///
17 min lesetid

Sagaen om Leif Erling: Juks!

Ny reform for høgare utdanning

Det er grytidleg ein måndagsmorgon, i det Herrens år 2034. Inne på kontoret i regjeringsbygningen sitt forskingsminister for høgare utdanning, Leif Erling Vatne Gade (Sp). Han gjer seg klar til ein kunngjering av eit framlegg til ei heilt ny høgskule- og universitetsreform som han optimistisk ser fram til. Noko som med annet betydde at det vart stilt krav om at studentar og tilsette måtte pugge bibelvers (10 studiepoeng), delta på på morgonsamling med andakt og salmesong (80 % obligatorisk frammøte) – ein time, fem dagar i veka, kl. 07:15, før forelesning. Pluss krav om studentgudsteneste ein gong i semesteret. Dette måtte Høgskular og universitet rundt om i landet innføre, anten dei ville det eller ikkje. Leif Erling gleda seg til å legge fram denne bodskapen til folket og tenkte: “Endeleg kjem kristendom bli attreist i Noregsveldet. For i dette riket skulle reinsast og frelsast frå synd og umoral.    

Den politiske situasjonen – eit land prega av krise til å bli ei stormakt i Norden

No lurer du sikkert på kvifor Noreg har endra namnet sitt til Noregsveldet. Forklaringa er at året før, i hausten 2033, skjedde noko heilt uventa. Trass rekordlåg valdeltaking, hadde både Noregsdemokratane og det kristen-fundamentalistiske partiet Konservativt gjort eit historisk brakval, og som dei to største partia, kunne dei danne ei samlingsregjering under leiinga av Kim-Roger Høybråten (Konservativt). Dette skapte eit politisk jordskjelv. Både Høgre, Sp, FrP, KrF og Ap hadde gjort elendig valresultat. Sannsynlegvis skuldast fleire ytre forhold. Nasjonalt hadde dei tidlegare regjeringane sidan 2025, frå Ap-regjering (i mindretal) til Høgre-samlingsregjering, gjennomført massive privatiseringar, som endar med eit gigantisk børskrakk i året 2030. Noreg var ikkje åleine om dette. Fleire land var bankerot. Landet blei kjøpt til spotpris på billegsal og namn skifta til Noregsveldet. Trass denne rikdommen av skatteinntekter, var landet gjennom tiår prega av underslag, korrupsjon, tvilsame sal av olje- og gass og sal av vasskraft til EU. Dette sendte landet ut i ei djup økonomisk og politisk krise. Skeivfordeling mellom rike og fattige blei berre verre og verre med indre splittingar og motsetningar mellom folk. 

