Categories: KulturSamfunn

Kvenfolkets dag – Kväänikansan päivä

Kväänikansan päivä er kvenfolket sin nasjonaldag som blir feira kvart år 16. mars. Føremålet med feiringa er å visa kvensk samhald, kultur, språk og identitet. Dagen blir feira over heile landet med ulike aktivitetar som ofte blir arrangert, gjerne i regi av dei ulike kvenforbundane sine lokallag og er open for alle som vil ta del i feiringa, der god mat, hyggeleg samvær, kulturelle innslag, foredrag om kvenske forhold m.m, høyrer med.

Bakgrunnen for feiringa av 16. mars var til minne for den første organiseringa av kvenar ved etablering av det første lokallaget Ruijan kväänit – Pyssyjokilaiset / Norske kvener i Børselv, i Finnmark 1984. Sidan har det vore ei revitalisering av kvensk kultur og språk. Feiringa av kvenfolket sin dag, den 16. mars vart først gjennomført for første gong i 2014, og fleire kommunar har følgd etter med feiring av denne dagen. Det er særleg dei siste åra at feiringa har fått større oppslutning i store delar av landet med å heisa kvääniflaku (kvenflagget) på flaggstengene utanfor rådhus og andre offentlege bygningar på kvenfolket sin dag. Bergen kommune og Universitet i Bergen heisar kvenflaget for første gong den 16. mars i 2022.

Kvenflagget vart heist for første gong ved Rådstuen i Bergen i 2022. Foto: Henrik Madsen

Kvenflagget vart designa av kunstnaren Bengt Johansson-Kyrö frå Jukkasjärvi i Sverige. Flagget består av ein mørk blå bakgrunn med aurinkonkukka (solblomster) som motiv. Dette solblomster-motivet kan ein finna att i gjenstandar i kvenske område i Sverige og Finland som i tradisjonell käsityö (kvensk kunsthandverk) som jakthorn, vevstolar, båtar m.m.

Dette flagget vart vedteken på landsstyremøtet i Ruijan Kvääniliitto – Norske Kveners Forbund i 2017, og står sentral som symbol for kvenar som folkegruppe og identitet med tilknyting på tvers av riksgrensene i Nordkalotten. I dag bur det kvener over heile landet og eksisterer som ein kultur som er høgst levande i dag.

Det kvenske flagget.

Til lukke med kvenfolket sin dag!

Hyvvää kväänikansan päivää!

Skribent

Sigbjørn Løland Torpe

Recent Posts

Samviten anbefaler: Thelma

Film for oss som er glad i bestemor Thelma er ei dreven dame på 93…

2 måneder ago

Samviten anbefaler: Strange Darling

Jeg elsker denne filmen. Denne filmen eier. Den er dritbra. Det er ikke vits å…

2 måneder ago

Samviten anbefaler: A Real Pain

A real pain er en film som kort sagt handler om identitet og ettermæle. Dette…

2 måneder ago

Samviten anbefaler: Ljósbrot

Om det er én film du skal se på kino i høst, så er det…

2 måneder ago

BIFF 2024 – Samviten anbefaler

Det er den tiden på året. Høsten har kommet. Det blir kaldere og mørkere. Det…

2 måneder ago

BIFF 2024: Maja anbefaler

KjærlighetEtter denne anmelderens egen mening, er Dag Johan Haugerud en av de få norske manusforfatterne…

2 måneder ago