Generasjon Prestasjon

Fem sjølvhjelpstips til generasjonen som slit med alt.

Tekst: Torkel Eikevik
Illustrasjon: Julia Bådsvik

Det byrjar når ein er liten. Så liten at ein skal delta i fotballturnering med vennane ein har klart å lure til seg. Dei vaksne minnar deg på at det ikkje handlar om å vere best, men om å ha det moro. Så plasserar dei alle dei gode ungane på eitt lag, og dei med propellcaps og hestehale på eitt anna. I “generasjon prestasjon” er vi alle taparar.

I løpet av mine tre-og-tjue år som menneske har eg lært tre ting;

1. Ikkje ta ut kattedoen når katten er inne.
2. Ikkje et ting du finn på bakken
3. Gjer alt du kan for å framstå som vellykka

Det er det siste punktet som har merka meg mest. Det er nok òg det siste punktet som kjem til å øydelegge meg totalt.

Frykta for å ikkje levere på alle plan er konstant, og slitsamt. Ho følgjer oss stort sett overalt. På trening. På byen. På skulen. Den lite truverdige fasaden vi sakte har konstruert gjennom krampeaktige stemningsrapportar på Instagram og Facebook, er det næraste og kjæraste vi har. Det å drite seg ut er åtte tusen prosent uaktuelt. Eg er ikkje heilt sikker på korleis vi ende opp i denne håplause suppa av kroppspress, karakterpress, mobbing, og løgnar. Eg er heller ikkje sikker på korleis vi skal komme oss ut. Det hjelpte diverre ikkje å google “korleis komme seg ut av den håplause suppa”.


Psykiske konsekvensar

Ifølgje ei helse- og trivselundersøking for studentar i 2014, slit ein av fem studentar i Noreg per i dag med psykiske vanskar. Ein av åtte slit med å gjennomføre studiekvardagen. Kva sjølve studiekvardagen inneber er nok meir individuelt, men det er framleis ein bekymringsverdig tendens. Joda, det er absolutt ikkje umogeleg at dette er eit produkt av at det nemleg er vi, generasjon prestasjon, som vakse opp med Pompel og Pilt, Hufsa, og den sjuende noten i introsongen til Thomas Toget (DØH).

Det kan også vere litt sanning i den infamøse «mamma-og-pappa-grunninga»; at vi rett og slett bevegar oss for lite, og stirrar i ein skjerm heile dagen. Ifølgje dei burde vi heller komme oss ut litt i frisk luft og gå på tur med hunden, ta ut bosset. Mest truleg er det, på lik linje med ei orientalsk fiskesuppe, ein god blanding av alt. Suppemetafor nummer to der altså.  Mest truleg, og min personleg objektive favoritt, er forklaringa om at vi rett og slett ikkje taklar dei forventningane vi stiller til oss sjølve, og presset skapes og vedlikehaldes av dette.

 

Tips til sjølvhjelp

Det seiast ofte at ein er sin eigen verste fiende. At ein kvar er sin “eigen lykkes smed”. Det bidrar hovudsakeleg til at ein ser ned på alle som ikkje lykkast. Eigentleg er vi alle håplause konkurrentar i ein konkurranse ingen kan vinne. Men kva kan eg gjere for å motarbeide dette presset, spør du undrande? Kva kan eg gjere, allereie i morgon, for å aktivt motkjempe idiotien eg sjølv er med på å vedlikehalde?  Eg har laga ei stikkordsliste til sjølvhjelp for dei som vil bryte ned sin eigen studentfasade, slik at andre kan tørre å følgje etter;

  • Ikkje gå fullt ikledd treningsutstyr på ex-phil forelesninga som startar klokka åtte om morgonen. Dette lurer ingen.
  • Det er greitt at du et ei skive med makrell i tomat, og drikk eit glass lunka h-melk. Det blir ofte slitsamt når kvart måltid skal vere panert okselever med nypressa agurkjuice.
  • Apropos mat, det er heilt innafor å ikkje ta bilde av alle måltida dine, det at du lever i beste velgåande er bevis nok på at du får i deg mat – vi treng ikkje daglege bildeprov.
  • Det går fint at du ikkje fekk med deg ho dama eller han fyren heim på torsdag, du er ein bra person, og du treng ikkje lyge. Berre å jobbe litt med alkoholinntaket ditt.
  • Ikkje heng deg så mykje opp i den C- en som du stadig omtalar som ein B.

Berre med desse enkle stega har du allereie gjort både mitt og ditt liv mykje enklare. Mindre pretensiøst. Meir jordnært, og truverdig, mindre perfekt. No tykkjer eg at du skal gå ut å drite deg litt ut. Kjenn litt på det.  Ta det heilt inn over deg. Gå heim, set deg i den kjipe leilegheita di, og finn fram leverposteien, og berre verkeleg drite deg heilt ut. Kjenne at det er heilt i orden å drite seg ut, at du er ok med det. Så kan vi kanskje alle bli det, ein dag.