Bergen ei krigssone

Den delen av landet som var verst råka var Bergen. Ein by og kommune som var på vegen av samanbrot. Ein by prega av sterk fanatisme, som førte til opprørsstemning og anarki. Utløysande faktor var denne fleirårige striden om kor Bybanen skulle gå. Skulle den gå over Bryggen og gjennom sentrum eller ikkje? Striden nådde nye høgder etter endå eit nytt bybane-vedtak i bystyret. Der braut det ut slagsmål mellom tilhengjarar og motstandarar. Gruppeidentitet og definisjonen av kven som var ekte bergensar eller ikkje, var avgjerande for kven som hadde rett standpunkt. Denne striden ble berre verre og meir destruktiv for byen. Både kommunen og Bybane-tilhengjarane blei stempla som judas og landssvikarar. Eldre aggressive bergenske borgarar leiar ann i denne årevise kampen. Der alternative lokalradio-kanalar, podkastar og sosiale media (helst Facebook) blei brukt som kanalar for ryktespreiing om politiske skandalar om kommunen og politikarar i byen, for å piska opp stemninga. Det førte til meir sjølvradikalisering blant eldre. Folk utanfor Bergen som snakka feil dialekt, blei hetsa og utsett for grov vald. Dei kunne ikkje lenger kjenne seg trygge i denne byen, og dei stod i fare for å bli stua saman, deportert og dumpa ut på Sotra. Etter kvart utvikla det seg gateslagsmål og opptøyar i gate og torg. Slagsmål blei avløyst med våpen, noko som fekk fatale følger. Militærpersonell på Bergenhus festning og Haakonsvern blei kasta ut av lokale politiske seperatist-opprørsgrupper som og kjempa om makta i byen. Bergen såg ut som ei krigssone og øydeleggingane var store. Til slutt tok den lokale nasjonalistiske Bergenslisten over, ved å kuppe bystyret og innføre eitt-partistyre i Bergen. Eigne stormtropper frå Bryggens Venner blei oppretta, og unge gutar frå buekorps blei innrullert og utstyrt med våpen. Bergenslisten innførte portforbod og erklærte Bergen som utbrytarrepublikk. Paradoksalt nok, sjølv med krav om uavhengigheit frå Noreg, stilte Bergenslisten til val til stortinget i 2033, med slagord og valkampsak: “Norge ut av Bergen” og krav om FN-godkjenning av Bergen som eigen stat. Berre Russland, Israel og Kina stilte seg bak Bergen sitt krav. Saka skulle få ei overraskande vending etter Stortingsvalet i 2033 då Bergenslisten fekk to mandatar inn på Stortinget. Då blei ikkje uavhengigheitspørsmålet særleg viktig. Resultata av fredsforhandlingane, blei at den nye samlingsregjeringa til Høybråten gav partigrunnleggar- og ideolog, Trond Tystad fekk statsrådspost som samferdselsminister, der eit av vilkåra var stopp av vidare utbygging av Bybane i Bergen og at Bergen droppa lausrivingskravet om å bli ein eigen stat. Eitt-partiet-styret blei oppheva og demokrati og byparlamentarisme blei gjeninnført i Bergen. Kommunen blei ein del av det nyoppretta Noregsveldet, som blei ei ny union og stormakt i Norden. Men først, kva skjedde?   

Politiske overraskingar

Analysen etter dette stortingsvalet var at svært mange folk var leie av vanstyret frå tidlegare regjeringar frå venstresida, sentrumsregjering og høgre-regjeringar. Valdeltakinga var rekordlåg, særleg det siste Stortingsvalet. Dette gjorde vegen til makt lett, for denne nye ultraradikale sosial nasjonalistiske samlingsregjeringa, som gjekk for ei meir proteksjonistisk retning med staten Israel som gjekk frå å støtte ein Bergensk seperatiststat, til å bli ein norsk støttespelar og førebilete i å skape av eit rike bygd på rik nasjonalkultur med eit åndeleg og spirituelt sentrum. Overraskande nok, etter stortingsvalet gjekk fleire av dei politiske motstandarane inn i same politiske retning som Høybråten-regjeringa. Dei valde å gå inn for ei ny samlingsregjering, sjølv om dei måtte svelge mange politiske “kamelar”. Etter valsigeren i 2033 ville samlingsregjeringa bygge opp att landet på tradisjonell kristen kulturarv. Moral og etikk skulle gjennopprettast i Noreg. Landet skulle bli stort igjen, akkurat som i høgmellomalderen. Det blei det. Noreg kjøpte dei kriseråka Færøyane, Grønland, Shetland, Orknøyane, samt dei svenske Bohuslän, Jemtland og Härjedalen på billegsal frå dei kriseråka nabolanda. Eit igjen konkursraka Island valde å bli med i dette riket som eit fylke. Denne nye stor-Norge blei omdøypt til Noregsveldet, og regjeringa innførte eit autoritært teokratisk-folkedemokrati bygd på stoltheit for fordom (mot det ukjente).

