5 min lesetid

Bergen- tre stygge bygg?

«Styggest: dessverre fleire kandidater, her men dei fleste nyare boksane er stygge; t.d. nye Gulating og ADO. Mathallen, Rådhuset, Realfagsbygget og Bygarasjen er sjølvsagt kandidater, i tillegg er Grieghallen støgg’ på avstand (betongtoppen). Likevel…Rådhuset med si plassering. (riv det og kjør *eventuell* bybane igjennom tomten og inn i tunnel.»

Bergens Tidende 19.07.2019

Her er eksempel frå kommentarfelt i Bergens Tidende (BT), den 19.07.2019 som illustrerer meningsytring av kva som er stygge bygg i Bergen, som det er delte meiningar om og som vert heftig diskutert, med jamne mellomrom. BT inviterte lesarane til å delta på ei uhøgtidleg kåring i 2019 av Bergens styggaste og finaste bygg. Med utgangspunkt i kåringa arrangerte Studentersamfunnet i Bergen, tidlegare i haust ei byvandring med Hans Jacob Roald, dosent i byplanlegging ved HVL, har eg vald å ta for meg tre byggverk frå 1970-åra, med eigen vri: siste, midterste og første plass på BT sin verstinglista. Eller er dei så ille?  

Realfagbygget
foto: Sigbjørn Løland Torpe

Realfagbygget til MATNAT ved Allégaten, vart ferdigstilt i 1977, og teikna av Harald Ram Østgård etter inspirasjon frå japansk samtidsarkitektur til f.eks. Kunio Maekawa sitt konserthus Kyoto Kaikan (1960), der du kan sjå enkelte likskapstrekk. Prinsippa med dei er prefabrikerte modular, som vert sett saman som byggesett på byggeplassen. Dette kjenneteiknar 1960-talet modernistisk etterkrigsarkitektur. Realfagbygget har detaljerte gesimsar som gjev rytme i fasaden med klassisme med fordekt geomertriske former, og i uteområde med fontene og  nedre del av fasaden mot gateplan er kledd i naturstein. 

Det høyre og med i historia at Statsbygg og plansjefen i Bergen var usamd i gjennomføringa av dette prosjektet. Også Bergen Arkitektforening protesterte mot dette bygget. Statsbygg stod likevel på sitt og trumfa dette byggeprosjektet gjennom som var ein av ein samla plan for fleire av UiB sine nybygg på Nygårdshøyden.  

Tilbakemeldingane til dette bygget var alt anna enn positiv. Den vart stempla som overdimensjonert, stygg, grå, trist og innelukka. Dette var stikk i strid med kva forventningar ein hadde til universitetsbygg med ein meir opnare fasade. 

Ideelt sett burde Allégaten vore open med meir utsikt i retning Ulriken, men diverre vart ein del av Fysikkbygget plassert over gata som sperra utsikta. Hans Jacob Roald kom med følgjande resonnement: “- Om det ikkje er dårleg arkitektur, så er det dårleg byplanlegging med dominerande bygg som kjempar om merksemda,” og legg til at Staten sin endelege hemn med dette kontroversielle Realfagbygget vart freda av Riksantikvaren i 2014. 

I faglitteraturen vert Realfagbygget framheva som representant for modernistisk «brutalisme», som er ubehandla betong med merke etter forskalingstreverk. Roald stiller seg kritisk til brutalisme-omgrepet som han meiner  verkar nokså skjematisk-konstruert og lite gjennomtenkt. Han gjev kunsthistorikarane skulda for å ha konstruert opp dette, altså ikkje arkitektene som bygde det. Men Roald har ikkje noko forslag på eit anna passande omgrep.

Grieghallen
Foto: Sigbjørn Løland Torpe

Konsert- og konferansehuset Grieghallen er kalla opp etter komponisten Edvard Grieg. Dette bygget vart ferdigstilt i 1978, teikna av danske Knud Munk, vinnar av den internasjonale arkitektkonkurranse for bygging av dette huset. 

Grieghallen ber preg av etterkigs-funksjonalisme i glass, stål og betong, forma som ei viftekranskrone av armert betong forma. Og søylegang rundt bygget med referanse til klassisk byggestil. Forma til Grieghallen kan minne om eit svevande flygel. Fasaden har tonete vertikale glassrute som er innramma av raudbrundt cortenstål. Ved sida av det funksjonelle har den og ein særeigen arkitektoniske stil som ein ikkje finn andre stadar, noko som kjenneteiknar konseptarkitektur. Bygget representerte noko nytt for Bergen. 

