Eg er fornøgd no

Med livet som innsats har han rømt frå Gestapo og kjempa for norsk fridom. No gler Alfred Hagelien (100) seg til å døy.


– Eg har ingen vennar igjen. Absolutt ingen.
– Korleis følast det?
Han trekk pusten.
– Det er trasig, ein blir litt einsam.

Det er ferie og mykje liv i den lange sjukeheimskorridoren. Ei lita jente vinkar i det ho ropar på oldemor i rullestolen lenger borte i gangen. Dør på dør møter meg i det eg går innover. Krigsveteran, økonom, handverkar, lærar, handballspelar. Mange levde liv samla på ein siste stoppestad.

Innanfor ei av dørene sit ein gammal mann i ein grå lenestol. På TV-skjermen rullar verdscupavslutninga i skiskyting. Det vesle rommet ber preg av familie og kjærleik gjennom eit langt livsløp. Alfred Hagelien (100) kan skilte med ein tresifra alder og meir livserfaring enn dei fleste av oss.

Det er ein flott mann som sit framfor meg. Han snakkar karakteristisk penbergensk og er velformulert. Alfred Hagelien har budd på Engensenteret sjukeheim i Bergen sidan juli i fjor. Då begynte han å slite såpass mykje fysisk at han fekk behov for å flytte på sjukeheim.
– Eit typisk moment er viss du treng hjelp til toalettbesøk, for det klarer ein som regel ikkje å styre sjølv. Ein blir ustø og redd for å gå over golvet åleine. Her kan eg berre trykke på ein knapp og då kjem det ein sjukepleiar og hjelper meg. Det er kjempeflott, fortel han.

bilde2

Han smiler.
– Her har eg det så godt som nokon han ha det. Alle er snille med meg, men eg er nok ein enkel pasient også. Eg er realist og heilt klar i hovudet, og det er det jo ikkje så mange av dei andre som er.

Mange av bebuarane på same avdeling som Hagelien er gjerne demente eller lir av andre krevjande sjukdommar.
– Eg har hukommelse som ein elefant og kan hugse det meste. Eg er vel ein av dei få som verkeleg kan skryte av sjukeheim, for det fortener dei. Dei gjer ein utruleg god jobb! Det er ofte det negative som kjem i avisene, gjerne formidla av familie i staden for dei sjølve. Det er synd.

Kjærleik ved første blikk
Før Alfred Hagelien sjølv flytta inn på Egensenteret, var han godt kjend her. Kona Grete, budde på akkurat same avdeling dei to siste åra før ho døde i mars 2014. Han besøkte henne to gongar dagleg. Dei var gift i 65 år.
– Der er Grete. Ho står der borte på nattbordet mitt. Det var slik ho såg ut då vi møttest.

Han peikar på det gamle biletet ved sidan av senga.
– Kvar morgon ser eg på biletet og seier «Hallo Grete», fortel han og ler.

Det var på ei dansetilstelning ved nyttårstider i 1945 det oppstod søt musikk. Det var kjærleik ved første blikk.
– Eg falt for henne som ei moda frukt. Det var heilt tilfeldig på ein dans, men det var inga dårleg tilfeldigheit. For meg var ho den beste i verda, og det er veldig godt å kunne seie.

Han kikar litt vemodig bort på biletet av Grete.
– Det var tungt å miste henne, eg saknar henne veldig. Men det gjer vel alle som har hatt eit godt liv saman.

bildeavkoneVanskeleg skulegong
Alfred Hagelien vart fødd den 11. september 1917 og vaks opp på Møhlenpris i Bergen sentrum. Størsteparten av livet har han budd i vestlandshovudstaden. Han fortel om ein god oppvekst, men at skulen var utfordrande.
– Då eg var ferdig med «første gym» fekk eg konsentrasjonsvanskar. Eg kunne sitte og lese i fleire timar, men når eg tenkte meg om hadde eg inga aning om kva eg hadde lese. Då vart det ikkje så mykje igjen inne i hovudet, seier han og ler.

Han ler stadig. Det er utvilsamt ein humørfylt kar.
– Eg har jo klart meg likevel da, skyt han inn.

Fem minutt forsprang på Gestapo
Alfred Hagelien vart lei av skulen og begynte å jobbe hos handelshuset Wallendahl, i Strandgaten. Der jobba han til hausten 1943. Då kom Gestapo for å ta han.
– Eg måtte stikke av. Tyskarane var etter meg. Då hadde eg nemleg slutta meg til etterretningstenesta XU, den største allierte etterretningstenesta i det okkuperte Noreg. Vi var veldig påakta av tyskarane og derfor fekk dei tak i namnet mitt, men eg var heldig. Eg hadde fem minutt forsprang på Gestapo den gongen dei kom og skulle ta meg, så eg kom meg akkurat unna. Heldigvis. Det var ikkje mykje, men det var nok.
– Var du redd?
– Ja, det må eg innrømme, svarar han kontant.

