Samviten anbefaler Biff: «Influence»

Foto: Bergen internasjonale filmfestival

Influence

Regi: Diana Neille, Richard Poplak

Dokumentaren Influence tar føre seg den innflytelsesrike mannen bak Margaret Thatcher sine tre valgsigarar, spinndoktor Tim Bell. I seinare tid kjend for å ha grunnlagd kommunikasjonsbyrået Bell Pottinger. For å setje det i eit norskt perspektiv; Bell Pottinger er First House sin litt slemmare og eldre stesyster. Med hans karriere lagt til grunn, får publikum bli med på ei reise frå reklamens spede start, vidare til korleis Bell blei en sentral del av Thatcher si valkampanje på 70-tallet og fram til Bell Pottingers fall etter skandaløse avsløringar om udemokratisk innblanding i valg. Influence er også eit bilete på korleis PR-bransjen er den nye politikken, og at ein aldri kan vite om eit val er heilt demokratisk. Det er ein skremmande, men likevel svært aktuell realitet.

Eg kan gjerne fortelje kven klientane er, berre ikkje kva myndigheiter eg har samarbeidd med. 

Tim Bell

Eit miljø og ein bransje som vanlegvis kan vere litt distansert og fjernt for folk flest, blir stilt til veggs i Influence. Som amatør og utenforståande, opplever undertegnede at filmen gir eit realitetsorientert perspektiv på kva som eigentleg har skjedd. Intervjua er nyanserte og vi får innblikk i fleire sider av saka, inkludert kommentarar frå hovudpersonen sjølv, som gjekk bort før dokumentaren blei utgitt. Det kjem meir og meir fram kva maktsvoltne menneske kan finne på å gjere for pengar. Frå å vere ein læregutt i det etablerte reklamebyrået Saatchi & Saatchi, følgjer vi Bell sin veg vidare som rådgjevar i Thatchers valkamp før vi vidare får sjå korleis hans firma Bell Pottinger tar på seg arbeid frå forretningsfamilien Gupta. “Tilfeldigvis” har denne familien god relasjon til tidligare statsleiar og korrupte Jacob Zuma i Sør-Afrika. Det kjem fram at Bell Pottinger blir betalt for å utnytte Sør-Afrika sitt problematiske og betente forhold til raseskilnad til familien Guptas fordel. Det blir sagt at eit tredjepartsland blandar seg i demkratiske prosessar, er eit steg for langt, sjølv for Bell Pottinger. I alle fall når det er kolonilandet Storbritannia som smakar på kaka til det tidligare koloniserte landet Sør-Afrika. Det er til slutt òg dette som fører til Tim Bell og hans firma sin undergang. 

Influence gjer ein god jobb med å trekke parallellar til andre dagsaktuelle valg, og gir ein sjelden smugtitt i ein herskelysten bransje. Vi får likevel følelsen av at det framleis skjer mykje bak lukka dører.

Fikk du ikke med deg denne på BIFF? Se den og flere på Biff + her (frem til 31.oktober)

Paula Jee Ullaland

Recent Posts

Samviten Recommends: A Complete Unknown

Read why the new Bob Dylan biopic impressed our reviewer.

1 uke ago

Teknologi fantasi

Det virker som at de menneskene som levde før vår tid, levde ganske annerledes. Vår…

2 uker ago

Samviten anbefaler: The Monkey

The Monkey - Turn The Key and See What HappensFilmen The Monkey følger familien Shelburn…

3 uker ago

Samviten Recommends: No Other Land

 No Other Land is an Israeli-Palestinian documentary film released in 2024, chronicling the systematic destruction…

4 uker ago

Samviten anbefaler: A Different Man

I filmen A Different Man følger vi Edward Lemuel, spilt av Sebastian Stan, en klein…

4 uker ago

Det polariserte USA – konspirasjonsteorier og frykt

Når man tenker på en konspirasjonsteoretiker, ser kanskje mange for seg en ensom fyr som…

1 måned ago