Kultur

Med fridom til å skape trist arkitektur

Illustrasjon: Ena Rathgeb

Foto: Ingrid Bårdsdotter Eikevik

Moderne, frisk, og fargerik arkitektur med folkeliv er idealet for mange byar. Men det kan sjå ut som at dagens samtidsarkitektur overser slike kvalitetar.

Tendensen er at dagens samtidsarkitektur ofte blir sett på som ei vare styrt av tilbod, etterspurnad og innsparingar i fleire ledd. Samstundes rår ein lei tendens til å gløyme korleis arkitektur tek seg ut overfor omgjevnaden og korleis menneska bli påverka av arkitektur. Barcode i Bjørvika er kroneksempelet på ein marknadsstyrt byutvikling som prøver å framstille seg som hipt og særeige for Oslo, men som i realiteten er ein uinteressant kopi som ikkje tilfører det han skulle til byen og menneska i den. Arkitekturen er prega overdimensjonert tettbygd byggverk i svart, kvit eller grå, glas, stål og betong. Eit standardisert og marknadsvennleg alternativ, men ikkje nemneverdig berikande for oss.  

Med få unntak av Deichmanske, Operaen og Munchmuseet er det få stadar i denne bydelen i byhjartet som er tilrettelagt for ulike typar sosiale aktivitetar. Bydelen står fram sterilt og uattraktiv, og trekk i realiteten ikkje til seg anna enn rikfolk. Samstundes har andre delar av sentrum som Karl Johan, Grønland eller Grünerløkka varierte hus med ulike fargar, lågare bygghøgde og meir folkeliv. Der kryr det av kafear, restaurant, barar og andre sosiale møtestadar med eit stort og variert kulturtilbod. Det trekk til seg ulike menneske frå ulike sosiale lag i samfunnet og oppmoder til gode liv.   

Det verker som at om marknaden får styre byutviklinga, får ein fort ville tilstandar av overprisa leiligheiter, eksklusive butikkar og dyre utestadar for dei få. Når bydelen blir sett på som uinteressant og eksluderande, gjev det ikkje bydelen noko pass for sosialt liv. Då er det ikkje likegyldig korleis arkitektur blir utforma. Arkitektur har eininnverknad  for folk sin oppfatning av det miljøet dei oppheld seg i, og kva liv dei lever i det.  

Ein snakkar gjerne om kapitalistisk fridom til å skape, men det skjer ikkje i praksis her. Om marknaden får styre byutvikling åleine, ser me at me risikerer å få bymiljø som sikkert kan verke eksklusiv og forlokkande for dei få, men som ekskluderer for fleire. Kan denne tankegangen endrast politisk? 

Diverre er det for få stortingspolitikarar som er villeg til å utfordre denne seigliva økonomiske marknadstenkinga i arkitekturen sin and. Uheldigvis støtter mange politikarar på fleire nivå den same kjipe økonomiske politikken. For ikkje å snakke om i utbyggingssaker, er det for få lokalpolitikarar som grip ordet og stiller kritiske spørsmål ved arkitekturen som blir bygd ut. Dei stiller óg i skuffande liten grad spørsmål ved kva innverknad ein kjip, grå og marknadsstyrt arkitektur har på folk og trivsel. Er dei uvillige til å vurdere om det kapitalistiske systemet i praksis ikkje er så fleksibelt og bærekraftig som dei trur? Resultatet av det er at arkitektur speglar dei sosiale skilnadane i samfunnet og miljøet, og skapar dårlegare liv enn naudsynt. 

Det må ein ta på alvor.