Categories: KulturProsaSamfunn

Kvar er kvinnene?

Det er eit faktum at berre 20 prosent av dei som står på norske konsertscener er kvinner. Har fråværet av kvinner i musikkbransjen vorte så sjølvsagt at vi ikkje ein gong kjem på å sette spørsmål ved kvifor det er slik og om det kan vere annleis?

Kvifor er det slik at Gurls må skrive sanger om folk som seier at dei må skaffe seg ein ordentleg jobb, og ikkje vere syngedamer? Kvifor har Razika fått høyre at ein er vel lesbisk viss ein er dame og speler trommer? Kvifor kjem gutar opp til dei etter konsertar og seier at dei ikkje visste at jenter kunne spele i band?

Ja, kvifor er folk oppriktig overraska over at det er Razika sjølv som har skrive Vondt i hjertet, og at dei faktisk spelar inn songane sine sjølv – utan studiomusikarar? Og kvifor blir Alma Mathea Huseby overraska over at det er damer som speler i det bandet ho skal byrje å synge i? 

Halvparten av ressursene

Vill Vill Vest og Studentersamfunnet arrangerte tidlegare i haust debatten Damer i musikkbransjen. Etter å sjølv ha spela bass i 10 år hadde eg ei personleg interessere i tematikken, og no var eg også særleg interessert i denne debatten i lys av #metoo. I panelet satt musikarane Alma Mathea Huseby frå bandet Pikekyss og Marie Amdam frå bandet Razika. Saman med dei satt Rhiannon Edwards, som arbeider i musikkutstyrsordningen og Balansekunst, og er tidlegare styreleiar i AKKS. Balansekunst er ei dugnadsånddreve kunst- og kulturforening som arbeider for likestilling og mangfold i kulturlivet. AKKS er ein av medlemsorganisasjonane deira, og har særleg fokus på å inkludere unge jenter i musikkbransjen. Balansekunst har mellom anna utvikla anmelderveiledninga Spriket i språket som eit verktøy i arbeidet med likestilling. Den tek for seg enkle råd for korleis ein lettare kan anmelde musikken som blir spela, og ikkje utsjånaden på den som framførar han. Eit av rådene set det heile på spissen og går omtrent slik: for alle dei gongane du har lyst til å bruke jente/kvinne for å beskrive noko, bytt det ut med ein religion – ein ville ikkje sagt jødeband, så da seier ein heller ikkje jenteband.

Grovt sett er kjønnsfordelinga 80 prosent menn og 20 prosent kvinner i musikkbransjen i dag. “Hvis vi bare rekrutterer fra halvparten av befolkningen går vi glipp av halvparten av ressursene. Det har vi ikke råd til. Det er et enormt potensielt produktivitetstap.” påpeker Rhiannon Edwards. Slik musikkundervisninga er i dag er det store kjønnsforskjeller i preferanser av instrument: 9 av 10 barn som får undervisning i fløyte eller song er jenter, medan 9 av 10 som får undervisning på trommer, bass eller gitar er gutar. For å gjere det meir attraktivt for jenter å spele i band, arrangerer AKKS mellom anna bandleir spesielt for jenter. Men kvifor er det per no så få kvinner i musikkbransjen? Kampanjen #metoo har fått mange kvinner i norsk musikkbransje til å fortelje om sine opplevingar om seksuelle overgrep, trakassering og vald. Meir enn 1000 kvinner i norsk musikkbransje signerte oppropa  #nårmusikkenstilner og #visyngerut. Historiane som blir fortalt der kan åleine vere grunn nok til å forlate musikkbransjen, har ein først kome inn i den.