MDG heldt berre ut i regjeringa i to veker. Den offisielle grunnen var regjeringa si manglande klima- og miljøpolitikk-satsing. Men i realiteten var Sp-statsråd Leif Erling Vatne Gade sin tvilsame fuktige internheimefest for regjeringa der det blei serverte dromedar-kjøttrett. Noko som MDG med statsråd, klima- og miljøvernminister Åshild Grønjordet som var veganar mislika sterkt det ho fekk servert. “Jamen, dette kjøtet er vegansk nok for beitedyra et gras, prøvde Leif Erling seg på dårleg skjult orsaking som var uakseptabelt for MDG-stortingsgruppa som demonstrativt gjekk frå denne pinlege intern festen og frå regjeringa. Men det skulle dukka opp fleire nye skandalar i den nye regjeringa.

Vegen fram til syndefallet for Leif Erling

Som Senterparti-representant var ikkje samlingsregjeringa usmakeleg for Leif Erling. Han var frå før av konservativ, vingla litt politisk mellom sentrum og ytre høgresida, som var avhengig av humør og alkoholkonsum. Han valde å støtte denne nye samlingregjeringa og gjekk utan å nøle inn som ny statsråd. Leif Erling blei den einaste statsråden med hovudfag-utdanning. Politikk var ikkje så nøye, så lenge det var til fordel for han. Det var det. Habilitet var ikkje så nøye og pressa held kjeft. Det gjorde dei som regel etter at regjeringa innførte pressesensur. 

Sjølv etter samlingsregjeringa si moralske “oppvask” etter tidlegare skandale-regjeringar, ny norsk ekspansjon i Norden, skjedde det etter kort tid intern strid. Dette kunne ikkje Leif Erling unngå å lese om i nettavisen denne måndagsmorgon på kontoret sitt. Det føregjekk ei intern strid i regjeringspartiet Konservativt. Israel skal bygge opp att Salomon-tempelet i Jerusalem og fleire nye templar på nyannektert land. Problemet er berre at alle skal dei byggjast i brutalistisk stil. Dette deler partiet Konservativ, der fleirtalet støttar dette, medan mindretalet heller ville bygge tempelet i nyklassisk stil. Dermed blei det duka for arkitekturopprør i partiet, der skjellsord og truslar haglar mellom partimedlemmer.

“Held dette fram, kan dette fort bli det same som skjedde med Bergen, med Bybanen, som med konflikta i Midtausten”, tenkte Leif Erling. Meir tid fekk han ikkje til å tenke på det. Då det bankar på kontordøra. Utanfor stod to alvorlege menn frå regjeringa si nyoppretta moralske vektarråd (statens hemmlege politi). “Leif Erling”, sa dei. “Det har kome oss for øyret, om ei potensiell ny skandale som vil påverke di stilling som statsråd og ditt politiske liv.”

«Å? Gjer det det?”, svarte Leif Erling. “Å nei.”, tenkte han. For Leif Erling mangla det ikkje på skandalar. Han tenkte på hytteturen for ei tid tilbake, då han i heftig whiskey- og jägermeisterrus feilsendte dei KI-genererte slibrig-pornografiske bileta med sex-kommentarar til barne- og likestillingsminister Åse Lill Bekken (KrF). Noko statsråden opplevde som svært upassande og svært traumatisk, og valde å ta permisjon på grunn av dette. Heldigvis for Leif Erling var det ingen som oppdaga kven avsendaren var. Han meinte at dette bileta skulle heller ha gått til Norsk studentorganisasjon (NSO) sin leiar Oksana Ihorska. Det var meint som utpressing for å tvinge ho og NSO på kne for å støtte regjeringa sin nye reform. For han tykte at Oksana var ei vakker dame, og ikkje minst tiltrekkande. Men HerReGud, så mykje Leif Erling hadde krangla med både ho og NSO-styret som nekta å bøye seg for regjeringa sine strenge religiøse krav om aktivt studentoppmøte til andakt. Han meinte at studentar måtte godta at klimakrisa ikkje eksisterar sjølv om verda går under om nokre år. Når det skjer var uvisst. Enn så lenge, meine Leif Erling at studentar måtte ete meir raudt kjøtt for å støtte opp om landbruket i Noregsveldet, køyre dieselbil, regelmessig avslutte kvelden med å be kveldsbøn, klippe håret og helst kome seg i arbeid framfor å studere. Det var vekkasta tid og det var tull og fjas. No hadde regjeringa offisielt erklært at endetida, “Armageddon” var nær og at eit nytt himmelrike skulle oppstå når Jesus kjem tilbake til jorda og skal skapa eit nytt himmelsk rike, mykje større enn Noregsveldet. Leif Erling påstod at dette stod i Bibelen, men hadde han eigentleg lest den? Nja…? Det hugsar han ikkje. Den står på hylla på kontoret. Så han berre lata som om at det var fakta. Men inntil det, var det andre ting han var oppteken av.

