Categories: IntervjuSamfunn

Arkitekturopprøret – kva slags opprør er det?

Arkitekturopprøret er ikkje kva som helst slags opprør. Spørsmålet er: Kven er dei som står bak dette opprøret?

Arkitekturopprøret Norge er ei gruppe som har funne saman i sosiale media; Facebook og Instagram. Denne såkalla: «opprørsgruppa» viser seg å vere eit breitt spekter av ulike personar med sterke meiningar om arkitektur, der sosiale media blir aktivt brukt som kanal for å uttrykke sin frustrasjon og misnøye av nybygg. Det er eit slags retorisk opprør. Dette fenomenet dukka først opp i Sverige 2014, og spreidde seg deretter vidare til fleire land. Tal på medlemmer i dei ulike gruppene kan variere. I Bergen finst det to instagram-grupper: AO Bergen og AO ved UiB. Arkitekturopprøret sine synspunkt har i dei siste år blitt fanga opp av media og dei har fått merksemd for sine saker. Kven er det dei kritiserer?  

Aktørar som blir kritisert

Kritikken blir retta i stor grad mot arkitektar, utbyggjarar og myndigheiter som har ansvaret for byggesaker som blir sett på som stygt. Og det blir illustrert med bilete og kommentar, der publikum kan kommentere. Andre metodar som blir brukt for å skape merksemd for kritikken er å nominere eigen pris, såkalla: «Grøssprisen». Der folk kan sende inn forslag til stygge bygg, som blir nominert til “folkeavrøysting.” Bygg som har fått Grøssprisen har tidlegare vore Munchmuseet (2021) og Nasjonalmuseet (2022) i Oslo. Det høyrer også til historia at Vestland fylkeskommune sitt Vestlandshuset i Bergen, blei nominert, men nådde ikkje opp til å få den lite ærefulle prisen. Likevel: Har Arkitekturopprøret sin kritikk noko poeng, og har dei noko å bidra med i debatten?

Arkitekturopprøret Norge og Arkitekturopprøret Bergen

For å finne litt meir ut om kven dette er, kontakta eg Thomas Flemming, leiar i Arkitekturopprøret Norge og Helene Høylandskjær medlem i Arkitekturopprøret Bergen med spørsmål på e-post (Arkitekturopprøret ved UiB fekk også tilsendt spørsmål, men eg fekk ikkje noko svar frå dei).   

Fortel litt om din AO-gruppe og om deg sjølv. Kva er det som gjorde at du vart engasjert i Arkitekturopprøret?

Thomas Flemming: – Arkitekturopprøret er ei Facebookgruppe som blei etablert av Audun Engh i 2016. Seinare etablerte Saher Sourouri og Erik Holm ein instagram-konto.

Sjølv er eg fødd og busett i Oslo. Som barn vaks eg opp i ei bustadblokk frå sekstiåra på Kolbotn utanfor Oslo; eit område som er prega av etterkrigsarkitektur. Eg vart først interessert i arkitektur då eg las teikneserien Asterix. Sjølv likar eg å teikne hus, men valde ved eit slumpetreff å studere informatikk i staden. I 1994 kom eg over ein artikkel i Aftenposten om byggjeprosjektet i Poundbury i Sør-England, ein stad som blir omtalt i boka Building Classical, skriven ein arkitekt Leon Krier, med føreord skrive av dåverande prins Charles (også kjent som forsvarar av klassisk arkitektur). I 2007 vart eg kjent med Audun Engh, og eg blei invitert til å bli med i AO-gruppa.

Helene Høylandskjær: – Eg er 25 år og studerer siste året på master i Medie- og interaksjonsdesign ved UiB, og er fødd og oppvaksen i Bergen. Arkitekturopprøret Bergen er ei gruppe på fem, men held på med omorganisering og verving av nye engasjerte medlemmer no i haust. 

