OLYMPUS DIGITAL CAMERA
7 min lesetid

Ein moralfilosof under fritenkarens slingrekurs

– Hello, baby! Kom inn, kom inn!

Tekst og foto: Vilde Midtbø Ulsten

Den slanke, langstrekte kroppen på nesten to meter møter meg ved inngangen til leilegheitsbygget i Bispengsgaten.

Han er sliten, sliten i beina. Han vil så gjerne at vi skal ta trappene, men beina hans er så trøytte at han må innsjå nederlaget. Vi tek heisen opp til tredje etasje. Som tidlegare ballettdansar er det ekstra surt at høgrefoten var første del av kroppen til å gradvis takke for seg. Elles er han i overraskande god form i forhold til sin høge alder.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her bor Laurie Lars Otto Roll Grundt, står det skrive på eit dørskilt, med bilete av ein målepalett ved sidan av.

Hans eigentlege namn er Lars Otto Roll Grundt, men han ser helst at ein kallar han for Laurie.

– Du skjønar, då eg budde i Christiania var der så mange som heitte Lars, så då ville eg heite noko anna. Så enkelt er det med den saka.

94-åringen har budd her sidan 2010. Den lille leilegheita – som ikkje kan vere større enn tretti kvadratmeter gir inntrykk av at eigaren har ein sterk lidenskap til kunsten, og alt som måtte følgje med den. Alt frå malerier, bøker og aviser frå dei fleste tiåra fyller det lille det er av plass. Krokiteikningar og maleri av kvinnekroppar er hengt opp på dei fleste veggane.

Less is more er ikkje ei rettesnor for Laurie, og interiør og design ser ikkje ut til å vere noko kunstnaren bryr seg mykje om.

Ei blanding av tobakk og oljemåling miksar seg saman til ei sterk lukt som svir seg fast i naseborene frå første stund.

Han ryddar vekk stablar med aviser og ser på meg:

– Ta ei pute frå kjøkkenstolen, og sett deg ned her. Eg likar best å sitje ved arbeidsbenken min, seier han, og fyrar opp pipa.

Laurie vart fødd 10. september 1923 i Fana, Bergen. Han har ei lang kunstnarkarriere bak seg, og trass i alderen held han framleis på. Vi ser bort på den eine veggen som er dekt med eit lerret. Dette er Øygarden, maleriet han i alle fall har intensjonar om å fullføre før han går i døden.

Laurie er sjokkert over dagens kunstdirektørar som, etter hans meining, ikkje presenterer ekte kunst.

– Museumsdirektørane, som ikkje kan måle, har slutta å observere, og ser berre etter nye bilar, nye former – i overført betyding. Det er heilt feil. Vi skal arbeide med den eksisterande natur. Her i Bergen sit vi i senter av Øygarden og dei ser mot Berlin og New York. Dei skal jo heller bruke sin private lønningspose som består av millionar på å arbeide vidare med Vestlandskultur!

Han er oppgitt. Tek eit drag av pipa.

Naturen er langt meir oppfinnsam enn kva vi menneske er!

– Her i Bergen er det faen ikkje eit einaste bilete frå Vestlandet dei siste fire tiåra. Det er jo ein skandale! Det er nok til å anleggje rettssak mot direktøren på biletgalleriet.

Han siktar mot KODE-musea.

– Køddemusea – unnskyld, KODE-musea, er så opphengt i den forbanna stilarten. Det er ein tragedie at ein i desse dagar finn boss på gata, og brått vert det storutstilling av dette!

I 1970 forlét Laurie og kona Bergen til fordel for København. Ho skulle ta doktorgrad i kjemi. Men lidenskapen for kunsten gjorde til at Laurie og hans då betre halvdel gleid lenger og lenger vekk frå kvarandre, og til slutt skilte seg.

– Eg hadde berre maleri i hovudet. Berre maleri. Ikkje kjemi. Så vi misse kontakta.

Han vart med tida introdusert for Christiania, og han bestemte seg for å flytte inn. Han var ein stor bidragsytar til både kunstmiljøet og resten av samfunnet i Fristaden. Saman med andre kunstnarar etablerte dei kunstnarverkstaden Loppen, der han mellom anna styrte krokiteikningsklassane.

Som Christianiaveteran, er det det faktumet at alle er velkommen, som gjer Christiania til ein betre stad. Der er dei ikkje like A4-skjematiske som resten av samfunnet, ifølgje kunstnaren sjølv.

Pipa heng slapt i munnviken. Han puttar i ny tobakk og fyrer ho.

Dei som er litt opp i åra her heime, kjenner kanskje Laurie best som ein av Arne Treholt sine største støttespelarar.

94-åringen er alt anna enn blid over det faktum at Norge samarbeider med amerikansk etterretning. Som kommunist og god ven av Arne Treholt, minnast han tida då Treholt-saka var i vinden.

– Vi som var offisielle kommunistar var svartelista. Dei følgde med oss. Treholt, han blei dømt som spion, han. Han orienterte seg jo berre og spurte sovjetiske diplomatar og ambassadørar om korleis det stod til, for å halde tritt med russisk politikk – liksom, om det hadde noko med Norge å gjere eller ikkje. Og så blei han dømt som spion i Norge fordi han snakka med sovjetar!

Han veivar med armane, ristar på hovudet og hevar stemma. Treholt-saka er framleis eit ope sår for Laurie. Med hard kraft dultar han med eit uhell borti ein haug med ting på arbeidsbordet. Ei stiftemaskin og nokre aviser fell i golvet. Eg skal til å plukke det opp, då han utbryt:

– Det gjer ikkje noko at det fell på golvet. Til helvete med det!

