Kultur

Kulturanmelder meg til teneste

Illustrasjon: Hogne Gran Elvestad

Kulturelle hendingar blir stadig vurdert, kritisert og anmeldt av alle slags ekspertar. Objektivt vil kunst bli rangert i stjerner og terningar, men er ikkje kunst subjektivt? Korleis kan ein eigentleg trille terning på kvalitet?

Eit godt steikt panneband

Etter at siste rest av konfettien er kosta av scena på H3 Arena Fornebu etter MGP og spotlighten er skrudd av, har kommentarfelta på alle slags sosiale medium tatt fyr. Ei (engle)fjør har blitt til fem millionar høns. Før vi veit ordet av det har vi ufrivillig bilete av middelaldrande menn som et panneband til kvelds brent inn på netthinna. Alt på grunn av ein MGP-finale. Det er ikkje det einaste som gløder. Som eit fyrtårn ute i det fjerne lyser spørsmålet om det eigentleg er mogleg eller relevant å anmelde kunst som god eller dårleg.

Spellemannskroppen 

Trass i tydelege misfornøgde andlet blant publikum då Mads Hansen vann Spellemannspris for årets låt, spesielt blant “seriøse” artistar, var det eigentleg ikkje så ille etter mi meining. Den var jo ein av dei aller mest populære songane i Noreg på den tida, folk flest elska den ironiske og lettbeinte låta om plastiske operasjonar. Det var kanskje det som var problemet for den kulturelle eliten i Noreg – at dette var noko folk flest satt pris på. Historisk sett har god kunst vore sett på som noko for overklassen. Medan dei rikaste reiste på ballettar i Russland og symfoniar i Austerrike for å bli underhaldt, måtte bonden ordne sin eigen underhaldning. Tidligare folkedans og allsong, no med Allsang på Grensen. 

Den kulturelle tvangstrøya

I internettets tidsalder kan man kanskje seie at situasjonen er litt annleis. Desse eksklusive kunstopplevingane blitt meir tilgjengeleg for alle slags folk. Den kulturelle skulesekken har blitt plassert saman med svolt og søvn i Maslows behovspyramide. Det blir forsøkt å fôre born allereie frå tidlig av med abstrakte opplevingar som dokketeater til dubstep-musikk eller andre psykedeliske-simulasjonar. For all del, kunst er viktig, og ytringsfridom og mangfald er essensielt for eit velfungerande demokrati, men har det gått for langt?

Pizza eller progjazzfusion?

Vi er fanga i ei felle der kultureliten sit behind the scenes og trekk i trådane. Med ei slags “Lufta er for alle”-haldning blir folket latterleggjort av elitistiske kulturmelderar for å stemme fram TIX til Eurovision. At ein er meir gjerrig på stjerner når ein skal vurdere populærkultur er interessant, fordi det gir uttrykk for at ein objektivt kan måle kunst. Ein ikkje kan forvente at ein skal kunne velje mellom kva som er best av hundekvalp eller pizza, fordi dei er heilt forskjellige frå kvarandre. På same måte gir det ikkje meining å vurdere karaoke-vennlege hits med eksperimentell avantgarde progjazzfusion, fordi desse har to heilt ulike formål å oppfylle. Eg lurer berre på om eg kan få lov til setje pris på begge.

Skribent