AO Bergen vart starta i september 2022 av Frida Eikeseth, som også er med i AO Norge. Motivasjonen for å starte denne lokale AO-gruppa er å fremje tradisjonsorientert arkitektur. Fleire område i Bergen er i utvikling, spesielt langs bybanen. Bergensarar som følgjer oss er sannsynlegvis fortvila over korleis byggherrar rår over byen, og får bestemme over korleis omgivnadene våre skal sjå ut. Nokre parti har byrja å forstå at dette er viktig, og at vi må demokratisere delar av byutviklinga for å sørgje for at utviklinga tilfredsstiller behova våre no og framtida. Eg meiner modernistisk arkitektur ofte blir bygd med låg kvalitet på materiale og dårleg planlegging, dermed må det gjerne rivast etter 30 år, som f.eks. Fylkeshuset i Bergen. Derfor heng tradisjonell arkitektur også tett saman med bærekraft og langsiktig byplanlegging. 

Eg har alltid vore oppteken av omgivnadene mine, og korleis det påverkar oss. Derfor har eg også vore fortvila over kor stygt det vart bygd rundt i Bergen og omland. Før arkitekturopprøret var eg usikker på om det var fleire som hadde likt syn på arkitektur. Heldigvis viste det seg at det er haugevis med folk som er opptekne av dette. Då insta-gruppa @aonorge vart oppretta i 2021, vart eg med i gruppa, og følgde flittig med. Men det var først då @ao_bergen-instakontoen vart oppretta at eg meldte min interesse i å bidra aktivt til denne gruppa. 

Kva konkrete lokale saker kjempa di AO-gruppe for?

Thomas Flemming: – Vi jobbar for å bevisstgjere innbyggjarar på at til sist, så er det dei som bestemmer korleis byar og tettstader skal sjå ut i Noreg. Byar som turistar og innbyggjarar ikkje synest er vakre, er eit teikn på at lokaldemokratiet ikkje har fungert.

Helene Høylandskjær: – Målet vårt er å dekke mest mogleg. Men det aller viktigaste er å komme på banen tidleg i planleggingsfasen til kommune og fylke, fordi det er då vi kan påverke avgjerder og planar som blir vedteke. Vi vil gjere det lettare for bergensarar å følgje med på desse sakene, ofte høyrer ein ingenting før riving av flotte bygg eller horrible utbyggingsplanar vert vedtekne.  

Kva type innhald publiserer dokke i sosiale media?

Helene Høylandskjær: – AO Bergen publiserer alt frå før og etter bilete, prospektbilete vs. realitet, vakre og stygge bygg, video-innhald. Vi får også mykje bra innhald innsendt til brukaren av følgjarane våre. Det er veldig hjelpsamt då det er lett for at viktige saker går under radaren til det er for seint å gjere noko med det. Vi har også fått oss Tik Tok-brukar.

Thomas Flemming: – Det blir publisert mykje bilete. Gjerne to bilete som samanliknar prosjekt i Noreg og tilsvarande prosjekt i utlandet i tradisjonell stil. Framleis blir det delt artiklar, sjølv om dei fleste lokalaviser er bak betalingsmur.

Opplever din AO-gruppe å nå fram med bodskapen?

Thomas Flemming: – Dei siste tre åra har det komme godt over tusen mediesaker i aviser, radio og tv. Arkitekturopprøret blir lagt merke til. Sidan det tek så lang tid å få innvilga byggjeløyve, så vil det ta nokre år før vi forhåpentleg ser nye bygningar som skapar begeistring i folket.

Helene Høylandskjær: –  Eg trur vi påverkar mykje ved å auke forståinga for arkitektur, og arkitektur angår alle bergensarar i aller høgaste grad! Blant vanlege bergensarar vil eg seie at vi når fram i debatten fordi det blir prata om, men kanskje ikkje i den offentlege debatten om arkitektur. Der går @aonorge fram som gallionsfigur.

Kjenner du til politiske parti/grupper lokalt som kjempar det same same sak som arkitekturopprøret?

Helene Høylandskjær: – Senterpartiet Bergen er det einaste partiet som heilt konkret ønskjer tradisjonsbasert arkitektur. 