Jakta på kjærleiken

Eit augeblikk såg Leif Erling, ei mann i 60-åra føre seg denne smellvakre unge og sexy NSO-dama Oksana som han var sterkt forelska i. Han hadde prøvd å date med ho. Først by på konfekt, fake vegansk rett, prøvd kle seg i fin dress og så lyge på alderen. Men han mislukkast totalt. Konflikta mellom dei toppar under NSO-landsmøtet då han held den famøse talen om regjeringa sin forkynningsplan for akademia (ikkje akkurat i edru tilstand), og særleg etterpå, då han etter å ha vore i badstu, gjekk kliss naken inn inn i damegarderoben, utstyrt med mobilkamera. Han prøvde seg på å forklare at han hadde gått inn feil garderobe, men denne forklaringa blei lett gjennomskua og avvist. Han blei kasta ut med krav om å kle på seg, slette videoen og han fekk streng beskjed frå NSO om at han var uønska på alle universitet- og høgskule-campusar i heile Noregsveldet. Leif Erling vart djupt såra og vonbroten etter denne kansellering av han som person. Han meinte dette var ein overreaksjon å gjere dette mot ham; Ein staut mann med livserfaring, statsråd med makt, ein tungvektar på rundt 110 kilo. “Denne avvisinga av han var heilt uakseptabel”, tenkte han, “No har likestillinga hadde gått alt for langt”. Denne kanselleringskulturen ville Leif Erling ha slutt på. Han visste at Oksana var sterkt imot innføringa av forkynninga i høgskule og universitet rundt om i heile landet. Han hadde sikra seg kopien av naken-videoen av Oksana og han, som han tok før han blei kasta ut (selvfølgelig justert og retusjert med KI-teknologi). Dette skulle brukast som pressmiddel for tvang, så både ho og NSO måtte lide for motstanden mot gjennomføringa av regjeringa si guddommelege reform, i regi med han som forskingssminister for høgare utdanning. Han såg føre seg bilete av han og statsminister Kim-Roger Høybråten (Partiet Konservativt) som apostlar med Jesus mellom dei som ei heilag treeining, hengt opp i alle auditoriar og seminarrom rundt om på alle høgskular og universitet i riket.   

Statsråden sitt fall
Kanskje kunne NSO-nederlaget føre begge to saman. Leif Erling som ektemann og Oksana som hustru. Ekteskap byd på fornuft og følelsar. For i hans heimbygd var det verkeleg bruk for kvinnfolk. Han såg for seg korleis bonderomantikken skulle blomstre. Oksana kunne nokre gonger vere inne inne i eit bur. Begge to kunne vere i lær og lakk. Han som lokkar ho med gulrot, og som av og til gav ho pisk – i kjendt rollespel. Gulrøttene måtte sjølvsagt vere heimedyrka. Det gjorde dei på tyske erotiske  filmar. Var det realistisk å tenke slik? Uannsett, tenkte han. “Distrikta rundt om i landet skulle gjenreisast, og dei trengte fleire kvinner og  barn (helst lydige).” Heimar på gardsbruk bygg opp på kristen tradisjon i det sosialnasjonale Noregsveldet. Han hadde pressmiddelet. Så var det å gjennomføre dette i praksis.