Meiningane om dette bygget var i starten av byggeperioden delt. Særleg var skepsisen knytt til lang byggetid på overtid, i tillegg til at stålramma rusta. Uvitande om at korrodering av stål fungerer som overflatebelegg vern mot vidare rust. Dette bygget kom på 4. plass på verstinglista. Av enkelte som uttalte seg i BT. vart den samanlikna med bunkers. Kritikk frå enkelt hald, gjekk på at den på avstand minnar om ein bunkers – “betongtoppen”. Sett vekk frå denne karakteristikken verkar Grieghallen både open og tilgjengeleg. Særleg på nattestid – best synleg frå Nygårdsgaten på kveldstid, når det skjer konsertar eller og andre store arrangement som føregår i foajen i 1 og 2. etasje. 

Rådhuset – Bergens styggaste bygg?
foto: Sigbjørn Løland Torpe

Rådhuset i Bergen kom på førsteplass i BT si verstingkåring. Eit såkalla “bad-taste-bygg” ifølgje Roald, som heller vil karakteriserer det som eit flott bygg som ligg ved Festplassen. Knut Viksjø teikna dette bygget i 1950 og vann arkitekturkonkurransen. Som med Realfagbygget representerer modernistisk-etterkrigsarkitektur med intensjon å tene folket sine behov – stilrein og fri for unødvendig ornamentikk. Utbygginga kom seint i gong, 1971, og vart ikkje fullført før i 1976. Som med Grieghallen og Realfagsbygget vart den som med bygd i armert betong dekt med sandblåst elvesteingrus. På endevegg mot Festplassen har den tydelege bølgemønster som ein kunstnarisk uttrykk.  

Rådhuset var i utgangspunktet planlagt med fleire bygg. Slik gjekk det ikkje. Då bygginga av blokka startar i 1971 synte det seg at økonomien i prosjektet vart for trang, pluss at protestane var massiv mot rådhusblokka og det planlagde rådhus-kvartalet som i praksis var overdimensjonert. Om planen ville blitt godkjent ville Manifakturhuset frå 1600-talet og andre bygg blitt rive. 

900-årsbyjubileum i 1970 i kombinasjon av aukande interesse for arkitektur- og byhistorie blant folk var truleg årsak til den store motstanden mot heile rådhus-prosjektet. Det heile enda med at berre rådhusblokka vart bygd. Det ein ikkje såg for seg før på 2010-talet, funn av asbest, sprekkdanningar og avskaling av betongbitar som fall av, og oppsprekking av dei nedre dei bærande betongsløylene manglar tilstrekkeleg armeringsjern, såkalla “tekniske snarvegar” som følgje av byggfirma sin økonomiske innsparing. Dette heile førte til totalrehabilitering av heile rådhuset. 


Store stygge bygg? Grieghallen, Realfagsbygget og Rådhuset i Bergen er bygd i 1970-åra, rett nok med tiår på etterskot. Dei var overdimensjonert – stikk seg ut. For å ikkje snakke om sprengte dei økonomiske rammer og passar ikkje heilt inn i eksisterande bymiljø og vart utskjelt av folk. Trass dette er dei både tiltalande og sjarmerande som uttrykk for etterkrigstidas  funksjonalisme og konsteptarkiektur, tilpassa for bestemte føremål. Realfagsbygget og rådhuset har rektangulær kubiske former, den eine som “liggande” UiB-undervisningsbygg, medan den andre stå oppreist på høgkant som offentleg bygg. Grieghallen i stål, glas og betong i ei salig tidstypisk blanding mellom modernistisk  og  konseptarkitektur som den typen kulturhus. Alle bygga tre har ei spennande historie og byggtekniske detaljar som reflekterer tidas rådande arkitektoniske prinsipp og funksjon. Dei vil stå seg i framtida med solid porsjon kjærleik – blir dei tatt vare på for framtida.

Kjelde
  • Bergens Tidende, 15.09.2018 “Den utskjelte skjønnheita”. 
  • Bergens Tidende, 19.07.2019 “Dette mener fagpanelet kan karakteriseres som et velkomponert missfoster”
  • Bergens Tidende, 12.08.2019 “Resultatet er klart: BTs lesere har kåret Bergens styggeste bygning”.
  • Brekke, N. G., Nordhagen, P. J., & Lexau, S. S. (2008). Norsk arkitekturhistorie: frå steinalder og bronsealder til det 21. hundreåret (2. utg.). Samlaget.
  • Studentersamfunnet i Bergen. 16.09.2020 Byvandring: Byens styggaste bygg v/ Hans Jacob Roald (munnleg kjelde) 
  • Universitetet i Bergen. Eiendomsavdelingen: Forvaltningsplan UiB 10197 – kompleks 9900488  – Realfagbygget, Allégaten 14.  http://ekstern.filer.uib.no/eiendomsavdelingen/Forvaltningsplaner/Realfagbygget.pdf

Skribent

Forrige artikkel

Bachelorgrad til besvær

Neste artikkel

Drodlerier om dans