Veiten 3 i åra 1940-1945. Foto: Markus UiB
2 min lesetid

Rick’s: Skrekkens hus

Du står i timelang kø utanfor Rick’s, der det står ei streng Securitasvakt som sjekkar legitimasjon til dei som vil inn. «Herregud kor nazi’ går det an å vere på denne staden», tenkjer du om vakta som skal vere så nøye, medan du tittar inn på vennene dine som allereie er inne i lokalet som har ei mørk fortid. 

Uvitande og tankelaust om dette nazi-ordet, er du nærare sanninga enn du trur. Utan at du legg merke til det står det eit minnesmerke utanfor inngangen som fortel om at denne utestaden har ei mørk historie frå 2. verdskrig. Då tyskarane overtok bygget gjorde dei det om til hovudkvarter for Gestapo på Vestlandet. På den staden blei dei som blei arresterte sette i celler, før dei måtte gjennom valdelege, timelange og grufulle avhøyr som føregjekk både på kontor og i kjellar. I verste fall kunne det skje i fleire rundar dersom gestapistane ikkje var fornøgde med svara dei fekk. Fangane kunne bli utsette for slag med neve, pisk, batong, og sparka til blods. 

Døme på slagvåpen som blei brukt for å torturere fangar. Foto: Sigbjørn Løland Torpe
Tidsvitne som opplevde tortur

Oscar Magnusson var ein av fleire fangar som var innom denne staden og som opplevde tortur før han blei deportert til Tyskland. I boka Jeg vil leve, skreiv han detaljert om sine opplevingar frå dette huset. Ved eitt tilfelle, der han etter å ha blitt kraftig banka opp av torturistane, opplevde han at dei gjekk endå lengre med å svi kroppen hans med glødande kokeplate til han blei kraftig forbrent. Ved eit anna tilfelle bandt dei armane hans saman bak ryggen, festa med tau og heiste han opp så føtene ikkje nådde bakken. Der blei han hengande til han svima av, for så å bli vekt opp att med vatn, for deretter å bli utsett for dette om att, i timesvis.   

Magnusson og fleire som opplevde torturen blei skada for livet. Ikkje alle overlevde torturen som føregjekk i dette bygget, som den eldre generasjon på folkemunne kalla «Skrekkens hus». 

Har vi gløymt den grufulle fortida?

Dette står i sterk kontrast til dagens Rick’s der ein drar for eit avbrekk og for å feste i lag med venner, medan det tidlegare var ein stad der folk blei torturert. Nokre blei drepne eller tok sitt eige liv, fordi dei ikkje heldt ut eller frykta for å avsløre andre medlemmer i same motstandsgruppe. For ingen kunne vite kven som kunne halde tett om gruppas hemmelegheit under tortur. Dei som ikkje klarte det, og som tysta om andre, slapp ikkje nødvendigvis fri. Dei kunne risikere å bli drepne eller sendt til konsentrasjonsleir eller tukthus i Tyskland eller okkupert områder.

Det er jo litt spesielt at vi drikk oss «dritings» og festar i same bygg, heilt uvitande om kva slags grusomheiter som har gått føre seg der. Det seier kanskje litt om vår generasjon si interesse for denne historia? For det er ganske tragisk at ein ikkje veit. Kva skal til for å skape medvit om gløymd kunnskap om kva som skjedde i dette bygget? Vil det nyetablerte Gestapomuseet i 4.etasje vere nok? 

Gestapomuseet, «Skrekkens hus», i Bergen sentrum. Foto: Ingeborg Gloppen Johnsen

Skribent

Forrige artikkel

Jungelfest 2023 – en fest for mangfoldet

Neste artikkel

Where Has the Magic in Adults Gone?