Illustrasjon: Hogne Gran Elvestad
På Facebook blir janteloven slått i stykker av “lik-og-del”-konkurransar, men ser likevel dagslys i ein ny form. Berre at denne gongen har vi det aller best når vi har det verst. Du skal ikkje tru du har det noko verre enn oss. Er behovet for å skilje oss ut med sympatihaustande forteljingar eit paradoks?
Gro Harlem Brundtland sa ein gong at det er typisk norsk å vere god. Noko ein høyrer minst like ofte er at vi nordmenn er eit kaldt folkeslag. Vi sit på annakvart sete på bussen og bruker helst ikkje ord når vi skal av. Vi er vanskelege å bli kjent med, så om du til dømes er utvekslingsstudent i Noreg, kan du ikkje forvente å få nokon norske venner med det første. Eventuelt kan du tømme alle sparekonto og selge aksjer for å få råd til ein øl eller to på byen. Trass våre stramme ølprisar (nesten like stramme som munnen din når du ser ein bekjent på gata), har vi ein alkohol- og fyllekultur som inneber russetid, fadderveke, dagsfylla, vinkveld, vors, nach og alt deretter. Då blir vi like pratsame som ein gjennomsnittleg amerikanar. Det er likevel ikkje nødvendigvis slik at ein er heilt avhengig av alkohol for å kunne opne seg om det nære. Har du profil på Facebook, har du sikkert sett det ein eller annan gong; “lik og del”-konkurransar, eller det eg tenkjer på som NM i sympati.
Er det noko vi nordmenn likar, så er det ting som er gratis. Trass i ein sterk velferdsstat, er det få ting som får hjerterytmen og tastefingrane opp i maks hastigheit som moglegheita til å vinne eit påskeegg frå lokalbutikken, eit ullsett frå Kari Traa, eller eit gåvekort til ein lokal kafé i Hallingdal du aldri kjem til å besøke. Det er jo eit slags paradoks akkurat dette. I eit samfunn der janteloven herjar, kor ein helst ikkje skal skilje seg ut eller tru ein er noko, har det gått sport i å ha det verst. I motsetnad til andre sosiale medium der det perfekte liv med vener, solnedgongar og ferieturar står i fokus, er Facebook eit mekka for klagesong. Då eg vaks opp var nettvett dei nye fjellvettsreglane. Streng beskjed om å aldri dele namn, snakke med framande eller dele passord med nokon. I dag lar ein sjukdom i nær familie, indre kjensler og barns privatliv vere eit lodd i ein evig hunger som grunnlag for at ein fortener denne fruktkorga meir enn nokon andre.
Er du ikkje for ung til å faktisk bruke Facebook aktivt er det framleis håp for deg. Du har likevel ein sjanse til å kvalifisere deg til NM i sympati. Utanom det som står nedskrive i Norges Lover, Kardemommeloven og vettreglar av type fjell og nett er det ikkje så mykje anna enn janteloven som kan hindre deg i å sende inn ein søknad til Norske Talenter. Eit TV-program som på mange måtar har blitt inspirert av våre amerikanske onklar. Utanom sjølve rammeverket, altså at ein har eit talent, er det òg ein del av spelet å kunne fortelje ope om det aller meste, og helst skal det vere trist. Sjølvsagt skal det vere trist. Det er eit eller anna underfundig med å vere del av eit samfunn kor ein ikkje vil spørje ein framand om han kan flytte seg på bussen, men ein konkurrerar i å ha det aller verst i verdas beste land. Sjølv om vi allereie har vunne i livets lotteri ved å vere norske statsborgarar og ha raudt pass, har det òg gjort at vi får tid til å tenke over alt som er feil og fælt.
Det er er på den eine sida eit slags opprør mot janteloven å kunne dele opplevingar som til dels er det motsatte av skryt. Samstundes er det eit snev jantelov i at det er om å gjere å ha det verst mogleg. Du skal ikkje tru du har det noko verre enn oss.