Han held fram:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

– Han vart for faen dømt som spion etter CIA-mønster! Vi er ikkje ferdig med den saka enno, og gudane vite når vi blir det.

Laurie besøkte Treholt i fengsel. Der kom dei ingen veg. Personleg meiner han at Norge og andre land framleis held på med det same – fordi Norge følgjer CIA gjennom tjukt og tynt:

– Og det har ikkje ein drit med norsk sjølvstende å gjere!

Han går sakte men sikkert ned att i kvilepuls og plukkar opp eit maleri av Treholt. Han har laga mange kunstverk til ære for venen sin.

Det er openbart at Laurie, som personleg meiner at han har mista ”gnisten”, har mykje på hjartet. Det er ei sann utfordring i seg sjølv å følgje med dei mange utbrota og meiningane hans. Han er utan tvil sjeldan vare, tenkjer eg opptil fleire gonger i løpet av møtet vårt. Stormannsgal, kanskje, men utan tvil ein interessant type.

Sjølv synest han at Norge burde gjort litt som Christianittane – nemleg ”slutte å vere så jævla byråkratiske”. Pengesluket hatar han, og dersom alle hadde gått over til å bli fritenkjarar i staden for å vere pengejaktarar, er han sikker på at verda hadde blitt til ein betre stad.

– Politikken i den vestlege verda er økonomi. Dei skal berre tene pengar. Dei driv ikkje med fritenking. Utan fritenkarar så henger vi fast i økonomien. Sånn er det med den saka. Mennesket gløymer å leve!  

Ved å seie ”dei” meiner han den vestlege politikken. Ifølgje den overraskande energiske 94-åringen, kan samfunnet delast inn i to grupper – fritenkarar og statssystemet.

– Statssystemet har ein masse alliansar som dei står skulerett for, det har ingenting med ideal eller personleg tenking å gjere, det er A4 – skjematenking, rett og slett. Og så har du oss fritenkarar på den andre sida som faktisk er opne for kjærleiken, indre åtferd og måleri.

Det bankar på døra, og Laurie sin gode ven og nabo kjem vandrande inn i leilegheita. Han har vore på Vinmonopolet og kjøpt inn dram til kunstnaren. Dagens utgåve av BA har han under armen. Dei slår av ein kort prat før naboen skal vidare ut for andre ærend.

– Alle tiders du, takk skal du ha! Og ein Koskenkorva i tillegg ja, jammen er du grei! Tusen takk for din vennlegheit – den er til å ta og føle på, seier Laurie muntert og smilar varmt.

Kvar kveld tek Laurie ein liten dram før sengetid – det meiner han er godt for sjela.

Vi går tilbake att til samtalen vår.

Nøkkelen til eit godt liv meiner Laurie er å leve etter naturen, både når det kjem til kunsten og i livet generelt. Dette er den indre åtferda. For Laurie er dette byggesteinen, sjølve fundamentet, til det å vere eit godt menneske.

– Eg sa til ein prest ein gong at det er naturen vi skal lære å forstå og fortolke. Eg trur på naturen. Min hjerne er ikkje mangfaldig, eller, visst er den mangfaldig, men eg kan ikkje kutte ut naturen og la mine fantasiar spille Vår Herre. Naturen er alltid meir komplisert enn min hjerne, som for all del er ein del av naturen, men vi kan ikkje lære av naturen. Naturen er langt meir oppfinnsam enn kva vi menneske er.

Kva slags form for menneske vil du definere deg som?

– Vel, ein kan jo seie at eg er ein moralfilosof, det ender eg jo opp som, men under fritenkarens slingrekurs.

Timane lir på, og morgon blir til ettermiddag. Vi tek oss ein tur rundt i den lille leilegheita kor han viser meg ferdige maleri, maleri under arbeid, samt dei mange krokiteikningane sine. Utanom bileta av Treholt, Øygarden og andre naturbilete er det ein soleklår dominans av kvinnelege former rundt om i rommet.

– Eg lev til eg døyr, men eg kan aldri kvitte meg med det kvinnelege begjæret. Dei yndige beina til kvinnfolk, ja, det tek innersvingen på meg. Desse kvinnfolka har faen meg bygd heile dette langstrekte landet, og dei held framleis på. Det står det respekt av. Du kan vel på mange måtar kalle meg ein feminist.

Under krokiteikningstimane i Christiania var det i hovudsak kvinnekroppen han lagde mest av.

Angrar du på at du flytta frå Christiania?

– Eg saknar Christiania kvar bidige dag, for der fekk eg vere meg sjølv, men der budde eg i sjette etasje, og det makta ikkje beina mine. Derfor flytta eg heim for å døy, men så døydde eg ikkje med det same.

Han ser ned på den bandasjerte høgrefoten.

– Eg klagar ikkje, då! Det er den vedunderlegaste likkiste eg bur i, eg nyt det. Det er pissehyggeleg. Eg har alt eg treng her inne i mitt lille krypinn: aviser, pipa mi og maleria mine. For å vere ærleg var dette redninga. Her held eg iallfall ut til jul, då er eg forhåpentlegvis daud.

 

Skribent

Legg igjen et svar

Your email address will not be published.

Forrige artikkel

Født sånn eller blitt sånn?

Neste artikkel

Kva hende med musikken?