten – årsaken bak vår ensomhet?

Neste artikkel

Rike foreldre for alle!