Han frykta at regjeringa si vaktarråd skulle avsløre hans privatliv og hans erotiske fantasiar om NSO-leiaren. Men det var ikkje det som interesserte vektarråd-mennene. Men no var noko heilt anna. 

1994
Hovudfagoppgåva han skreiv i 1994 om Richard Nixon og Watergate-skandalen. Den som han hadde latt seg overtale til å publisere på nett, av den vakre tiltrekkande journalistdama, Heidrun Susanne Bakken frå VG med fortid i Studvest. Ein dame han hadde vore forelska i, men ikkje gjort noko meir med det. Problemet var at oppgåva hadde gått gjennom plagiat-maskina og viste fleire tekstlikheiter. Dette var skandale for forskingsminister for høgare utdanning og for regjeringa.  

Leif Erling si fortid og studietid
Leif Erling som stod fram nyfrelst etter regjeringsskiftet i 2033, med skitne baktankar. Han hadde det ikkje lett i oppveksten og forhold med damer var ikkje enkelt for han. “Kvinnfolk”, som han kalte dei, hadde han slitt med siden oppveksten, same med studietida ved Universitet i Bergen på 1990-talet. Han tenkte tilbake til 1994, da han var på siste året i historie. Han budde i eit kollektiv med tre damer. Det hjalp lite for problemene hans. Utanom å drive studentpolitikk, gjekk Leif Erling mykje åleine og blei sett på som ein særing med sære meiningar. Ikkje fekk han henge opp plakatbilete av dei amerikanske presidentane Richard Nixon, Ronald Reagan, samt bilete av dronning Victoria og Margaret Thatcher. Dei kunne han berre ha inne på rommet sitt. Pornoblada, kjøpt på Narvesen, måtte han gøyme under madrassa når foreldra var på besøk. Det einaste han fekk lov til henge opp i fellesområdet i kollektivet var val-plakat til Senterungdommen, som var eit nakenbiletet av han sjølv i lag med sentralstyremedlemmer. På den tida elska han det britiske og amerikanske kulturen. Han gjekk i tweed og drakk dagleg både Cola og Ceylon-te. Han las også både Jane Austen og tidsskriftet: “Det Beste.” Han tenkte mykje på at ting var så mykje betre under det britiske imperiet og USA som moral- og verdspoliti som sikra verdsfred. For då var det meir orden på ting, sjølv om det hadde sin pris i tap av menneskeliv. 

Hovudfagoppgåva
Det vil sei, i løpet av siste 4 åra på universitetet hadde han slitt med å skrive denne hovudfagsoppgåve i historie. Det var noko om Watergate – eit  innbrot som skapte politisk krise i USA. Det gjorde ikkje stort betre at han hadde ein halvgammal, utydeleg og uengasjert rettleiar ved namn Per Inge Stokke, som held til på kontor på Sydneshaugen som han knapt såg, og som var delvis nedgravd i bøker. Leif Erling hadde prøvd fleire utsettingar av oppgåva. Han likte studentlive, tydeligvist. Mykje av tida gjekk til senterungdommen og så gjekk han mykje ut på konsertar og møter. Ulempa var at denne hovudfagsoppgåva og kunsten å komme i gong med den. Den var eit kapittel i seg sjølv. Det var sjølvsagt også andre ting som freistar meir enn å skrive oppgåve. Politisk arbeid i Senterungdommen, vegen fram til EU-kampen. Heldigvis vann nei-sida fram i 1994. Det blei ingen EU-kamp seinare. Det og full rulle med fest og ulike konsertar på Hulen, Garage, ikkje minst dette grå Studentsenteret med parkeringsplass i Parkveien, eit godt eksempel på etterkrigs-modernistisk bygg frå 1970-talet. “Det var tider det,” tenkte Leif Erling nostalgisk. Han blei trist ved tanken på at dette bygget blei riven i 2005. Noko særleg vedlikehalden bygg var det ikkje. Det var erstatta av eit nyare bygg, som såg ut som kvit marmor, i betong med firkanta søyler. Det blei ikkje heilt det samme, litt for mykje post-moderne stil for hans smak, ikkje heilt, men nesten i stil med det nye Salomo-tempelet. 

