/
3 min lesetid

Anbefalingar for deg som ikkje er spesielt opptatt av kulturell kapital.

Illustrasjoner: Kari Borg Hommerstad

I ei svunnen ungdomstid var det relativt viktig å like “kule” ting, enten det var musikk, bøker eller eigentleg kva som helst som gav ein ei renteauke i street cred. I dagens samfunn har det derimot blitt litt lettare å berre like det ein likar. Likevel, vi er framleis generasjon prestasjon, og kan ikkje gjere noko som helst utan å ha ein indre agenda i jakt på likes, anerkjennelse og popularitet. Det er òg særs viktig å verke smart nok til å kunne sitje på ein litt skitten pub å diskutere politikk du har gløymt i morgon, medan du eigentleg helst vil ligge i fosterstilling under dyna og sjå Side om Side for femte gong. 

Podcaster å lytte til medan du ligger på sofaen eller går ein tur etter dagens eksistensielle krise

Reply All

For deg som bruker eller har brukt for mykje tid på internett. Dette er timesvis med god lytting med over 150 episoder å kose seg med. Fellesnemnaren for alle episodene er at dei er knytta til internettet, men dei seier òg noko om oss som menneske og våre relasjonar. 

Anbefalte episoder:  #158 The Case of the Missing Hit – Handlar om ein frå USA som krystallklart hugsar ein song frå barndomen, men som det ikkje fins spor av på internett. Ei magisk reise frå start til slutt. 

 #120 INVCEL – Handlar om korleis ei dame frå Canada med eit uhell skapte eit av internett sine mest giftige samfunn, incel-miljøet. Litt trist og veldig oppsiktsvekkande korleis ingen eig noko som helst på internett. 

Å-Kjendis:

For deg som interesserer deg for popkultur. Kjendisnytt og sladder står i fokus i og eg trur pulsen min aukar kvar gong eg ser det har kome ei ny episode i podcast-appen. Humoren er  skarp, drøy og på ekte skikkelig morsom, og det føles litt som å henge med gode venner i godt lag.  Å-Kjendis er ein god blanding av eigne anekdotar og det siste i kjendisverda, nasjonalt og internasjonalt. Bonus! Instagram-kontoen @a.kjendis for lokalproduserte memes Senterpartiet ville vore stolte av. Vil spesielt anbefale dei årlege halloween-kostyma. 

Anbefalte episoder: Å-awards episodene – Kven har hatt årets beef, er årets pikktryne eller årets beste å-kjendis?

Tore sagens Podcast:

Berre særs kunnskapsrike folk som får snakke om det dei er særs kunnskapsrike om. Kanskje lærer du noko nytt? Det er variert tematikk, som gjer at episodene er noko for ein kvar smak. Det er òg hyggelig å kunne høyre på Tore Sagen i ei litt annleis rolle enn det den gjengse Radioresepsjons-lyttar er vant til. 

Anbefalte episoder: Ei episode om noko du vanlegvis ikkje ville ha valt.

Kaninhol på Youtube, tidsfordriv eller hjerneføde

Daily Dose of Internet:
DDoI gir deg ei kort samling av rare og interessante videoar frå internett kvar dag. I klassisk internettstil er det alt i frå søte dyrevideoar til folk som snublar. God kok. På ein måte sparar du deg for mykje tid fordi nokon andre har samla klippa for deg, samtidig ser ein gjerne 10 videoar eller meir i same slengen…

Taskmaster:
Du har kanskje sett “Kongen Befaler” på tv, men visste du at det eigentleg er eit britisk konsept? Den britiske versjonen, Taskmaster, er allereie på sesong 10 og har hatt ei rekkje sterke humorprofilar på besøk. Utfordringane er i større grad pusha mot det absurde i denne versjonen, og har oftare eit uventa resultat enn du kanskje ser i den norske. Heldigvis er mykje innhald lagt ut på youtube for oss som ikkje har Elizabeth som dronning. Vil trekkje fram James Acaster som ein spesielt god deltakar. Anbefalar òg å sjå “Get This Potato In The Golf Hole Without Touching The Green”. Start gjerne der, og tenk at produktiv kan du vere ein annan dag.

Jubilee:
Jubilee er eit produksjonsselskap som lagar videoar med fokus på mennesket og ulike fordommar ein kanskje kan ha. Kanalen er strukturert i ulike typar “seriar”, til dømes Middle Ground der to grupper med motstridande meiningar møtast for å snakke saman, Spectrum der ei gruppe blir spurt kor einig ein er i ein påstand og diskuterer dette (tenkjer eigentleg alle veganarar eller Trump-veljarar det same?) og Odd Man Out der ein skal finne ut kven moldvarpen er (kven er eigentleg ein Beyoncé-hater og kven er ikkje ein amerikansk statsborgar?). Det eg likar godt med Jubilee er at ein får høre frå samfunnsgrupper ein kanskje ikkje veit så mykje om, og får utfordra sine eigne fordommar. 

Twitter-kontoar samfunnet ikkje visste det trengte men som har stor nytteverdi for min mentale trivsel

@MascotSilence: Eitt minutts stillheit for smørblide idrettsmaskotar som prøver å sjå triste ut.

@IvePetThatDog: 12 år gamle Gideon likar å kose med hundar, og eg likar å følgje twitter-kontoen hans.

@IkkeKlikk: For deg som er dritt lei clickbaits!!

@threateningcake: Du har bursdag og kaka di ser ut som ho vil slåss med deg, kva gjer du?

@TerribleMaps: Stappfull av dei karta du skulle ønskje var geografi-pensum på vgs. 

@faktiskgraf: Faktisk.no viser oss korleis ein IKKJE burde lage grafar, med døme frå norsk offentlegheit. 

@geraldstratfor3: Eldre herre med grønne fingrar. Har du ein dårleg dag, er dette profilen for deg.

Om desse anbefalingane gir det rette imaget, vil nok berre tida vise. Det er kanskje ikkje kulturell kapital som har vore i fokus her, men det er jo ikkje det du snakkar med venner om uansett! Side om side er jo trass alt ganske morosamt, og det er jo litt enklare å videresende memes enn den fem timers kulturelle jackpot-operaen du ikkje såg i går. Work smarter, not harder.

Skribent

Forrige artikkel

Mens vi venter på fremtiden

Neste artikkel

Bachelorgrad til besvær