Hagelien er i dag ein høgt dekorert krigsveteran, med mange medaljar og utmerkingar for sin heltemodige innsats under krigen. Han er ein av dei siste tidsvitna frå andre verdskrig. Han likar ikkje å glorifisere seg sjølv og vil helst ikkje at vi snakkar om utmerkingane han har fått.
– Det er ikkje så ofte eg tenker på det eg har oppnådd. Det er ikkje det viktigaste her i livet. Eg er ikkje så sjølvgod at det gjer noko, seier han og ler.

Etter å ha rømt frå tyskarane flykta Alfred Hagelien til Sverige, der tok han befalutdanning.
– Eg var på befalkurs og skal innrømme at det var ganske tøft. Det var svenske offiserar og dei var både dyktige og strikse. Seinare vart eg fenrik og troppsjef på vår avdeling.

Bataljonen til Hagelien flytta mykje rundt, men stasjonerte seg til slutt litt sør for Kautokeino på Finnmarksvidda og låg der til freden i 1945. Han fortel ivrig om alt han opplevde under krigen. Det har brent seg fast i minnet.

Mykje å tenke på
På Engensenteret går livet sin vante gang. Dagane går for det meste med til å sjå på TV og å tenke tilbake på livet som har vore. 100 år er mange år å tenke tilbake på. Fjellturane til Jotunheimen, idrettskarrieren som orienteringsløpar, verdsreisene. Når han legg seg om kvelden kjem ofte tankane strøymande.

– Eg har levd så lenge og opplevd så mykje at når eg legg meg om kvelden dukkar det ofte opp tankar om ting eg har opplevd, som gjer at eg ikkje sovnar så fort. Det er rart med det.

Han tenker tilbake på det lange livet og seier han ikkje føler seg gammal til sinns. Det er berre kroppen som er fysisk utsliten. Blikket glir over familiebiletet på veggen.
– Eg har hatt eit interessant liv, i tillegg har eg ein flott familie. Dei er veldig snille med meg og kjem innom for å helse på. Det er fint å ha familie når det ikkje er så mange andre å snakke med.

Einsamt

Dei færraste får oppleve ein tresifra alder, gamle vennar finst ikkje lenger. Alfred Hagelien seier at det har lett for å bli einsamt når ein ikkje har nokon å snakke med. Han blir med eitt litt meir alvorleg.
– Det er trasig, for å seie det på den måten. Difor er det veldig viktig at familie følgjer opp! Eg ser det på andre som bur her at nokre får veldig sjeldan besøk, og vi har behov for å snakke med litt oppegåande folk iblant.

Han gir meg eit vennleg smil.
– Men eg er eigentleg fornøgd med mitt eige selskap, så eg sit for det meste her inne. Det er ikkje noko hjelp i å sitte der ute med dei andre. Mange på avdelinga er demente, så det er ikkje så enkelt å halde ein samtale med dei andre bebuarane. Eg snakkar mest med sjukesøstrene, og det er hyggelig det, men familien er også viktig, slår han fast.

Alfred og Grete

Alfred og Grete

– Kva er hemmelegheita til eit langt liv?
Han humrar litt.
– Nei, det veit eg ikkje. Eg kallar det for ei tilfeldigheit, men har levd eit aktivt liv, viss det har noko å seie. Eg røykte som ungdom, men elles levd sunt. Saman med Grete gjekk eg mykje fjellturar, og sjølv var eg orienteringsløpar til godt oppe i 50-åra. Det er forskjellig korleis livet behandlar oss, men også korleis vi tek vare på det.

– Lærdom er aldri tungt å bere

Hagelien er realist på sin hals og konsentrerer seg mest om det som skjer her og no, det som var tidlegare får han ikkje gjort noko med uansett. Han angrar ikkje på nokon ting i livet, men vil likevel råde ungdommar til å konsentrere seg meir om utdanninga enn det han sjølv gjorde.
– Viss eg skal gje eit tips til dei som veks opp i dag, vil eg seie at sjølv om det er tungt å gå på skule og studere, så lønner det seg likevel å konsentrere seg så godt ein berre kan for å få ei best mogleg utdanning. Sjølv hadde eg ein dårleg artium, og viss eg hadde gjort den litt betre kunne eg ha studert fleire fag. Lærdom er aldri tungt å bere! Få så mykje lærdom som mogleg er mitt beste tips.

På lag med døden

– Har du noko du ser fram til?
Han ser meg i auga.
– Kva eg ser fram til? Jo, det skal eg seie deg. Det er å døy.

Det blir stille ein augneblink. Han smiler.
– Kort og greitt. Eg har hatt eit godt og innhaldsrikt liv, eg har levd lenge nok. Ein gammal venn av meg som eg hadde kjent i over 90 år, døde for eit år sidan. Vi hadde som regel ein telefonsamtale i veka, og på slutten sa han «Kan du begripe kvifor vi ikkje får lov til å døy?», så eg trur det er ei innstilling ein får når ein blir gammal nok. Det er nok ikkje så mange gamle som er redde for å døy. Ungdommar klarer ikkje å innsjå det. Det er ein lang livssyklus som gjer at ein får ei litt anna innstilling døden.

– Du er ikkje redd for døden altså?
– Nei, det blir nokså alminneleg at ein ser det som ein naturleg overgang. Eg veit like lite som andre kva som skjer «efterpå», men vi får ta det som det kjem. Eg er fornøgd no.