Men til slutt fekk Leif Erling purring og melding om at no måtte han levere oppgåva vårsemesteret 1994, same periode som OL på Lillehammer. Problemet var berre han brukte så mykje tid til å sjå OL-sendingane på TV. Han hugsar best denne vakre amerikanske isdansaren Tonya Harding. Ho var heilt nydeleg, sjølv om ho truleg juksa for å kvalifisere seg for OL framfor rivalen Nancy Kerrigan. Diverre var Tonya sitt låtval med dinosaur-lyd frå Jurassic Park-filmen. Den var ikkje heilt det rette valet for Harding som måtte avbryte dansen grunna teknisk feil med skøytene. Det var akkurat som med denne uferdige oppgåva som han måtte skjøte sammen – bli ferdig. Akkurat som dansen til Harding.  

Skandale-hovudfagsoppgåva

Men no i 2034 var det hans tur til å gå av, uheldigvis. For hadde han latt seg lure av den vakre VG-journalist dama, til å skanne og gjere hovudoppgåva tilgjengeleg. Det var ho som han møtte i baren på eit hotell i Larvik, der Sp hadde landsmøte. 

Han var svært svak for kvinner. Hadde han berre ikkje latt seg friste av denne uimotståelege vakre dama, hadde ingen oppdaga denne synda han hadde gjort i løpet av vårsemesteret 1994. Han hadde tatt snarvegar i oppgåva. Men den var unik og hadde ein komposisjon av ulike kopierte tekstar. Av og til direkte avskrift frå tidlegare oppgåver som samla blei til hans hovudfagsoppgåve. For å gjere dette arbeidet, hadde han funne ut at han skulle snike seg usett inn på kontoret til rettleiaren Stokke. Då han gjorde det var døra ulåst. Først såg han at det var ingen på kontoret, men då han kom inn døra, såg han ein skikkelse som låg der. Det var rettleiaren Per Inge Stokke som låg over skrivepulten og sov. Han snorka høgt. Leif Erling såg seg rundt på kontoret etter relevante bøker og notatar i dette svært uryddige kontoret. Så fann han det han var ute etter i eit overfylt bokhylle og på pulten der rettleiaren sov. Han var på veg ut døra då han plutseleg høyrte han nokre host og mumlelydar frå Per Inge som sa noko han ikkje heilt forstod. Hadde rettleiaren vakna? Leif Erling såg på han. Nei, rettleiaren sov framleis. Han var først stille så kom det frå Per Inge høgt snork. Ja, han sov verkeleg tungt, framleis. Leif Erling skunda seg ut av kontoret ut i korridoren. I farten gjennom gangen raska han med seg ein neve med teposar frå te-kjøkkenet til personalrommet.

No gjaldt det for Leif Erling å kopiar og skanne materialet han hadde funne. Han kunne faktisk overføre skrift frå det eine dokumentet til det andre. Det var komplisert i starten. Av og til måtte han bruke korrekturlakk på kopiane. Leif Erling brukte fleire dagar og kveldar på dette skanne-arbeidet, klipp og lim i kombinasjon av eigen tekst til sin stasjonære PC på hybelen. Dette skulle bli eit eventyr av ei hovudfagsoppgåva som han hadde produsert, det blei ei unik samling om Watergate, med denne fantastiske Richard Nixon i hovudrolla, og ingen oppdaga det Leif Erling gjorde. Han leverte utkast til rettleiar som blei svært overraska og imponert over denne plutselege framgangen til Leif Erling si oppgåve. Rettleiar gav uttrykk slik “Det her er som om eg skulle ha formulert meg slik. Men vent no litt. Det er noko her som ser kjent ut.” Akkurat då kjende Leif Erling seg uroleg og tenkte: «Blir eg oppdaga av Per Inge?” Per Inge snudde mot han sa med eit smil, “Men samma det. Dette ser bra ut som arbeid, stå på guten min!” Det gjorde det sikkert. For Leif Erling hadde på eit vis hatt ei viss framgang og var fokuset på samansetninga av denne oppgåva. Det den var på eit vis unik. Det var berre det at den var ei salig blanding mellom rettleiar sitt publiserte og upubliserte arbeid som på finurleg vis blei fletta inn i hans oppgåve.  