Thomas Flemming: – I Bergen kjempar Senterpartiet for å forhindre fleire høgblokker i sentrum. Dei vil også oppmuntre utbyggjarane til å bygge i same stil som eksisterande bygningar i sentrum. Bergen sentrum blir ikkje til eit museum berre fordi ein byggjer nytt i stilartar tilpassa dei eksisterande bygningane.

Korleis er reaksjon ute blant folk, får dokke noko tilbakemelding frå folk, på kampen dokke kjempar for?

Thomas Flemming: – Vi får veldig mange hyggeleg tilbakemeldingar på kor takksame mange er for at vi tek opp kampen mot ein del utbyggjarar, arkitektar og politikarar. Det har vore mykje apati og kjensle av maktesløyse i område der det blir bygd mykje. Som til dømes i Lillestrøm, og langs bybanen i Bergen.

Helene Høylandskjær: – Stort sett positiv, men det er sjølvsagt nokon som er kritiske òg. Debatten om “stygg og fin” arkitektur har vore og er tabu i fagmiljøet. Personar som stiller seg kritisk til modernistisk arkitektur kan bli måla som uintelligent som ikkje forstår seg på det, f eks. tidlegare fagsjef i NAL Camilla Moneta meinte at arkitekturopprøret appellerte til «reptilhjernen (sagt ein debatt i Dagsnytt 18)». 

Eg tenkjer at alle reaksjonar er bra, fordi det får bergensarar til å aktivt ta omsyn til arkitektur.

Mitt inntrykk frå intervjuet og om arkitekturopprøret sin legitimitetI sosiale media kan ein få inntrykk av at arkitekturopprøret verkar aggressivt der dei kjem med bombastisk biletbruk som “stygt” og “fint”. Med tanke på medlemmer viser det seg at mange støttar deira syn, og føretrekk tradisjonell arkitektur som ofte appellerar til folk sine kjensler. Det finst ei misnøye med dagens samtidsarkitektur der byggherre og politikarar får skulda. Dette er lett for å bli avvist og bagatalisert av utbyggjarar. Inntrykket mitt frå AO Bergen og AO Norge er at dei ikkje verka særleg aggressive, og svarar på spørsmåla på ein rasjonell måte. Dei er oppteken av utvikling i byar og tettstadar, men dei har lett for å henge seg opp med å kritisere fasadar på bygg. For diskusjonen om byggverk handlar om meir enn fasade. Det gjeld og trivsel i bustad og nærmiljøet som skal henge i hop med tekniske krav. Utfordringane er kostnadkutt som påverkar sluttresultatet for bumiljøet. AO kan med fordel reflektere meir over dette, og over utfordringa med dagens marknadsstyrte bustadpolitikk som er med på å skape sosiale skildnadar blant folk. Det bør og vere en del av debatten. Sjølv om AO sin kritikk kan verke snever, har dei ein del gode poeng i debatten om å finne gode løysingar, og betre arkitektur og miljø. Dialog er nøkkelen til å lukkast. Det er ingen tvil om at arkitektur påverkar oss. Arkitekturopprøret representerer ei av fleire røyster i den offentlege debatten – og det trengst!  

Skribent

Sigbjørn Løland Torpe

Share
Published by
Sigbjørn Løland Torpe

Recent Posts

Samviten anbefaler: Thelma

Film for oss som er glad i bestemor Thelma er ei dreven dame på 93…

3 uker ago

Samviten anbefaler: Strange Darling

Jeg elsker denne filmen. Denne filmen eier. Den er dritbra. Det er ikke vits å…

3 uker ago

Samviten anbefaler: A Real Pain

A real pain er en film som kort sagt handler om identitet og ettermæle. Dette…

3 uker ago

Samviten anbefaler: Ljósbrot

Om det er én film du skal se på kino i høst, så er det…

3 uker ago

BIFF 2024 – Samviten anbefaler

Det er den tiden på året. Høsten har kommet. Det blir kaldere og mørkere. Det…

3 uker ago

BIFF 2024: Maja anbefaler

KjærlighetEtter denne anmelderens egen mening, er Dag Johan Haugerud en av de få norske manusforfatterne…

3 uker ago