Menn som bookar menn
Sidan Spellemannprisen vart etablert i 1985 har Årets Spellemann berre 4 av 33 gonger gått til ei kvinne. Altså omtrent ei kvinne i tiåret, mens eksempelvis Øystein Sunde har fått prisen to gong, i tillegg til saman med Gitarkameratene. Stemmer – same mann tre gonger. Han er ikkje unntaket heller, for Morten Harket har òg fått prisen både som soloartist og med band. Det kan nesten virke som om kvinnene blir litt gløymd under denne utmerkinga. Rhiannon Edwards framhever homososial reproduksjon som ein av grunnane til skeivbalansen i musikkbransjen. Homososial reproduksjon vil seie at ein ofte veljer å arbeide, eller omgås, med dei som er lik ein sjølv. I dag er dei fleste som arbeider med booking menn. Når det da er menn som sitt i bookingverva er det lett at dei bookar folk som liknar seg sjølv -altså andre menn- til å spele på festivalane sine. I dag er antallet kvinner som blir booka som headlinere på festival 20 prosent. Kaja Gunnufsen, og fleire artistar, har i den forbindelse nevnt kjønnskvotering som noko nødvendig. Kjønnskvotering vil altså fungere som eit virkemiddel for å utgjevne skeivebalansen, ved å gi kvinner ein fordel når artistar skal bookast.


Likestilling – eit samfunnsansvar, ikkje kvinneansvar

Rhiannon Edwards oppfordra menn til å vere meir synlege i debattar om, og arbeid mot, skeivbalanse i musikkbransjen -“For likestilling er ikke et kvinneansvar, det er et samfunnsansvar.”. I panelet under debatten Damer i musikkbransjen var det ingen menn. I etterkant av debatten seier Studentersamfunnet at det ikkje var sjølvsagt at det kun skulle vere kvinner med, men at det var vanskeleg å finne menn som hadde uttalt seg om temaet. Dei trur mange menn føler at dette er noko dei ikkje kan eller bør uttale seg om. Dei påpeker at dette er trist, da det hadde vore svært nyttig å ha menn med i denne samtalen. “Det er viktig å løfte samtalen opp på et annet nivå og få frem at vi ikke trenger å løfte kvinner opp og frem fordi det er synd på dem, men heller fordi det er et problem for samfunnet generelt at kvinners historier i musikken ikke kommer like godt frem som menns.”

Sjølv om scenene under Vill Vill Vest presenterte kvinner på høgt nivå, var det ein ubalanse i representasjonen av kvinner på programmet. Det var omtrent dobbelt så mange artistar som bestod utelukkande av menn (41 stk) i forhold til antall artistar som hadde minst éi kvinne med (22 stk). Ettersom Vill Vill Vest er ein demofestival, vil det seie at artistane sjølv må melde seg på før dei deretter blir vurdert av ein jury. Simen Korneliussen, dagleg leiar for festivalen, påpeker at det er viktig for festivalen å strebe mot ein kjønnsbalanse i musikkindustrien. Dei artistane som har meldt seg på festivalen, sidan oppstarten i 2016, har i stor grad bestått av menn, noko som reduserer juryens moglegheit til å aktivt jobbe med kvotering. Vill Vill Vest har som målsetting å moderat auke antallet kvinner på festivalen, og sidan 2017 har antallet band med kvinneleg frontfigur aukt frå omtrent 30 til 33 prosent i år. Også bak kulissene er dette eit fokusområde, og i 2018 bestod administrasjonen av 63 prosent kvinner.

Eit av desse banda med kvinneleg frontfigur, spelte på Landmark under festivalen. Bandet heitte Gurls, og dei tok tilbake det negativt ladde begrepet syngedame til de grader – etter å ha sett bandet live får kven som helst lyst til å vere ei syngedame sjølv! Landmark er del av Bergen Kunsthalls intensive og utforskande program med konsertar, klubbkveldar og arrangement. I år er programmet kurert av Eva Rowson, og samarbeid, eksperimentering og feminisme vert vektlagt. Eva Rowson meiner at arbeidet med å få til ein 50/50 kjønnsbalanse på konsertscener og i utstillingsprogram, samt debattar om kvinner i musikkbransjen, er viktige bidrag for å gjere hardtarbeidende kvinner meir synlege. Men ho poengterer at ein ikkje kan seie seg nøgd med det: “Revolution is an everyday maintenance. We need to shift our questioning not to who is on the line up but to the structural root of how organisations are organised, education is educated and history is historicised.”.