Dagane gjekk og så kom innleveringsdagen den 15. mai 1994. Då måtte han skrive ut dokumenta i tre eksemplar og personleg levere til ekspedisjonen. Så stressa han var. Det gjekk på hengande håret på tidspunktet, klokka 13:00. Overraskande nok, på munnleg eksamen gjekk det svært bra med toppkarakter.

Men verre gjekk det 40 år seinare, då skandalen var eit faktum. Etter at oppgåva hadde gått gjennom denne plagiatkontrollen, må han som forskningsminister for høgare utdanning, gå av grunna juks. Han var ikkje den einaste som hadde brukt materialet til rettleiaren i historie, heile tre generasjonar i ulike samfunnsliv hadde brukt samme materiale.

Epilog: Ein statsråd-avgang

Fredag ettermiddag. Leif Erling stilte opp på pressekonferansen i grå dress og blått slips. Noko motvillig. Han vart prega av fleire dagar med lite mat og søvn etter lange avhøyr og tortur med pisk frå regjeringa sitt oppnemnte vektarråd. For dette var ikkje slik han hadde håpa på. Han blei erklært idiot og vend ryggen til av regjeringa. No var det andre som skulle gjere jobben for han, med å gjenkristne heile landet. To sikkkerheitsfolk gav han eit dytt då han skulle gå til podiet. Han stilte seg opp, trakk inn pusten med ein lyd som ein dinosaur. Så annonserer han sin avgang på grunn av plagiat og juks. Journalistane var rysta over det dei fekk høyre, men ingen av dei fekk lov til å stille spørsmål til denne juksemakar av ein avgått statsråd. Det hadde statsminister Kim-Roger Høybråten sørga for. For ikkje alt gjekk like glatt som OL-deltakar Tonja Harding som måtte lide for anklagar om juks, men ho fullførte i det minste isdansen etter første skandale-dansen samme dag. Tenk at Richard Nixon, ein amerikansk president måtte gå grunna arrangert innbrot. Dronning Victoria sitt imperium, bygd på makt, løgn og glamorøse illusjonar blei til slutt oppløyst og nye statar blei danna. Akkurat der lukkast ikkje Bergen med å gjere. Det blei påstått at Bybane over Bryggen og vidare gjennom sentrum ville rasere heile byen. Men i realiteten var det berre tanken og forestilling om at den ville gjere det, som skapte striden, som eskalerte i radikalisering og fanatisme som til slutt endar i borgarkrigsliknande tilstandar i byen som gjorde Bergen til ein slagmark. Ein by Leif Erling har hadde studert i på 1990-talet og skrivet hovudfagsoppgåve, som til slutt blei kasta ut av samlingsregjeringa etter at jukset blei oppdaga. Som takk for avgangen fekk Leif Erling ei gullrot og eit diplom med bilete av gulrota for at han gjekk frivillig (under tvang) av. 

Ein kan berre lure på kor lenge vil denne kristenkonservative sosialnasjonale som leiar landet i ei meir autoritær retning ville vare? Vil denne lause regjeringskoalisjon av moralistar og juksemakarar som førte Noreg inn i dette store Noregsveldet vare helt inn i endetid?    

Skribent

Forrige artikkel

Kreklingsus 2024: Tone Of Nature / A Festival in the Mountains