_____________________________________________________________________________

Ver grei!

Etter å ha gjort litt research sitt eg att med ein del spørsmål. Det kan verke som om kvinner blir vurdert strengere enn menn, at dei lettare blir gløymd og at det er ein del fordommar knytta til å vere kvinne og å drive med musikk. Eg har ikkje svaret på korleis vi kan fikse denne skeivbalansen i musikkbransjen, men eg ser nokre viktige element som kan bidra til å gjere det betre. Det første vi må starte med er å vere greie med kvarandre! Ein skulle ikkje tru at det er så vanskeleg å oppføre seg fint. Klarar vi dét har vi eit betre utgangspunkt for at jenter i det heile vil vurdere å byrje med musikk.

Med fleire tiltak som dei AKKS allereie har implementert, kan vi i større grad tilrettelegge for at fleire vil byrje med musikk. Blir det normalisert med jenter i band, blir stigmaet mindre. Forhåpentlegvis treng ingen å bli diskriminert på grunn av kjønn (eller noko anna grunn! Hugs: ver grei!), slik som eg vart på ungdomsskulen. Da kunne eg ikkje vere med i det bandet i klassen som mangla bassist, fordi dei berre skulle vere gutar. Som Balansekunst allereie sett fokus på med si anmelderveiledning, er språk eit viktig virkemiddel i inkludering. Det er berre ein talemåte vil nokon kanskje seie, men å få høyre frå basslæraren sin at ein treng ballar for å spele bass kjens ikkje særleg bra ut for ei jente på 13 år.

Avslutningsvis vil eg oppfordre til å hjelpe kvarandre opp og fram! Eksempelvis slik som blir gjort blant fleire av Bergens-musikarane, der mindre artistar spelar i banda til større artistar. Sigrid har med seg Kristina Skyberg, og Aurora har hatt med seg Silja Sol – for å nevne nokon. Det er utruleg viktig å ha nokon å sjå opp til! Dersom ei jente på fire år ser at eldre jenter speler i band, ja, da trur ho at dét kan bli henne ein dag. Både forbilder og ei kjønnskvotering kan bidra til at fleire kvinner speler på konsertscenene våre. Enkelte kan kanskje vere redde for at sistnevnte vil føre til at bra menn må vike for dårlege kvinner. Med alt det potensialet som finst der ute tvilar eg på at det blir eit problem. Slik eg ser det vil ei kjønnskvotering i beste fall bidra til eit breidare mangfold, eit meir variert musikkbilde og, ja – ei større ressursutnytting.

 

FOTO: Ane Martine Tømmeraas

Kilder:

Arkiv, 2017, https://spellemann.no/arkiv/?sook=adv&klasse=%C3%85rets%20Spellemann

Artister til Vill Vill Vest 2018, https://www.villvillvest.no/tartar/#/Music_Artists/alphabetical

Norsk kulturliv: Tall og statistikk, 2018,  https://balansekunstprosjektet.no/statistikk/

Om AKKS, 2018, https://www.akks.no/om-akks-norge/

 

Skribent

Siv Torvik

Recent Posts

Samviten anbefaler: Thelma

Film for oss som er glad i bestemor Thelma er ei dreven dame på 93…

2 måneder ago

Samviten anbefaler: Strange Darling

Jeg elsker denne filmen. Denne filmen eier. Den er dritbra. Det er ikke vits å…

2 måneder ago

Samviten anbefaler: A Real Pain

A real pain er en film som kort sagt handler om identitet og ettermæle. Dette…

2 måneder ago

Samviten anbefaler: Ljósbrot

Om det er én film du skal se på kino i høst, så er det…

2 måneder ago

BIFF 2024 – Samviten anbefaler

Det er den tiden på året. Høsten har kommet. Det blir kaldere og mørkere. Det…

2 måneder ago

BIFF 2024: Maja anbefaler

KjærlighetEtter denne anmelderens egen mening, er Dag Johan Haugerud en av de få norske manusforfatterne…

2 måneder ago